Gi kroppen omsorg. Også brysta 💛

Gi kroppen omsorg. Også brysta 💛

Kvinnekroppen i fokus. Men mannfolka og den komande farsdagen er ikkje gløymde 😉🎁

Ta på deg sjølv. Også brysta. 💛

Så, la oss no snakke om bryst. Og brystmassasje!
Å ta seg tid til å gje brysta regelmessig omsorg burde vere heilt grunnleggjande kunnskap om kvinnekroppen.
​
Men kor mykje lærer me eigentleg om det? Brysthelse blir gjerne først eit tema når nokon er urolege for noko. Elles kan åra gå utan at brysta får særleg merksemd. Ikkje nødvendigvis fordi me forsømer oss sjølve, men fordi ingen har lært oss å sjå, kjenne etter og bli kjende.
Og berre så det er sagt: Menn har sjølvsagt òg bryst, og bør vere like merksame på endringar i dei! 😉💚
​
Men i dag vil eg først og fremst vende meg til oss kvinner, og snakke om brystmassasje, eigenomsorg og korleis me kan bli betre kjende med vår eigen kropp. 💗🌸

💚 Og apropos mannfolka – me må ikkje gløyme farsdagen!

​
For det er jo farsdag 8. november! 🥰 Og eg veit at mange av karane våre er minst like glade i gode salver og naturpleie som me damer, sjølv om ikkje alle snakkar så høgt om det! 😉
Me har laga ein mannepakke med tre av favorittane til karane våre:
​
Ringblomstsalve, Panterbalsam og Skogen på kroppen.
Ei lita gåve med masse omsorg, rett frå naturen på Voss! 🌲🐝
🎁 Ta ein titt på mannepakken!
Spar 120,00 kr
Mannepakken 🎁 - VossabiaMannepakken 🎁 - Vossabia
Mannepakken 🎁
Tilbud 599,00 kr Ordinær pris 719,00 kr
Gi kroppen omsorg. Også brysta 💛
Og no – tilbake til brysta. 💛
​
Brystmassasjekursa eg tok hjå ein massasjeterapeut for tretti år sidan, endra det for den unge Renate.

22 år og på brystmassasjekurs

​
Me sat i ein ring, unge og eldre damer, og lærte å massere våre eigne bryst. Eg hugsar at det var litt rart i starten. Eg var litt sjenert. Men så kjendest det ganske fort heilt naturleg.
​
Der sat me med ulike kroppar, ulike bryst og ulike liv. Og øvde oss på noko så enkelt som å gje oss sjølve omsorg med hendene, på ein ofte neglisjert del av kroppen når det kjem til å kjenne etter og gje eigenpleie.
​
Det var fint. Jordande. Og ganske frigjerande, faktisk. For kva er problemet? Det er jo vår eigen kropp!
​
Dette har følgt meg i rundt tretti år no. Gjennom ulike livsfasar, ungar, amming, arbeid og alt det andre som fyller eit kvinneliv. Kroppen har endra seg undervegs. Då er det fint å halde kontakten 😉
Gi kroppen omsorg. Også brysta 💛

Urtepleie handlar også om å lære å lytte

​
Brystmassasje med urteprodukta mine er ein naturleg del av eigenpleia mi. Som morgonteen eller trening eller tur i skogen. Det er eit av dei små rituala som hjelper meg å ta vare på kroppen og halde kontakten med den.
​
Noko av det eg er aller mest glad i med urtene, er nettopp korleis dei kan få plass i den daglege omsorga for oss sjølve. Me kan bruke dei til å pleie og mjukgjere huda, til gode dufter og varme bad, til små stunder der me stoppar opp og kjenner etter 🧡
​
For urtepleie heime handlar om meir enn sjølve urtene og det me lagar av dei. Det handlar også om å øve opp merksemda vår. Bli litt av ein sporlesar i eigen kropp!
​
Det gjer me jo allereie, ganske uanstrengt, gjennom dagen. Me merkar når me er varme eller kalde, svoltne eller trøytte, eller når musklane strammar seg.
​
Men me kan også gje eit bestemt område litt meir tid. Lytte med hendene 🙌
​
Når me så gir oss sjølve rom til å verkeleg kjenne etter i brysta, og sleppe til tankane og kjenslene som dukkar opp, får urtepleia ei djupare meining. Då kan ho bli ei kraftfull kjelde til ro, omsorg og kontakt med oss sjølve.
Gi kroppen omsorg. Også brysta 💛
Lymfestystemet i brysta

