✨ Sesongstart for skule, barnehage og… LUS!

✨ Sesongstart for skule, barnehage og… LUS!

Helledussen! Jonatan har no gått ei veke på skulen 🎒 Og så, sikkert som banken: «Luselappen» kjem nok snart frå skule/barnehage. Og kanskje finn du lus på akkurat din håpefulle lillegull.

Den stolte guten vår som er fyrsteklassing og no starta på Bulken skule! Han har gleda seg sånn, lenge! Og han er så glad for å ha fått nye vener, lært bokstavar alt, vore på uteskule, bygd demning (og blitt gjennomvåt, sjølvsagt 😅). Ein ny fase for både han og oss foreldre – kjekt og rørande!

Jonatan på fyrste skuledag

Men skulestart betyr òg lusesesong.

Men, visste du at du kan prøve 100% naturlege urtemiddel i kampen mot den kløskapande, blodsugande lille lusebæsjen (som Jonatan ville sagt, for han seier bæsj i annakvar setning for tida)? 😉

Les vidare – så får du nytt spennande pakketilbod med gåve på kjøpet, tips, oppskrifter og våre beste produkt til skulestart og haust 🍁 

Lus hatar lavendel! Eg elskar lavendel. Sjekk kor fin den er i hagen min! 💜

🦈 Lus er som små haiar...

Lus luktar menneskeblod, akkurat som haien gjer – og sjølv om haien ikkje angrip så fort som me innbiller oss, så gjer lusen det!

Når den luktar deilig blod, og eit hode med hår er i nærleiken, ja då går den ikkje, den spring mot nye hovud så fort dei får sjansen. Dei har ein super luktesans altså, MEN: du kan bruke luktesansen deira mot dei!  

👉 For lus hatar duftene av tea tree, lavendel, sitrongras, rosmarin og eukalyptus blant anna. For oss luktar desse oljane nydeleg – for dei er det krise.

Så i tillegg til masse kjemming av håret med lusekam, så er det supersmart å ta i bruk desse naturlege tipsa for å bli kvitt krypa! 

🎒 Nyheit: Skule- og barnehagekit - med gåve på kjøpet ut august!

Sjekk dette nye pakketilbodet, der du ut august får ei lita gåve i kampen mot lus! 😘

Eg har snekra saman eit deilig kit for dei små og noko større gullene våre, som er perfekt med alt dei treng i skulekvardagen og i barnehagen. 

Etter tre ungar i barnehage og skule veit me kva som funkar – og kva som ALLTID trengst:  

  • Mini Ringblomstsalve (skrubb, sår, eksem) 
  • Mini Panterbalsam (tett nase, hodepine, myggstikk) 
  • Mini Kuldekrem (kald vind og uteliv) 
  • Myntelepper (tørre lepper, munnsår) 
  • Mini Skogen på Kroppen (byt ut uttørkande såpe med denne, ha i gymbagen) 

Alt får du samla i eit fint, gjenbruks Vossabia-nett i kul farge!

OG SJEKK: for å feire sesongstarten så har eg laga ei lita GÅVE til alle som kjøper denne pakka dei neste dagane! 

🎁 Give away: Lusestille - naturleg olje mot lus!

Kjøper du Skule- og barnehagekitet i august får du med den spennande nyskapinga eg har laga, som førebels ikkje er å finne i nettbutikken, men kun som gåve nokre dagar.

Den inneheld kun planteoljer som har lang erfaring med å vise at dei knekker krypa i håret!

Kokosolje kan kvele lusen og dei eteriske oljene tek knekken på egg og lus. Tea Tree olje har ei av hovudrollene, les nedanfor kvifor!

Det nye produktet Lusestille er enn så lenge berre å få som gåve dersom du bestiller skule- og barnehagekit innan søndag 31.08.

🌸 Lusestille – naturleg olje mot lus

Tea tree – kraftfull beskytter: mot lus, egg, flass og kløe.

Lavendel – ro og vern: effektiv mot lus saman med tea tree, mild og beroligande. 

Eukalyptus – frisk styrke: reinsar, oppkvikkar og avskrekkar lus.

Blue Tansy – mild ro og sterk hodebotn: lindrar kløe og raudheit, styrkar hovudbotn og har ei duft som lus ikkje toler.  

Bruk slik:

Førebyggande: nokre dråpar bak øyrene og i hårfestet før skule/barnehage 

Behandlande: drypp i hårbotn, masser inn, la vere i over natta (dusjhette anbefalt), kam håret morgonen etter. Gjenta fleire gonger i veka.

