Om gjestetunet

Her kan du komme aleine eller i følge og overnatte, eller ha ei full opplevingshelg med tema knytt til natur og kultur. I kårhuset Kveldsro fra 1917 er det plass til 10 personer i sjarmerande rom og komfortable senger.

I 1917 vart det arkitektteikna kårhuset ferdigbygd for bestemora på garden, mi tippoldemor. Gjestfridom og inkludering var essensen bak huset Kveldsro, og i dag er huset renovert med sjel og kjærleik for nettopp å gjenskape tippoldemors visjon. Vi gler oss til å ta i mot deg som vår gjest.

Vossabia gjeste- og opplevingstun ligg 12 km vest for Voss sentrum, på Bulken i retning Bergen. (sjå kart og detaljert vegskildring) Kun 3 minutts køyring frå E16 ligg tunet på ei vakker høgde midt i eit spennande natur- og kulturlandskap. Stølstunet Listre og urørte fjellområde ligg i gangavstand frå gardstunet, og kan by på rekreasjon, og spreke og sterke naturopplevingar. Garden vår Vethe byr med andre ord på direkte nærhet til flott kulturlandskap, nydeleg utsikt, vill natur og kjensla av å vere langt frå alt. I tillegg er garden berre 12 min frå Voss sentrum og dei tilbod som fins der.

Treng du ro, hente overskot eller stimulere sansane dine? Vossabia legg vekt på heilskaplege opplevingar knytt opp til velvære og pleie for den enkelte i tillegg til å stimulere til leik og læring med naturen som vår uavgrensa lærestad.

Vossabia gjeste- og opplevingstun held på å utvikle ulike opplevingspakker tilpassa dei ulike årstider med hovudvekt på å ta i bruk naturen og oppdage den med nye auge og perspektiv. Verkstadkurs, seminar og foredrag ute og inne er under utvikling, og i tillegg vil det bli velværeavdeling på garden med badstove, damp- og massasjedusj og det blir om kort tid mulighet for massasje og anna pleiande behandling med kun naturlege produkt laga på garden. Snart kan du kombinere eit deilig opphald i gode hus med opplevingar og aktiviteter; la Vossabia stimulere sansane dine!

Looking for something?

Use the form below to search the site:

Still not finding what you're looking for? Drop a comment on a post or contact us so we can take care of it!

Vossabia er medlem av

© 2009-2016 Vossabia - foto: Smistad Kommunikasjon Ltd.