
Hårserum - med nesle og jasmin
Vanlig pris
205,00 kr
På salg
Djupverkande pleie for hår og hovudbotn med nøye utvalde planter. Gir fukt, glans og demper krus.
Hårserumet er drygt i bruk, og kan brukast til hår, skjegg og hovudbotn, som dagleg pleie eller som hårkur i blant. Den er og deilig på huden!
Jasmin er kjend for å styrke håret og førebygger slitasjeskader som knekk i hårstråa, og jasminoljen er ein lett olje som verkar djupt inn i håret og tek vare på naturleg fukt og elastisitet. Jasmin er og antiseptisk og kan bidra til å styrke hovudbotn.
Brennesle frå garden er her brukt som tinktur i Hårserumet då nesle er kjend både for å motverke håravfall, men og mot flass og kløe i hovudbotn.
Bruk ved dagleg pleie:
Pump eit par tre sprut i handa, fordel i hand eller fingre og deretter påfør lett i tupper eller i hårlengdene (eller i skjegget).
Bruk som hårkur:
Ha litt større mengde i handa og dra oljen gjennom håret om kvelden, og la den ligge i gjennom natta før hårvask om morgonen. Dersom du vil ha varm-olje-behandling kan du ta ein liten mengde og varme oljeblandingen opp til litt meir enn lunka temperatur, og deretter ha i håret.
Bruk i hovudbotn:
pump ein sprut på finger, løft opp håret ved problemområde og smør inn oljeblandingen i hovudbotn. Eventuelt kombiner bruk som hårkur og hovudbotnpleie.
Innhald: *jojobaolje, squalane, *granatepleolje, *kokosolje, *kakaosmør, naturleg e-vitamin, jasminolje, *honning, **nesletinktur.
*frå økologisk landbruk
** frå ville vekstar på garden
Mengde: 30 ml
Haldbarheit: minst 12 mnd