Bli kjend med varme og nysgjerrigheit

Eg las nyleg ein tekst om brystmassasje av ein urtespesialist som eg følgjer, og det var så fint å lese at ho hadde akkurat same fokus på brystmassasje som eg. Eg kjende meg så godt att i måten ho skildrar eigenpleie på: å bruke tid og berøring til å bli kjend med kroppen, og møte den med omsorg og nysgjerrigheit, og samstundes la urtene få påverke og styrke.
​
Brysta våre fortener fokus og nærleik, og eg har mine rutinar og mine favorittar som eg vil dele med deg.
Gi kroppen omsorg. Også brysta 💛

Kroppsbalsam med ville urter 🌿

​
Det er denne eg oftast brukar til brystmassasje.
​
Den glatte, mjuke og smidige konsistensen gir så nydeleg glid under hendene. Og så er det noko heilt eige med å smørje seg med ville vekstar frå bakkane her på garden. Ryllik, raudkløver og perikum som me har plukka og foredla, og som får bli ein del av ei roleg stund med eigen kropp.
Gi kroppen omsorg. Også brysta 💛
Eg varmar litt Kroppsbalsam mellom hendene, legg dei over brystkassa og tek nokre rolege pust før eg byrjar. Berre det å jorde seg og trekke ein djup og god pust gjer godt.
​
Så masserer eg på og rundt brysta 💛 Eg masserer brysta i sirklar med heile handa, begge samstundes. Først den eine vegen nokre rundar, og så den andre, akkurat slik eg lærte på kurset i 1996. Det var eit ritual massasjelæraren min hadde lært i India, og det funkar like bra i dag.
​
Så kjenner eg varsamt rundt heile brystet, område for område, som timane rundt ei klokke. Og kjenner etter, og registrerer bevisst. Eg tek meg og tid til sidene av brystkassa og området ved armholene.
​
Du treng ikkje ta hardt i. Dette skal vere behageleg 💛 Avslutt med å la hendene kvile eit lite augeblikk. Eit par minutt er nok.
​
Korleis kjennest det no?
Körperbalsam mit Wildkräutern - VossabiaKörperbalsam mit Wildkräutern - Vossabia
Körperbalsam mit Wildkräutern
TilbudFrå 155,00 kr
Gi kroppen omsorg. Også brysta 💛

Eller ta det i dusjen! 🌲

​
Eg synest også det er nydeleg å innimellom bruke Skogen på kroppen på brysta, og la hendene få litt betre tid enn under ein vanleg, kjapp dusj.
​
Behageleg varmt vatn, skogsduft og brystmassasje. For meg er det ein skikkeleg god kombinasjon når eg treng å lande litt. Skyl av såpa etterpå, og nyt gjerne litt Kroppsbalsam når du har tørka deg.
Gi kroppen omsorg. Også brysta 💛
Sensuell er også heilt nydeleg til massasje, den glir sjølvsagt veldig godt og held ei god stund på huden slik eg har laga den 😉
​
Vil du heller bruke olje, er urteblandinga i Rosmarin Hårserum ein favoritt for meg sjølv, når eg vil variere. Den er stimulerande og har ein heilt nydeleg duft av rosmarin, peppermynte og basilikum. Så han har fleire bruksområde enn berre å gje styrke og glans til håret! Det er berre å leike seg med produkta!
Gi kroppen omsorg. Også brysta 💛

Og så må me snakke litt om armholene!

