Noha – frå traumer i Kairo til sjelero på Voss

Noha – frå traumer i Kairo til sjelero på Voss

(Noha og eg heime på garden på Voss. Fotograf: Vidar Herre)

Noha el Ostaz var den fyrste som politimelde seksuell trakassering i Egypts historie. Ho har også kjempa i gatene under den arabiske våren og revolusjonen som herja frå 2011. Ho har opplevd valdeleg politi, blitt gassa på gata, blødd svart menstruasjonsblod pga politiets gassinger,, og kjent på frykt for å bli henta heime av militærpoliti. Kampen for rettferd har kosta. På Voss og i naturen fann ho att livslysta og energien.

I Egypt vart Noha kjend i 2008 for si modige framferd. Det starta ein vanleg junidag, då Noha og ei anna felles veninne av oss gjekk gjennom ein bydel i Kairo. Brått var det ein mann som lente seg ut av den saktekøyrande bilen og grabba tak i brystet hennar.

Han heldt eit fast grep medan han køyrde framover, så ho fall overende. Det var svært valdeleg og nedverdigande, og mannen berre lo av ho då ho låg der på bakken. Då vart Noha rasande og bestemte seg for at dette skulle han ikkje sleppa unna med.

Noha tok tak i mannen, og etter mykje motstand frå fleire som blanda seg inn, klarte ho, med hjelp frå fleire andre, likevel å slepa han med seg til ein nærliggande lokal politistasjon. Politiet prøvde å snakka ho vekk frå å melda det, og sa det burde vera nok at han sa unnskyld, og om det var så gale så kunne dei ta han med på bakrommet og trakassere han litt, slik at dei vart skuls. Noha vart sjokkert og sint, noko så grusomt å seie. Politiet nekta å gjere noko og ville ikkje køyre han til hovudpolitistasjonen, Faren til Noha kom, og dei tok mannen med i bilen inn til hovudpolitistasjonen. Han vart anmeldt etter den nye loven om seksuell trakassering, og saka kom for retten, og mannen vart dømt til fengsel. Det var fyrste gongen i Egypt at nokon vart dømt til fengselsstraff for seksuell trakassering. Noha bana vegen og kom i alle medier som den fyrste som nokon sinne hadde anmeldt nokon for seksuell trakassering i eit land der dette skjer heile tida.

- Eg ynskte å utfordra tabuet som seksuell trakassering er. Dette er noko svært mange blir utsette for i Egypt, men som kvinner ikkje skal snakka om, fordi det er deira eiga skam. Men eg kunne ikkje akseptera det. Etter at ho brøyta veg har mange kvinner kome etter og stått opp for seg sjølv og anmeldt trakasserande adferd.

Denne sterke og tøffe kvinne vart eg kjend med i 2006 då eg fekk tips om å hyre ho til å bli med meg på mine forskingsintersvju heime hjå ultrafattige kvinner og familiar i ulike slumstrøk i Kairo. Eg arbeidde med doktorgraden min i historie (og bygga opp Vossabia ved sida av), og Noha vart med meg som tolk til familiar eg hadde tilgang til, i nabolag som låg heilt utanfor resten av samfunnet. Det var dei usynlege ultrafattige, dei som fell mellom alle stolar, der bistand ikkje når fram, dei utan id-kort, utan offentlege tenester og utanfor vanleg arbeidsliv. Det er ein type fattigdom du ikkje kan førestilla deg, og Noha vart sjokkert over korleis menneske kunne leva i hennar eigen by. Me vart raskt nære venninner, og venskapet vart spesielt djupt etter alle traumatiske livshistorier og skjebner me fekk sjå, føle og høyre om saman.

Eg har reist veldig mykje til Kairo, og tok også med meg ungane på besøk for å vise kva mamma jobba med, ved sida av Vossabia, gard, bier og blomar. Dei føler Noha er som ein del av familien, og det er ho jo og.
På bilete tre stykk jenter ved biblioteket i Alexandria: Noha, Renate og Ylva. Fotograf: Emil, då 6,5 år.

Noha har ei mangfaldig utdanningsbakgrunn, med fyrst juss og deretter kunst og film som er det ho har jobba mest med. Dei seinare åra har ho arbeidd som dokumentarfilmskapar, og noko av det fyrste ho gjorde var å laga film om fattigdom i nabolag liknande dei som eg hadde forska på.

Ho deltok også aktivt i demonstrasjonar under den egyptiske revolusjonen i 2011. Det var brutale og omveltande tider, med mange sterke krefter laus.
Alle dei sterke og fæle opplevingane i tillegg til møte med fattigdom og naud gjennom filmarbeidet, tappa Noha for energi og livskraft. Då ho kom til Noreg i 2016 hadde ho både stress, tunge tankar og hjartemedisin i bagasjen. Og ho kvidde seg for å vera til byrde.

Etter ein månad i Norge, mykje lenger enn planlagt, hadde naturen fått virka lekande og helande på ho. Dei tunge tankane slapp taket. Ho fann tilbake til seg sjølv, ho fann att gleda. Som ho sa: «Naturen her og det vakre i folk sine hjarte har vekt meg til live att. For kva er det folk er på leiting etter, her og andre stader? Det er det same overalt. Me ynskjer oss trøyst, sjelero og gode opplevingar.»

Noha har også vore viktig for meg når det gjeld å kome i kontakt med egyptiske produsentar av naturprodukt til kroppen. På Sinai møtte eg dyktige Hisham som driv Back to Nature, ei flott butikkjede som produserer salver og såper slik eg gjer.
Me har hatt gode fagsamtalar, og utveksla erfaringer, og eg har gjennom han og Noha fått tak i fantastisk jasminolje frå Egypt. Det har dessverre vore vanskeleg å få tak i den på ei stund, men no har Noha fått tak i ein ny behaldning frå produsent, så om eg berre får tatt meg ein tur til Egypt, eller møtt ho ein annan stad, så skal det igjen bli fantastisk deilig Deodorant med Jasmin frå Egypt, samt Hårserum med jasmin, som mange etterlyser. I mellomtida er det heldigvis mange andre gode deodorantar å nytte og nyte, og så er det jo no to nye typar hårserum med Rosmarin og Sitrongras blant anna. Men, altså, Noha og eg jobba først i lag i slummen med viktig forskingarbeid, og no i seinare tid, når historieforskinga mi måtte vike for Vossabia og havna i skuffen, så er ho med på laget med Vossabia. Det likar eg! Så det er klart eg må ha ein bit av Egypt med i Vossabiaprodukta!