🍃 Tea tree - superkraft for hår og hovudbotn

Tea tree-olja, utvunnen frå blad av Melaleuca alternifolia, er ein av dei mest brukte eteriske oljene i hårpleie verda over.

Den er kjend for sine kraftfulle, naturlege eigenskapar og har i studiar vist seg å vere nyttig både mot lus, flass og irritert hovudbotn. 

🌟 Kvifor er Tea tree med i Lusestille?

  • Mot lus: Tea tree er ein kraftfull beskytter mot lus, egg, flass, kløe. Kan hjelpe til å drepe lus og egg, og er i studiar vist å vere meir effektiv enn fleire apotekprodukt – særleg saman med lavendel og eukalyptus.
  • Mot flass: Reduserer soppsopp-relatert flass og irritasjon. Ein studie viste at ein 5 % tea tree-sjampo kunne minske flassplager med 40 % på fire veker.
  • Lindrar kløe: Har antiinflammatoriske eigenskapar som roer ned rødhet, irritasjon og kløe i hovudbotnen.

💡 Tips i lusetida: Bland nokre dråpar eterisk Tea tree-olje i sjampoen for dagleg pleie. 

⚠️ Hugs alltid: Tea tree må brukast utblanda, og testast på hud først for å sjå om den tolererast.

💙 Blue Tansy - den blå hemmelegheita i Lusestille

Ein av ingrediensane som gjer vår nye luseolje heilt spesiell, er Blue Tansy (Tanacetum annuum) – den vakre, djupt blå olja frå Middelhavet. 

🌟 Kva gjer den? 

  • Hudvenleg: Beroligande og pleiande for sensitiv hud og hovudbotn.
  • Lindrar irritasjon: Kan roe ned rødheit, kløe og tørrheit.
  • Avskrekkar småkryp: Aromaen er søt og blomstrande for oss – men forstyrrande for lus og insekt. 
  • Velvære: Nydeleg duft som verkar roande og gjer ein følelse av harmoni.

✨ Blue Tansy er ein av dei mest ettertrakta eteriske oljene i verda – og me er så stolte av å ha den med i vår eksklusive gåve Lusestille.

Hugs: Kjemming av håret er alltid nøkkelen – men oljene gjer jobben mildare og meir effektiv. 

🍋🌿 Vossabias lusevidunder – Sitrongras hårserum 

Eit av våre mest populære produkt har og ei superkraft mange ikkje veit om! Denne nydelege hårolja vår er suveren til å pleie hår og hodebunn, få bukt med flass, roe ned krusete hår og gje glans og styrke.

Men, så er den også full av olje som LUS HATAR! Hei hei, er ikkje dette genialt gode nyheter? 

  • Sitrongras: frisk duft lus ikkje toler, som og gir glans, og funker mot flass
  • Eukalyptus: oppfriskande, rensande OG eit mykje brukt naturleg lusevern 
  • Rosmarin: tradisjonelt brukt mot lus, stimulerer og hårvekst  

Ylva elskar Sitrongras hårserum til sitt nydelege tjukke hår, men lusen avskyr den! 

💡 Tips: Førebygg mot lus ved å massere nokre dråpar Sitrongras hårserum i hårfestet bak, rundt øyrene, og dra forsiktig ut små mengder i håret etter vask – frisk, blankt og lusefritt hår til heile familien! 
 
Perfekt til dagleg for ungane før dei går på skule/i barnehagen. Prøv også om natta ved å massere inn litt meir i hodebunn og hår og sov med det for å gje håret ein kur, og samstundes kvele eventuelle lus.

💧 Oppskrift: lag din eigen lusespray

Har du ein liten Gjer-Det-Sjølv i deg, så er dette eit lite tips til å ha klart på sprayflaske framover:

  • 1 dl vatn eller eplecidereddik 
  • 1 ss aloe vera-gel (valfritt)
  • 15-20 dråpar eteriske oljer (t.d. tea tree, lavendel, sitrongras, rosmarin)
Spray lett over hår og bak øyrene før barnehage/skule. Enkelt, naturleg – og lusa snur i døra 🐛

Så då er det berre å krysse fingrane for nye vener på skule og barnehage, mykje moro  – og ingen lus i sikte! 😉

 

Varme helsingar frå oss i Vossabia 🐝 🌸
P.S.: Gåva Lusestille følgjer berre med ut august