IMG_8315
No er det på tide å hylle sol og sommar skikkeleg! Det gjer me med tilbod på ein heilt herleg kombinasjon naturprodukt til hud og kropp om sommaren:
SOLKREM (faktor 10 og 20) + KAMILLEBALSAM (fantastisk beroligande after-sun) og PANTERBALSAM (held unna mygg, knott og flått)!

Solkremen til Vossabia er, som alle produkta, laga med nøye utvalde ingrediensar frå naturens apotek! I Solkremen får du ikkje berre beskyttelse mot solas UVA og UVB-stråler, men du får i tillegg nærande og pleiande ingrediensar som tek vare på huden din og miljøet! Det kjem mykje tilbakemeldingar frå folk som ikkje tåler “vanlege” solkremar, om at endeleg er det ein solkrem som ikkje gir rennande auge, sår hud osv.

Kamillebalsam er heilt nydeleg som after-sun! Den roer ned huden effektivt og lindrar om det er vorte for mykje sol, og til og med blemmer forsvinn raskt ferdighela på kort tid! Kløe, senisitiv hud, psoriasis, oppmjukande effekt, fotkrem, nattkrem, ja, det er svært mange bruksområde på denne favoritten!

Panterbalsam er jo uvurderleg på all slags vondt og verk i kroppen, men det artige no om sommaren er at mange kundar dei siste åra har funne ut at den held unna mygg, knott og flått både på folk og hundar! Småkrypa likar nok ikkje dei sterke luktene frå kamfer, eukalyptus og peppermynte blant anna. Men desse plantene gjer underverk på oss! Mot vondt og verk, kløe, hovudpine, hovne bein, treningssmerter, voksesmerter, revmatiske plager og mykje meir.