đŸŒČ Skogen pĂ„ kroppen – gĂ„ve frĂ„ naturen 🎁

đŸŒČ Skogen pĂ„ kroppen – gĂ„ve frĂ„ naturen 🎁

Det er noko heilt eige med Ă„ fĂ„  Skogen pĂ„ kroppen. Berre tanken gjer meg glad. Duftene av einer, furu og eukalyptus stig opp i dusjen og fyller rommet med rein, frisk natur.  

Vil du prĂžve den vilt deilige Skogen pĂ„ kroppen og? Denne veka fĂ„r du eit  gratis reisesett med mini SkogssĂ„pe og mini Sjampo med ville urter  nĂ„r du handlar for over  650 kr!

Kaia nyter eit deilig elvebad med sjampo og skogen pĂ„ kroppen đŸ€©

Eg mĂ„ berre prĂžve Ă„ skildre duften som fyller panner og hus nĂ„r me koker einer, og som til slutt nĂ„r flasker som blir sendt til folk i heile landet og som gjer den sĂ„ vilt populĂŠr. NĂ„r eineren kokar, fyller duften heile huset med ein aroma som er vanskeleg Ă„ skildre perfekt – men som er lett Ă„ elske djupt – djupt slik eg innhalerer nĂ„r eg tek lokket av pannen. 
 
Det er som om  frisk fjelluft, grĂžne nĂ„ler, blĂ„ einebĂŠr og solvarm harpiks mĂžtest i same pust. Du kjenner den  krispe, klare og oppkvikkande  duften – som eit kjĂžlig pust frĂ„ fjellet, eller som ein slurk iskaldt vatn pĂ„ den lange turen.

Samtidig er einerduften  jordnĂŠr og treaktig, med eit hint av krydra varme som gjer den bĂ„de  beroligande og oppkvikkande pĂ„ same tid. Ho gir deg fĂžlelsen av Ă„ stĂ„ midt mellom mosetrestubbar og frisk vind – den fĂ„r deg til Ă„ puste djupare, stĂ„ stĂždigare og smile kjem garantert fram – og det djupe gode sukket. 

Dette er duften av skog som lever. Av frisk luft, treverk og kraft. Og det er akkurat den duften som gÞymer seg i kvar flaske Skogen pÄ kroppen.

FrĂ„ skog til sĂ„pe – ekte handverk med rĂžter og historie 
Einerbuskane veks berre nokre hundre meter frĂ„ tunet vĂ„rt. Me gĂ„r dit til fots – eller pĂ„ ski nĂ„r snĂžen ligg djup – og klypper av dei nydelege greinene som sĂ„ fĂ„r putre lenge i smĂ„kokande vatn. Etter koking trekker einerteen vidare over natta og fyller huset med vilt deilig duft. Slik blir det til den  kraftfulle einerlĂ„gen  som utgjer hjartet og basen i Skogen pĂ„ kroppen, vĂ„r populĂŠre skogsĂ„pe.
 
NĂ„r eg lĂžftar lokket av panna og den friske duften stig opp, blir eg salig. Det luktar som Ă„ puste inn sjĂžlve livet – det er nesten som eg fĂžler meg som ein del av skogen og av endelaus historie - og eg veit at me held ein gamal tradisjon levande. 
Fyller korga med einer 💚 

📜 Ei lita historie frĂ„ garden
 
Oldefar  Brynjulv  brukte eineren til  þlbrygging  her pĂ„ garden – slik mange gjorde fĂžr i tida (og no der tradisjonar lever i beste velgĂ„ande). EinerlĂ„g gav bĂ„de smak, kraft og rens til brygget.

I generasjonar har altsĂ„ eineren vore brukt her hjĂ„ oss – fĂžrst til Ăžlbrygging, sĂ„ til hĂ„rvask og hudpleie, og no sender eg sonen min  Emil pĂ„ Ăžlbryggekurs – sĂ„ sirkelen blir komplett! 💚 

Tenk det, at den same planten som oldefar brukte i bryggekjelen i eldhuset, no blir brukt i dusjen til Ă„ rense, heile og pleie. Naturens sirkel – heilt ekte og heilt Vossabia. 

✹ 5-i-1 – eit lite under frĂ„ skogen

Det mange ikkje veit, er at Skogen pĂ„ kroppen er ei vill og velduftande 5-i-1-sĂ„pe!  Du kan bruke den som:

đŸŒČ KroppssĂ„pe – frisk, rensande og balanserande – og mjukgjerande
 
💧 IntimsĂ„pe – perfekt pH og naturleg mild
 
💆 Sjampo – gir glans, styrke og frisk hovudbotn. Varier med Sjampo med ville urter
 
🌿 Balsam-effekt – mjukgjer utan Ă„ tynge hĂ„ret
 
🌾 AnsiktssĂ„pe – reinsar, fjernar sminke og smuss, god mot kviser, og held pĂ„ hudas naturlege fukt

Den rensar grundig – men etterlet huden mjuk, balansert og med naturleg fukt bevart. 
I motsetnad til dei fleste sÄper som tÞrkar ut, sÄ gir denne huden ein frisk glÞd, fuktar huden og gir hud og kropp ein lukkerus. 

💚 Einer – skogens apotek 
 
Einer er ein ekte multikunstnar! Busken har vore brukt i over  3000 Ă„r  i folkemedisin og til skjĂžnnheit – frĂ„ oldtidens Egypt til norske stĂžlar og stover. 
Her er noko av det einer gjer for deg: 
 
🌿 Reinsar og balanserer huden – perfekt for urein hud og kviser 

✹ Fþrebygger tilstopping av porer – og reduserer overflþdig talg – perfekt for kvisehud 

💧 Bevarer hudas naturlege fukt – utan Ă„ tĂžrke ut 

đŸŒČ Antibakteriell og antiseptisk – reinsar utan Ă„ irritere 

💆Mot flass og irritasjon i hovudbotn – gir frisk og blank glans
 
💚 Stimulerer sirkulasjonen og sinnet – du kjenner deg lettare, gladare og meir opplþfta
 
Det er som Ä fÄ eit lite stykke naturmedisin i kvar drÄpe sÄpe.  


Ei duft som lĂžftar og gjer enormt godt

Duften av einer, furu, eukalyptus og eit hint av frisk sitrus gir bÄde ro og energi pÄ same tid. Og denne sprÞtt deilige duftsamansettinga er ein av hovudgrunnane til at kundar er ville etter Skogen pÄ kroppen!
 
SĂ„pa er knalloransje – farga av einerlĂ„gen som blir oransje etter lang koking – og aromaen stimulerer. Ei sanseoppleving du sjeldan opplever i dusjen.  

Einerduften er verkeleg noko heilt for seg sjĂžlv –  klar, frisk og opplĂžftande som ein fjellbris, men samstundes  varm, treaktig og trygg. Du kjenner at den har det reint grĂžnne i seg, men ogsĂ„ det levande, harpiksaktige som minner om ved og varme. 

Det er ein duft som  vekker kroppen, men roar og lĂžftar sinnet. Det verkar som eg tek hardt i her no, men Ă„ stĂ„ i dusjen med  Skogen pĂ„ kroppen  er altsĂ„ ei oppleving i seg sjĂžlv – eit lite skogsbad heime i dusjen.  

Dusjfavorittar â˜ș

Skogens heltar – komplett einerkolleksjon 🌿
 
Viss du no vart gira pÄ einer du og, og vil ha endÄ meir einer i livet ditt sÄ kan eg tipse om heile einerserien vÄr: 
 
💚 Kroppsbalsam – mjukgjerande og styrkande urtepleie frĂ„ topp til tĂ„, med ville urter frĂ„ garden og einer eterisk olje 
 
đŸŒČ Skog deodorant – frisk og naturleg antibakteriell, med diskret og deilig einerolje 

🌿 Sjampo med ville urter – med einebĂŠrolje og viktige ville vekster som fĂ„r den til Ă„ skille seg frĂ„ alle andre sjampoer 

🧡 Skogen pĂ„ kroppen – hjartet av heile einerserien 

Skogens heltar i sitt rette habitat 😉


🎁 Ei gĂ„ve frĂ„ skogen  
Denne veka feirar me altsÄ skogens gÄver med ei gÄve frÄ oss:
 
👉 Fyll handlekorga til 650kr  i nettbutikken, legg til eit reisesett med mini Urtesjampo og mini SkogssĂ„pe   og skriv  SKOG  i rabattkodefeltet i kassen – sĂ„ fĂ„r du reisesettet heilt gratis!
 
Perfekte smÄ flasker Ä ha med pÄ tur, i treningsbagen, gymbagen, pÄ hytta og helgeturen. Og fyll pÄ dei om att og om att med dei store flaskene, sÄ har du same flaska lenge. 
 
Tilbodet gjeld ut veka, til og med sĂžndag 2. november

đŸŒČ Ta skogen med deg i kvardagen
 
For meg handlar Vossabia om Ă„ leve med naturen, ikkje berre av den. NĂ„r eg stĂ„r og haustar einer i snĂžen nĂ„r vinteren kjem snart, dĂ„ kjenner eg skikkeleg tydeleg kor utruleg sjenerĂžs naturen er – og kor fint det er Ă„ vere ein del av denne sirkelen. 

SĂ„ pust djupt inn neste gong du dusjar – og kjenn: 
Du har verkeleg  Skogen pĂ„ kroppen 💚 

Helsing frĂ„ Renate og Vossabia-teamet 🐝💛 
Dronningbia 🐝 i Vossabia