Naturleg Solkrem☀️ Verda rundt!

Naturleg Solkrem☀️ Verda rundt!

Akkurat mens eg satt å planla nyhetsbrev, så dukka det opp ei anbefaling heilt frå Mauritius. Fekk veldig lyst å dra dit no, men så er det jo ein trøst at solkremen eg har laga er der i alle fall 😉
Sjølv brukte eg den heile tida på Kypros no nylig. Der møtte me og ei dame som ikkje tålte nokon solkremer på markedet, men Vossabia går så fint og beskytter så bra!❤️

Og her heime i Norge nærmer det seg vår og påske 🐣 Og då er det SÅ godt å ha ein trygg og sunn solkrem som beskytter mot sola ved å bremse både UVA- og UVB-stråler med naturleg, fysisk solfilter: 💫solstrålene kjem ikkje gjennom huden, men blir reflektert og spreidd ut att, og dermed beskytter huden godt. I tillegg gir ☀️🐝Vossabiasolkrem næring og pleie frå økologiske superingrediensar som tindved, ringblomst, sheasmør, kokosolje og jojobaolje, saman med den fantastiske bivoksen.

Mange har i over 15 år (!) meldt om at solkremen beskyttar meget godt, men og at soleksem blir borte, svie, rennande auge og andre plager ein kan oppleve med kjemiske solkremar. ❤️ Og så er jo eg veldig glad for alle dei sunne sakene folk får i seg når dei smører denne på born og vaksne også 😊

Kvifor naturleg solkrem?

For di- og miljøet si helse!

Konvensjonelle solkremar med kjemisk filter har i mange studier synt seg å ha skadeleg innhald for både folk og miljø. Det er faktisk forbudt på Hawaii, på grunn av skaden det gjer på korallreva! Kva då med helsa til oss menneske, dyreliv, fisk og anna i miljøet og kretsløpet som får i seg restar frå dette?

I naturlege solkremar får du fysisk beskyttelse (som kjem anten frå sinkoksid, eller titandioksid som me brukar), og det er nevnt i fleire studier dei siste 15 åra, som dei einaste trygge og sunne solfilter for folk og miljø, inkludert i ein rapport frå det amerikanske helsedirektoratet FDA (2019).

Eg brenn verkeleg for dette med trygge solkremar, og er så sjokkert over innhaldet i “vanlege” solkremar, og når FDA som den autoriteten dei er, også skriv under på det, synest eg det er rart at det ikkje blir forbudt med kjemiske solkremar.

 Vossabia solkrem: Bra for folk og miljø! 🌼🐝🌍

SPF – faktor

Me har i over 15 år tilbudt mineral solkrem med «kun» faktor 10 og 20. Mange spør om kvifor me ikkje har faktor 30 og 50, då det er det ein trur ein lyt bruka for å unngå å bli brent og skada i huden. Med vår erfaring over 15 år, som også er kombinert med kontinuerlege studier av rapportar om solkremar, så er eg overtydd om at faktor 20 er meir enn nok og det skadar ikkje korkje folk eller miljø.

Fleire har kome med tilbakemelding på at faktor 50 med kjemisk solfilter har gitt solbrent hud, medan vår faktor 10 har hela huden, OG beskytta vidare utan konsekvensar som solbrent hud. Og dette er kvart år vår eigen erfaring også. Eg brukar faktor 20 på vinterbleik norsk hud i påskefjellet i sol og snø, og utover vår og sommar held faktor 10 for min hud.

☀️Så, beskytter då mineral solkremer betre?

Mineral solkrem beskyttar på ein annan måte enn kjemisk solkrem. Fysisk mineral solfilter hindrar UVA og UVB i å trekke inn i huden, slik det gjer med kjemisk solkrem. Mineral solkrem som me tilbyr, beskytter også umiddelbart etter påføring, det gjer ikkje kjemisk solkrem.

Mange trur at faktor betyr at beskyttelsen aukar proporsjonalt med talet på faktoren, altså at ein SPF 50 beskyttar meir enn dobbelt så mykje som faktor 20. Det er ikkje tilfelle i følge den litteraturen og rapportar eg finn, for eks frå EWG – Environmental Working Group som er ein internasjonal uavhengig forskingsgruppe som spesielt arbeider med solkrem,

Ein solkrem SPF 15 blokkerer ca 93% av UVB-strålene, SPF 20 blokkerer ca 95% av solstrålene, SPF 30 97% og SPF 50 98%. Så, i motsetnad til kva mange trur, så er den ekstra beskyttelsen minimal, så for meg, og mitt alltid prioriterte helsefokus, betyr innhaldet i solkremar meir enn ein høg faktor (som og kan gje ei falsk kjensle av beskyttelse, viser fleire studier).

referanse: https://medical.mit.edu/ask-lucy/2018/07/burning-question

referanse: https://medical.mit.edu/ask-lucy/2018/07/burning-question

Desto høgare faktor, desto større sjanse for at solkremen inneheld kjemiske ingrediensar som er uheldige, og moglegvis skadelege for deg og miljøet. Solkremar med faktor over 30 må innehalde kjemisk solfilter og ingrediensar som har synt seg skadelege (hormonforstyrrande for folk og øydeleggande for korallrev blant anna), og når ein er oppe i faktor 50 er innhaldet av desse skadelege stoffa desto større og meir konsentrert.

Det som mange forskarar ser som meir viktig enn høg faktor er at ein smører nok solkrem på. Smører ein for lite på så reduserer ein det reelle SPF-nivået. Så hugs å smøre nok på, og gjenta etter nokre timar, eller aller helst ta pauser frå soling om ein er i sterk sol i mange timar. 

Som eit siste poeng vil eg framheve at EWG meiner det bør bli fullstendig stans i salet av solkremar med høg faktor. Hawaii har forbudt solkremar med kjemisk solfilter. Australske styresmakter har satt eit tak på SPF 30. Og eg får høyre kvart år kor mykje friskare folk er i huden med sunne ingrediensar med vår solkrem og folk unngår solbrenthet med våre heller lave faktorer 🌼🐝🧡

Så av desse grunnar så tilbyr me Vossabia solkrem faktor 10 og 20, og dei er ein kjærleg og kunnskapsbasert miks av økologiske supre planteoljer, plantesmør og bivoks i tillegg til mineralsolfilter. Me vil at du skal oppleve beskyttelse og pleie og misjonen vår er å tilby ein sunn og bekymringsfri solkrem!

P.S. opplever du å få gulaktig flekk på kvite klær pga solkremen, sjå vasketips:

Fukt flekkene med litt lunka vatn, ta fram natron og gni natron godt inn på flekkene, vask som vanleg. Simsalabim! 

Helsing Vossabia 🐝💛