​
Brystområdet og armholene er delar av kroppen der me har både lymfeårer og lymfeknutar. Det er også område mange knapt tek på. Dette er ein viktig grunn til at eg er så glad i dei smørbare deoane våre.
​
Det at du faktisk må smøre på deg deoen er eit veldig bevisst val frå mi side.
​
For då må du ta på deg sjølv.
Eg møter av og til folk som seier: «Men eg synest det er litt ekkelt å smøre meg under armane.» Då får eg lyst til å spørre:
​
Er du verkeleg ekkel under armane dine?
​
Eller har me blitt så vant med at eit produkt skal stå mellom oss og kroppen, at den direkte kontakten kjennest framand? Tenk over det: ein roll-on eller stick distanserer deg frå din eigen kropp, og det frå eit kjempeviktig område som treng sunne saker på huden, som treng at me kjenner og registrerer, og som har godt av å bli berørt.
Gi kroppen omsorg. Også brysta 💛
Eg tenkjer at kosmetikkindustrien gjerne kunne invitert oss til litt meir kroppskontakt, og ikkje gjennom sin emballasje gjere oss framande eigen kropp. Vossabia inviterer deg i alle fall til kroppskontakt og -kjennskap.
​
Med Vossabia deodorantar får dei følsame fingertuppane dine gjere jobben, og du får sjansen til nærleik med deg sjølv, og dermed og moglegheit til å nytte dei sekundane det tek å smøre armhola, til å observere og bli kjend med ho.
​
Eit lite halvminutt med kremdeo på rein, tørr hud. Smøre, kjenne etter og bli kjend med armhola si. Korleis kjennest ho vanlegvis? Er noko annleis enn før?
Gi kroppen omsorg. Også brysta 💛
For meg høyrer dette til den same tankegangen som brystmassasjen: å gje kroppen merksemd gjennom heilt vanlege kvardagshandlingar.
​
Så smør deg med glede og nysgjerrigheit. Armhola di er også ein del av deg 💛
​
Og P.S. har du restar av deo på fingeren, så hugs: det er ein god salve som du kan smøre restane av kvar som helst. Eg tek typisk restar på bikinikanten eller kvar som helst på kroppen.
Spar 46,00 kr
Mood Deoane 💫 – 4 Favoriten in Mini-GrößeMood Deoane 💫 – 4 Favoriten in Mini-Qualität - Vossabia
Mood Deoane 💫 – 4 Favoriten in Mini-Größe
Tilbud 374,00 kr Ordinær pris 420,00 kr

Kvinnekroppen – grunnkunnskap me fortener

​
Når me blir meir merksame på heile brystområdet, kan me også bli meir aktive i omsorga for eiga helse og sjå helse i heilskapleg perspektiv, slik eg alltid vil snakke om. Over tid lærer me korleis brysta våre vanlegvis ser ut og kjennest. Då kan me lettare merke om noko endrar seg eller ikkje kjennest som før.
​
Men brystmassasje treng ikkje først og fremst vere ei undersøking, eller noko du gjer med uro for å finne eit problem.
​
For meg er det eit omsorgs- og eigenpleieritual. Ei stund som gir ro, hjelper meg å sleppe litt av stresset og halde kontakten med kroppen gjennom dei ulike fasane i syklusen og livet.
​
Eg gir merksemd til brysta, brystkassa og armholene – heile dette området som også rommar viktige delar av lymfesystemet vårt.
Merkar du ein ny kul eller andre uforklarlege endringar, skal du få det vurdert av lege. Eigenpleie erstattar ikkje undersøking eller legeråd ved problem eller etter operasjon.
Så dette er den vesle oppmodinga mi til deg:
Neste gong BH-en går av, dusjen renn eller du opnar deokrukka: Gi deg sjølv litt tid.
Ta på deg sjølv. Pust. Ver nysgjerrig.
Me treng ikkje vere så framand for vår eigen kropp.
Renate Lunde

Varm helsing frå Renate 💛 Dronningbia 🐝 i Vossabia