Kroppsbalsam med ville urter
Kroppsbalsam med ville urter
Kroppsbalsam med ville urter
Kroppsbalsam med ville urter
Kroppsbalsam med ville urter
Kroppsbalsam med ville urter
Kroppsbalsam med ville urter
Kroppsbalsam med ville urter

Kroppsbalsam med ville urter

Tilbud319,20 kr
Volume:100 ml

Vår supersmidige, daglege fuktgjevande balsamkrem til heile kroppen, og på hud- og muskelplager. Kroppsbalsam er herleg mjukgjerande og pleiande frå topp til tå, med ville urter frå bakkane hjå Vossabia, plukka av Vossabia sjølv. No i miniversjon (15 ml) i tillegg til den ordinære store krukka på 100 ml.

INNEHELD:
øko bivoks, øko kakaosmør, øko solsikkeolje, øko kamilleolje, rylliktinktur*, rødkløvertinktur*, perikumtinktur*, eterisk einerolje.

*= frå ville vekstar på garden vår

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Resepter utvikla av Renate, med heilskapleg langsiktig helse som grunnverdi, og basert på urtekunnskap og nøye utvalde planteingrediensar.

Kroppsbalsam med ville urter 💚
🌼 få bort tørre (flassande) leggar og tørr hud elles på kroppen
🐝 smør inn bryst, hals og skuldre med mjukgjerande urtepleie - desse områda er fort å gløyme
🌱 perfekt til full kroppsmassasje (rein nytelse!)
🌲 tipsar og om at fleire har meldt at kramper i leggane blir borte om natta med denne fløyelsmjuke kroppsbalsamen!

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.
Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.

Kvifor bruka Kroppsbalsam Med Ville Urter?

Den er verkeleg ein skikkelig boost for huden, pleiande, dryg og den vilt deilige konsistensen kan forklarast som ein mellomting mellom body butter og fuktighetskrem, og med masse ville urter frå garden!
Bruk den til heile kroppen, på “skjellete” leggar, åreknutar, tørr hud, krampar i leggane, etter symjing og bading, etter dusjing, eller berre som velvære til hud og kropp. Heilt nydeleg! 💚🐝

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Utruleg deilig og smidig til heile kroppen!


Kundar melder om god effekt på tørr hud, «fiskeskjel»-hud på leggane, sårheling, kramper i beina og sjølvsagt som det deiligaste smør til heile kroppen! Må prøvast 🐝🌼

Ingredienser

Kroppsbalsam inneheld dei ville vekstane ryllik, raudkløver og prikkperikum, og alle er gode helseurter med styrkande eigenskapar på hud, kropp og sinn. Prikkperikum er ei kjent medisinurt som blant anna kan hjelpe godt ved kronisk eksem, åreknutar, sår, smerter og faktisk nedstemheit! Ryllik og einer har betennelseshemmande og rensande eigenskapar, og saman med raudkløver kan blodsirkulasjonen auke og verke oppstrammande.

  • Solsikkeolje
  • Kamilleolje
  • Ryllik
  • Rødkløver
  • Perikum

Et særs lokalt og bærekraftig produkt!

Her er alle urtene handplukka når dei blømer som mest, for å kunne trekke ut alle dei gode helsefordelane.
Alle planter, blir alltid plukka under fint vær, for å kunne gje vidare maksimalt av sine gode fordelar i Vossabiaprodukter. Her er det kunnskapsbasert drift får a til å, og det gjeld også om innhausting, tørking og anna foredling 💚

Bruksanvisning

Her blir Kroppsbalsam smurt på tørre leggar morgon og kveld, og heile kroppen får stadig ein runde med denne nydelege, lette (og meget dryge) salven. Den er perfekt etter å ha vore i bassenget for eks, når klorvatnet har tørka ut huden. Og så må det nevnast at Kroppsbalsam er perfekt til kroppsmassasje! Eg brukar den og til å smøre brystkasse og bryst, det blir så utruleg mjuk hud med den!

Kroppsbalsamen til Vossabia er ikkje utan grunn ein stor favoritt, og eg er sikker på at den kjem til å bli det hjå deg også!

Kva seier folk som har brukt den?

Relaterte innlegg

Vossabia til Hagemessen med lansering av Konglelepper! 🤩😚

Vossabia til Hagemessen med lansering av Konglelepper! 🤩😚

🚙 Torsdag morgon pakkar me bilen og tek turen austafjells for å vere med på Hagemessen igjen! Det er eit av vårens høgdepunkt, og egentlig vårens pangstart, startskot, avspark, ja du skjønner! Våre...
Menn diggar Vossabia! 🙋‍♂️

Menn diggar Vossabia! 🙋‍♂️

Tøffe gutar, barske menn, snille gutar og skjønne menn brukar Vossabia! Unge og gamle, for skjønnhet og hudpleie, for hudplager og vondter 🙌 For det treng ikkje vere svarte etiketter for at menn sk...
For eit resultat! 163.000 kr til Gaza! 🕊

For eit resultat! 163.000 kr til Gaza! 🕊

Det er så fantastisk å  fortelle at Vossabia no skal donere 163000 kr til Gaza takka vere dykkar handel i forrige veke som gav 125.000 i donasjon 🤩, og så kom min nydelege leverandør med det store ...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring