Augebalsam
Augebalsam
Augebalsam
Augebalsam
Augebalsam
Augebalsam
Augebalsam

Augebalsam

Tilbud279,00 kr
Volum:15 ml

Ein herleg og pleiande balsam til huda rundt augene.
Augebalsam er ein mild, dryg og næringsrik salve som passar godt til sensitiv hud, og er super å påføre kvar kveld. Økologisk tistel- og hampolje tilfører essensielle fettsyrer, øko. granatepleolje kan minske linjer og rynker med sitt høge antioksidantinnhald, og bivoks held på hudas naturlege fukt. Passar fint ved hovne auge, eksem, raudheit og som pleiande nattkrem.

Ingredients INCI: Carthamus Tinctorius Seed Oil, Cannabis Sativa Seed oil, Beeswax, Punica Granatum Seed Oil, Squalane, Aqua, Alcohol, Tocopherol, Helianthus Annuus Seed Oil, Arnica Montana Flower Extract

INNHALD PÅ NORSK:
bivoks, øko. tistelolje, øko. hampolje, øko. granatepleolje, squalane, arnikatinktur, naturleg e-vitamin.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
Minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
Romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Resepter utvikla av Renate, med heilskapleg langsiktig helse som grunnverdi, og basert på urtekunnskap og nøye utvalde planteingrediensar.

Ta ein liten mengde Augebalsam, og smør på rein hud om kvelden. Bruk enten kun rundt augene, eller også i heile ansikt og hals som nattkrem.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.
Velg levering rett i postkassa/henge på døra om postkassa er for liten/full, eller Levering til hentestad.

Kvifor bruka ein naturleg Augebalsam?

Utruleg mjukgjerande, kjennes nydeleg fløyelsmjuk på huden. Veldig drøy i bruk, du trenger berre liten mengde. Masse næring og pleie frå nøye utvalde planter perfekt til området rundt augene. Super om du vil redusere linjer, rynker, hovne auge, eksem og sårhet, eller berre vil gje maks pleie til den sarte huden rundt augene.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Pleie og næring med nøye utvalde planter

Augebalsam held huden smidig, motvirker hovne auge og for tidleg aldring av huden med masse antioksidanter, vitaminer og essensielle fettsyrer frå blant anna hamp, granateple, squalane, samt solblom (arnika) som me dyrker og foredler på garden.

Ingredienser

Bivoks er nr 1 i hudpleie og har ein større beskyttande effekt på huden enn flytande oljer og andre fettstoff. Bivoks får her virke saman med supergode planteoljer som bl.a. hamp-, tistel- og granatepleolje og er valt ut for å gje mest mogleg næring og smidighet i huden, og ta vare på den sensitive og sarte huden rundt augene.

  • Bivoks
  • Hamp
  • Granateple
  • Squalene
  • Arnika

Bruksanvisning

Ta bittelitt på fingeren (ofte nok å berre duppe finger nedpå salven), og enten smør det utover i handflata og smør deretter der du vil bruke den (perfekt om du bruker som nattkrem i heile ansiktet), eller bruk finger til å smøre over og under augene. Augebalsam er veldig dryg i bruk, så hugs at du treng kun liten mengde for å kome langt.

Augebalsam med vegetabilsk næring, beskyttande bivoks og planter god for å motvirke for tidleg aldring av huden.

Kva seier folk som har brukt den?

Relaterte innlegg

Vossabia donerer til Gaza igjen! 🇯🇴 Blir du med?

Vossabia donerer til Gaza igjen! 🇯🇴 Blir du med?

Eg sender nemleg 30% av Vossabias omsetnad dei neste 3 dagane til GAZA og den solide og største hjelpeorganisasjonen UNRWA, som dei siste 75 åra har levert ekstremt viktig livreddande humanitær hj...
🐝 Vossabia kjem til Håjen kafé! Søndag kl 18 er eg superklar til å inspirere folk til å bli skikkeleg våryre!

🐝 Vossabia kjem til Håjen kafé! Søndag kl 18 er eg superklar til å inspirere folk til å bli skikkeleg våryre!

Bli med på foredrag om ville vekstar til bruk i mat, drikke, hud-og hårpleie, og gjer deg klar til å lære mange nye måtar å bruka plantane rett rundt oss! 💚
Gje ekstra omtanke til påskehuden - og kanskje blir du den heldige vinnar av Påskepakka ✨❄️☀️

Gje ekstra omtanke til påskehuden - og kanskje blir du den heldige vinnar av Påskepakka ✨❄️☀️

✨ Me køyrer på med trekning av heldig vinnar av vårt nye Påskepakketilbod denne veka, for med påsken rett rundt hjørna så er det tid for å gjere huden påskeklar! 🌞 Dei fleste av oss er ganske vinte...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring