Mannepakken 🎁 - Vossabia
Mannepakken 🎁 - Vossabia
Mannepakken 🎁 - Vossabia
Schnell
Lieferung
Sicher
Zahlung
Aktion
in Norwegen
Natürlich,
lokal

Mannepakken 🎁

Tilbud599,00 kr Ordinær pris719,00 kr
Spar 120,00 kr
VIPsKlarna Visum MasterCard Apple Pay Google Pay American Express
Schnell
Lieferung
Sicher
Zahlung
Aktion
in Norwegen
Natürlich,
lokal

Mange av karane våre er minst like glade i gode salver og naturpleie som me damer, sjølv om ikkje alle snakkar så høgt om det 😉 Her har me samla tre av favorittane deira: ei skogsåpe som gjer jobben frå topp til tå, ein kraftig urtebalsam for aktive kroppar og universalsalven som heile familien brukar. Perfekt til farsdag, bursdag eller berre fordi.

🌲 Skogen på kroppen 250 ml
Éi flaske til alt. Ei mild og dryg såpe med einerlåg, kokt på einer frå skogen vår, som du kan bruke over heile kroppen, også i intimområdet og i håret. Nydeleg skogsduft av furu og eukalyptus, med ein frisk tone av sitrus på toppen. Like god i dusjen heime som i sekken på tur eller trening.

🐆 Panterbalsam 15 ml
For karar som er glade i å vere aktive. Ein kraftig og varmande balsam med eukalyptus, rosmarin, kamfer og peppermynte som set fart på blodgjennomstrøyminga. Deilig å massere inn i stive musklar, nakke og skuldrer etter ein lang dag, ei treningsøkt eller ein tur i fjellet. Og så må me nemne det: kvart år får me mange tilbakemeldingar frå kundar som seier at Panterbalsam held mygg, knott og flått unna når dei er på tur! Difor er det mange som alltid har ei krukke i sekken 😉

🌼 Ringblomstsalve 15 ml
All hudpleia du treng, i ei lita krukke. Ein næringsrik universalsalve med ringblomst, tistelolje og lavendel som pleier tørr, sprukken og irritert hud, frå ansikt og hender til små kutt og skrubbsår. Og så er han heilt super til etterbarbering! Han roar og mjukgjer huda etter barberinga, og er ein klar favoritt blant karane våre. Superdryg, så litt rekk langt.

Ei lita gåve med masse omsorg, rett frå naturen på Voss! 🌲🐝

SKOGEN PÅ KROPPEN 250 ML - Mild og dryg skogsåpe med einer, furu og sitrus, til heile kroppen, intimområdet og håret.

PANTERBALSAM 15 ML - Kraftig og varmande urtebalsam med eukalyptus, rosmarin, kamfer og peppermynte, for aktive kroppar.

RINGBLOMSTSALVE 15 ML - Universalsalven til tørr og sprukken hud, småsår og etterbarbering.

For meir info om produkta, sjekk ut produktsida til kvart enkelt produkt.

Skogen på kroppen 250 ml: Bruk som dusjsåpe over heile kroppen, også i intimområdet, og som sjampo i håret. Ein liten klatt er nok, såpa er veldig dryg. Skyl godt etterpå.

Panterbalsam 15 ml: Massér inn i stive musklar, nakke og skuldrer før eller etter aktivitet. Han er også god å massere inn i tinningane og nakken når du har hovudpine. Litt er nok, balsamen er kraftig. Vask hendene etter bruk, og unngå augo og slimhinner.

Ringblomstsalve 15 ml: Smør eit tynt lag på tørr eller irritert hud, sprukne hender, små kutt og skrubbsår. Fin som dagkrem på ansikt og hals, og heilt super som etterbarbering. Salven er superdryg, så blir du klissete, har du hatt på litt for mykje 😁

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.
Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.

Skal pakken vere framme til farsdag søndag 8. november? Bestill innan måndag 2. november, så rekk han fram i tide.

Seit 2004 haben wir Tausenden von Menschen geholfen

Bereit, Vossabia auszuprobieren?

Versand ab Voss mit Bring

Bringen – Versand