Om Vossabia

tunet på Vethe
bie i løvetannen m vossabia logo
Erik sjekker ei tavle
honning
karse og løvetann
emil løfter honning
DSC_0346

Vossabia honning

VossaBia- natur og kultur på Vethe gard på Voss

Noreg og naturen treng birøktarar! Og på Voss har vår lille familie på 4 funne det gode livet på eit platå høgt oppi bygda. Vi er ramma inn av vakre fjell, og med bier som summer blant ville blomar i natureng er det klart at vår inspirasjon og kreativitet er henta frå naturen.

Vi driv med birøkt fordi vi bryr oss! Vi bryr oss om oss sjølve og andre menneske, om naturen og jordkloden. Vi legg vekt på å vise omsorg for våre gjester, miljøet og lokalsamfunnet vi er ein del av, og formidling står sentralt her på garden.

I tillegg til den tradisjonelle birøktdriften der vi produserer honning, har vi også utvikla ein serie 100% naturlege hudpleieprodukt der honning og bivoks er blant hovudingrediensane. Du får dei resultata du vil – heilt naturleg!

Trygt for deg – trygt for miljøet!
Vi ynskjer å utvikle eit velværekonsept som kombinerar birøkt, helse- og miljøfokus i tillegg til opplevingar og komfortabel overnatting i historiske hus.

Det eksklusive, og sjølve sanseopplevinga rundt skaparkraft, estetikk og smak, saman med fokus på velvære og helse som understreker det medisinske aspektet i produkta, er noko av essensen hjå Vossabia.

Honningproduksjonen:
Honningen er skånsomt behandla og rørt før me tappar den på fine glas i 3 ulike størrelsar. På Vethe gard er honningen verdsatt som naturens gull. Honning er eit unikt produkt, det er medisin og mat, kulturhistorie, tradisjon og ei påminning om kor fantastisk naturen fungerer – og i tillegg smakar det godt! Kvar type honning har sin eigen særprega smak, farge og konsistens – bestemt av kva blomar biene har henta nektar frå: prøv blant anna vår milde, fruktige bringebærhonning! Eller kva med våre to gourmettypar:

  • Honning med rosenrot frå Voss – vi har vandra i Vossafjella og gravd opp vill rosenrot som me har tilsett bitar av frå sjølve rota. Den bitre rota blanda med den søte honningen gir ein unik og spennande smak som har slått godt an hjå kundane. Her får ein også med seg dobbel dose medisinske eigenskapar: både frå honningen og frå den vitaliserande rosenrota.
  • Honning med whiskey – skotskinspirert og smakfullt! Med 3-4 % Caol Ila whiskey i honningen har vi fått eit produkt som smakar fabelaktig godt! Om du ikkje likar honning, eller ikkje likar whiskey, så kan me nesten garantere at du vil lika Vossabia sin Honning med whiskey. God i varm sjokolade, grønn te, i maten eller rett i munnen!

Naturleg hudpleie

Honning er berre eit av fleire medisinske og pleiande råstoff biene produserer. Det har gitt grobotn for å skapa 100 % naturlege velvære- og eigenpleieprodukt. Med bivoks og honning som hovudingrediensar, i tillegg til nøye utvalde oljer og urter har vi utvikla ei rekke produkt, der fleire nye stadig blir skapa. Ein serie med “husapotek”- og velværeprodukt! Dette er produkt for den bevisste person, for deg som bryr deg om helse og miljø. Ved å bruke 100% naturlege produkt gir du noko til både deg sjølv og jordkloden – me vil nemlig at du skal ha mulighet til å ta slike etiske og helsemessige val. Effektive naturlege ingrediensar – og trygt for deg og miljøet!

I tillegg til eit heilskapleg fokus på helse og miljø, er nytelse og velvære ein viktig del av vår egenpleieserie. Sjå meir om produkta i vår nettbutikk!

  • Leppepomade med lavendel
  • Leppepomade med peppermynte
  • Kamillebalsam
  • Ringblomstsalve
  • Babysalve
  • Panterbalsam
  • Sensuell massasjesalve
  • Augebalsam
  • Solkrem
  • Kuldekrem

Velkomen til Vossabia!

Renate Lunde,
Dagleg leiar

Looking for something?

Use the form below to search the site:

Still not finding what you're looking for? Drop a comment on a post or contact us so we can take care of it!

Vossabia er medlem av

© 2009-2016 Vossabia - foto: Smistad Kommunikasjon Ltd.