Er du miljøbevisst og opptatt av eigen og andres helse og velvære? Er du opptatt av å gje gåver med meining? Ja, då er Vossabia sine 100 % naturlege hud- og kroppsprodukt godeDSC_2333 julegåvetips!

Me har tusenvis av fantastiske bier som lagar bivoks og honning frå det store mangfaldet av blomar på naturengene på garden vår, og desse utrulege råstoffa har me kobla saman med nøye utvalde urter for å få fram naturens eigne pleiande og velgjerande eigenskapar. Resultatet er ein serie med heilt naturlege og økologiske produkt som er mat for huden og kroppen – om du treng fuktigheit, mjukgjerande krefter eller hjelp med eksem, kviser eller kløande problem til dømes. Men det går veldig fint an å bruke Vossabia sin hudpleieserie berre fordi den er deilig på kroppen også :-) Og så er det jo fint å tenke på at du også bidrar til miljøet ved å unngå syntetiske kjemikalier både i forhold til di og jordklodens helse!

Julekampanjepakker:

Til KjærestenKroppsskrubb, Sensuell og Leppepomade for gode kyss! 550,-

Til Friluftsdama/typenKuldekrem, Leppepomade! 250,-

Til FamilienRingblomstsalve, Kuldekrem, Panterbalsam! 550,-

Til SmåbarnsforeldreBabysalve, Ringblomstsalve, Kamillebalsam! 600,-

Til DamaRingblomstsalve, Augebalsam, Leppepomade! 460,-

Til MannenSensuell, Krydra honningskrubb, Ringblomstsalve! 740,-

Til velværespesialistenSitrus- og honningskrubb, Kamillebalsam, Augebalsam! 710,-

Til den villeSensuell, Sitrus- og honningskrubb! 490,-


 

Den spennande butikken LAGA som fredag opna på Bjørkheim ved Samnanger – inngangsporten til Kvamskogen – får i dag Vossabiaprodukt i hyllene sine! På veg frå Bergen til Kvamskogen eller Hardanger? Sørg for å stoppe på den flotte butikken som har mange ferske kvalitetsvarer; halvparten av sortimentet LAGA dei driftige damene sjølve og resten LAGA andre, for eksempel Vossabia :-)

Andre butikkar som sel Vossabia: Patina på Evanger, Den Grøne Butikken på Voss, Myrkdalen Fjellandsby.


 

Velkomne til intimkonsert av det magiske slaget!! Berit Opheim og Kim André Rysstad syng Draumkvedet, for fyrste gong saman!! Dette skjer i middelalderhuset Steffaloftet hjå Vossabia, eit hus som er perfekt eigna for det visjonære Draumkvedet. “Det er som å ta Draumkvedet heim”, seier Berit Opheim om det å synge dette storslåtte diktet i eit rom meint for denne type musikk.

Om de vil reservera billett kan de gjera det anten her, på epost: renate@vossabia.no eller på tlf: 99 79 29 98.

Vegskildring frå Voss:
Det tek ca 13 min å køyre frå Voss til Vossabia på Væte.
Køyr E16 til du kjem til Bulken, ta av til høgre og følg skilt til Bulken (første til høgre). Følg så skilt til Vestbygdi (sving 180 grader til venstre ovanfor Bulken togstasjon) og køyr oppover 1 km til du kjem til kvitt gateskilt ‘Væte’. Ta av der, til høgre inn i gardstun, sving oppover, køyr vidare 900 meter oppover, og du er framme!

http://www.visitvoss.no/no/Vinter/Overnatting/Personlig-innkvartering/?TLp=456137&view=map


 
Kim André RysstadSteffaloftet

Kim André Rysstad og Steffaloftet

Velkomen til eksklusiv intimkonsert sundag 16. januar kl 19.00! Inngang 250,-

Dei to kjende kvedarane Berit Opheim og Kim André Rysstad syng for fyrste gong det storslåtte visjonsdiktet Draumkvedet saman. Deira urframføring saman av middelalderdiktet skjer i eit tømra hus frå middelalderen – så stemning og atmosfære vert magisk og intim.

Det er kun plass til ca 40 stk i huset, så gje beskjed om de vil reservere billett, eller ver tidleg ute.

For køyreskildring frå Voss til Vossabia, klikk her:

Vis større kart


 
Julegåvepakke frå Vossabia

Julegåvepakke frå Vossabia

Er du enno ikkje i havn med årets gåver kan Vossabia kanskje freiste med parabenfrie og 100 % naturlege produkt for nyte og nytte! Og fri frakt på alle bestillinger ut året!

Til KjærestenKroppsskrubb, Sensuell og Leppepomade for gode kyss! 480,-
Til Friluftsdama/typenKuldekrem, Leppepomade! 235,-
Til FamilienRingblomstsalve, Kuldekrem, Panterbalsam! 425,-
Til SmåbarnsforeldreBabysalve, Ringblomstsalve, Kamillebalsam! 530,-
Til DamaRingblomstsalve, Augebalsam, Leppepomade! 385,-
Til MannenSensuell, Krydra honningskrubb, Ringblomstsalve! 625,-
Til velværespesialistenSitrus- og honningskrubb, Kamillebalsam, Augebalsam! 585,-
Til den sarteKamillebalsam, Bringebærhonning! 230,-
Til den villeSensuell, Sitrus- og honningskrubb! 435,-


 
Side 5 av 9« Første...34567...Siste »

Looking for something?

Use the form below to search the site:

Still not finding what you're looking for? Drop a comment on a post or contact us so we can take care of it!

Vossabia er medlem av

© 2009-2016 Vossabia - foto: Smistad Kommunikasjon Ltd.