Dette er heile grunnen til at Vossabia eksisterer! Matvare- og kosmetikkindustrien pøser produkta sine fulle med miljøgifter som skader både menneske og natur, og Vossabia bestemte for 10 år sidan at nok er nok! Målet og visjonen vår er ikkje berre å tilføre vår og andres hud og kropp gode naturlege ingrediensar, men i same slengen førebygge helseplager! For kva er viktigare enn det? Etter vårt syn er førebyggande helsearbeid noko av det definitivt viktigaste som fins, og det er i tillegg lærerikt, moro og gjevande å vite at ein både tilfører seg og sine sunne saker :-)

Ein ekstra bonus er at lille oss motarbeider ein industri som ikkje syner korkje engasjement eller interesse for helse, moral og etikk – knytt til både menneske og natur. I staden viser studier at det er mengder av miljøgifter i produkt retta mot den moderne kvinne og mann som bruker produkter for hår, hud, sminke, solbeskyttelse osv. dagleg, faktisk vert ein utsett for omtrent 515 kjemikalier dagleg berre i form av produkt på hud og hår! Summen av denne coctailen bekymrar forskarane, og på Kyoto Prefectural University of Medicine viser studier at hormonelle forstyrrelser, fruktbarhetsproblemer, kreft, organproblemer, hudplager og tidlege aldringsteikn i huden er nokre av bieffektane av kosmetikkindustriens valg av ingrediensar i produkta du får kjøpt kvar som helst.

Her kan du lese ein artikkel frå Daily Mail om temaet: http://www.dailymail.co.uk/femail/beauty/article-1229275/Revealed–515-chemicals-women-bodies-day.html

Vil du beskytte deg mot kjemisk ovedose? Bruk mindre sminke, les nøye ingredienslistene på produkta du vurderer, og kjøp naturlege produkt som tilfører pleiande næringsstoff i staden!


 

VossaBia er klar for inspirerande og gratis helsedag med spennande føredrag, jusing og yoga i Ulvik, arrangert av Medisinsk Helsesenter AS. Me stiller både som kunnskapshungrig deltakar på helsedagen, og som messeutstiller med våre smørevillige naturprodukt for å pleie DIN hud :) Sjå det gode programmet for dagen! Blir du med?

Helsedag_medhelse_ulvik2014

Sjå meir om Medisinsk Helsesenter AS her: https://www.facebook.com/MedisinskHelsesenterAs?ref=ts&fref=ts


 

Bihulebetennelse er ein smertefull og ofte langvarig plage som eg er lukkeleg for å ha funne superkuren mot! Etter kroninsk bihulebetennelse gjennom mange år som konkurransesymjar forsvann det i mange år, men så kom det tilbake verre enn før. Bihulebetennelse gir også mykje ekstraplager i luftvegane og den tunge pusten er belastande når ein gjerne vil leve eit aktivt liv. Ofte har eg klart å knekke bihulebetennelse med gode urter, tygging av bivoks frå tavlehonning, damping, saltvannsskylling osv, men når plagene blir for store og langvarige har eg dessverre måtte krype til legen til slutt og be om antibiotika – noko eg aller helst ikkje vil ha inn i kroppen!!

Hald deg frisk med honning og kvitløk - så kan du vere så aktiv du vil! :)

Hald deg frisk med honning og kvitløk - så kan du vere så aktiv du vil! :)

Difor var lukka stor då eg kom over Rolv Hjelmstad sitt råd om Honning og Kvitløk som kur mot bihulebetennelse! Både honning og kvitøk har sterke naturlege antibiotiske eigenskapar og saman blir det ofte meget effektivt! Eg finhakkar ca 4 fedd og blander i eit glas med honning og tek ei spiseskje med denne superblandingen 2-3 gonger om dagen ved sjukdom, og elles som førebyggande 1 ss i blant (spesielt viss eg kjenner eg brygger på noko gruff). Min erfaring er at Honning og Kvitløk saman tek knekken på bakterier og grums i luftvegane på utruleg rask tid, ofte over natta! Og ikkje rynk på nasa; det smakar faktisk godt, og du stinker ikkje ein gong kvitløk…trur eg ;) uansett, who cares! :)

Sjå meir om Rolv Hjelmstad sine gode urteråd her: http://www.rolv.no/urtemedisin/sykdommer/bihulebetennelse.htm


 

Mange reagerer på kulde med flekker i huden, kuldeeksem eller berre sår og sart hud etter kjekke timar ute i vinterværet. Med VossaBias Kuldekrem kan du nyte vinterleiken i komfortabel vissheit om at huden din blir tatt vare på, beskytta og pleia slik at du kanskje til og med ser endå nydelegare ut etterpå enn før ;) Gode spesialvalde urter i kombinasjon med honning og bivoks sørger for å beskytte mot frost og vind, og i tillegg tilføre næring. Så skal du ut å herje eller rusle, surfe i snø eller sjø (me digger begge deler!), så gjer som Ylva og Emil og smør deg inn med Kuldekrem!


 

No nærmar den tida seg att – med stormskritt – sjølv om me eigentleg vil at det skal vere rolege dagar slik at me kan nyte førjulstida… Det er ikkje alltid lett å gjennomføre, men kanskje stemning og ro kjem på ein julemarknad nær deg? VossaBia ser i alle fall fram til kjekke dagar og helger rundt omkring, med hyggelege folk, deilig atmosfære og mange gode produkt som skiftar eigar!
DSC_1469
Her skal me framover:

23.11 – Skånevik, julemarknad frå 11-17

24.11 – Osterøy i ungdomshuset på Hauge, kl 12-17

28.11-1.12 – Julemarked i Haugesund  (http://jule-marked.no/)

29.11-1.12 – Julemesse i Ungdomshallen på Voss.

1.12 – julemarked i Granvin

6.12-7.12 – julemarked i Rosendal  (http://www.julirosendal.no/)

10.12 – 15.12 planlegg me eit utruleg spennande og nytt konsept saman med andre produsentar på Voss, og dette kjem me snart tilbake til!! :-)

13.12-15.12 – julemarked i Schøtstuene i Bergen (https://www.facebook.com/events/1380529025502807/?ref=ts&fref=ts)


 
Side 3 av 912345...Siste »

Looking for something?

Use the form below to search the site:

Still not finding what you're looking for? Drop a comment on a post or contact us so we can take care of it!

Vossabia er medlem av

© 2009-2016 Vossabia - foto: Smistad Kommunikasjon Ltd.