Kamillebalsam 50ml

Kamillebalsam 50ml

Vanlig pris 250,00 kr På salg

Deilig krem for sensitiv, intolerant, hard og tørr, kløande hud. Eller som ein næringsrik 100 % naturleg nattkrem. Kamillebalsam er herleg mjukgjerande på spesielt hard hud, som til dømes hælar, og er difor ein meget populær fotkrem. Den glir lett og mjukar også godt opp ved ekstra tørr hud som ved psoriasis og atopisk eksem. Særs mange tilbakemeldingar på psoriasis, der kundar rapporterar at kløe forsvinn raskt, raudheit og tørrheit vert lindra og betra, og i tillegg er Kamillebalsam betennelseshemmande, bakterie- og soppdrepande. Kan brukast på mange område og plager som til dømes ulike typar kløe, fotsopp, vaginalsopp, augekatarr, ved kløande hovudbotn, solbrent hud, ved stikk og svie.Infor til kundar med psoriasis: ein mannleg kunde frå Hardanger har meldt om at han får dekka inntil 5000 kr i Kamillebalsam frå NAV for sin psoriasis etter at hudlegen har bekrefta i NAV-søknad at denne hjelper hans kraftige psoriasisplager.

Innhald: bivoks, kamilleurteolje, øko tistelolje, øko hampolje, lanolin, naturleg e-vitamin, eterisk olje av blå kamille.