Solbeskyttelse for HUD og HÅR: 15%: på Solkrem SPF 20 på pumpeflaske og Hårserum med naturleg solfaktor ☀️

Solbeskyttelse for HUD og HÅR: 15%: på Solkrem SPF 20 på pumpeflaske og Hårserum med naturleg solfaktor ☀️

Vanlig pris 430,00 kr 365,00 kr På salg

Er du og mykje ute i sola? Det er ikkje berre huden som treng beskyttelse på ein sunn og god måte, men også håret får køyrt seg i mykje sol. Så difor Solkrem OG Hårserum no i ei solpakke! 😁☀️🌼

Den herlege SOLKREMEN vår, utvikla med kun nøye utvalde ingrediensar i 2007 (etter å ha blitt overtydd av forskingsstudier om kor mykje crazy usunt for folk og miljø som er i konvensjonelle, kjemiske solkremar - den dag i dag). Så då tok eg saken i eigne hender, og det er ei glede av SÅ mange får stor nytte og glede av Vossabia solkrem på både solbeskyttelse (og blir gylden brune) og folk melder at soleksem, svie i auger, rennande auge, utslett mm blir borte. Naturen kan verkeleg fikse saker i sola også 💚 Les meir om solkremen på sidene for Solkrem faktor 10 og faktor 20. (P.S. med naturleg fysisk solfilter treng man ikkje så himla høg faktor, og høge faktor solkremar er dessuten heilt fullstendig FY her på garden pga deira innhald). Sunnare å smøre seg to gonger med sunne saker enn 1 gong med usunne saker...

SÅ: Hårserum med nesle og jasmin OG kokos! Sistnemnde vert rekna å ha naturleg faktor ca 4 i seg sjølv, og så er det resten av supermatinnhaldet i denne godsaken då! Fantastisk for hår og skjegg! Ut i sola? Ta ein par tre pump med Hårserumet i handa, dra det forsiktig og lett utover i håret, så beskytter du det fine håret ditt og! Les meir om Hårserumet på sida for produktet 💚

HEIDIS SUPERTIPS: 

Søstera mi Heidi ringte oppskjørta for ho hadde gjort ei stor oppdaging! Pump ut bittelitt solkrem og pump eit pump med hårserum oppå der, og så smør utover huden! Resultat: Solkremen lar seg smøre endå lettare utover, du blir overhodet ikkje kvit i huden, og viktigst av alt for Heidi: det blir glød og glans og berre deilig på huden! Eg har prøvd, og eg må innrømme at det er eit godt tips 🤩