No nærmar den tida seg att – med stormskritt – sjølv om me eigentleg vil at det skal vere rolege dagar slik at me kan nyte førjulstida… Det er ikkje alltid lett å gjennomføre, men kanskje stemning og ro kjem på ein julemarknad nær deg? VossaBia ser i alle fall fram til kjekke dagar og helger rundt omkring, med hyggelege folk, deilig atmosfære og mange gode produkt som skiftar eigar!
DSC_1469
Her skal me framover:

23.11 – Skånevik, julemarknad frå 11-17

24.11 – Osterøy i ungdomshuset på Hauge, kl 12-17

28.11-1.12 – Julemarked i Haugesund  (http://jule-marked.no/)

29.11-1.12 – Julemesse i Ungdomshallen på Voss.

1.12 – julemarked i Granvin

6.12-7.12 – julemarked i Rosendal  (http://www.julirosendal.no/)

10.12 – 15.12 planlegg me eit utruleg spennande og nytt konsept saman med andre produsentar på Voss, og dette kjem me snart tilbake til!! :-)

13.12-15.12 – julemarked i Schøtstuene i Bergen (https://www.facebook.com/events/1380529025502807/?ref=ts&fref=ts)


 

Slik er det her i garden: Vossabia er oppteken av det nære og naturlege, det sunne og sikre – og alle produkta vert sjølvsagt laga frå a til å av kjærlege hender heime på garden – av bygdedamer forankra i distriktet, men med verda som boltreplass! 100 % naturleg, og økologisk – fordi me bryr oss!! :-)

bivokskunst VossBieTTK10blomer i tunet


 

Tusen tusen takk for ei aldeles fabelaktig helg på Bryggen i Bergen under Matfestivalen 6.-8. september!! Vossabia er så heldig å ha herleg entusiastiske og interesserte kundar! Fylkesmannens landbruksavdeling, med sine meget kompetente folk, med Gunnar Nagell Dahl i spissen, gjorde som alltid dette arrangementet til ein sann fryd og glede med smidighet og smil gjennom ei knallhard arbeidshelg! Takk takk takk!!

Me ser alt fram til neste år, og ynskjer nye og gamle kunder velkomne tilbake til prat og handel og leik og moro over Vossabias bod – der heimelaga naturlege godsaker står i sentrum! :-) matfest bilde 2


 

leker og mer_bildeDen flotte butikken Leker og mer i Lille Øvregaten har tatt inn nokre av Vossabia sine produkt som passer spesielt godt for born og familiar! Babysalve og Ringblomstsalve passer godt inn med andre fargerike kvalitetsprodukt til familien yngste medlemer :-)

Her kan de ta ein kikk på FB-sidene til Leker og mer:

https://www.facebook.com/pages/Leker-og-mer/13072558033967


 

Då skal endeleg austlendingane få bli kjend med Vossabias naturprodukt! Og det gler me oss veldig til!!DSC_2934 Fredag 14. kl 11-20 og laurdag 15.9  kl 10-18 står me på Rådhusplassen saman med andre utmerka produsentar på festivalen Matstreif

Vossabia er opptatt av heilskap, helse og natur. Difor tilbyr me næringsrik mat for både innvortes og utvortes – alt 100 % naturleg!

Kva med Honning med Whisky? Eller ei smakfull og kraftfull honning tilsett den spennande og medisinske rosenroten, som me har gravd opp frå Vossafjella? Eller kva med ein deilig dagkrem, som i tillegg har hjulpe mange med kviser, eksem, rosacea, brannsår og andre hudproblem? Me snakkar sjølvsagt om Vossabias Ringblomstsalve – familiens økologiske og naturlege  universalkrem :-) Vossabia har noko for dei fleste behov – og det på naturleg vis! Velkomen til oss i Oslo!!


 
Side 4 av 9« Første...23456...Siste »

Looking for something?

Use the form below to search the site:

Still not finding what you're looking for? Drop a comment on a post or contact us so we can take care of it!

Vossabia er medlem av

© 2009-2016 Vossabia - foto: Smistad Kommunikasjon Ltd.