Når kundane lærer meg om eigne produkt 💛

Når kundane lærer meg om eigne produkt 💛

Gjennom 22 år har eg fått den mest verdifulle utdanninga eg kunne fått. Ikkje frå kurs. Ikkje frå bøker. Men frå dykk.

De kundar har delt så enormt mykje med meg og oss om korleis produkta har gitt lindring og rask hjelp på eit stort mangfald av utfordringar.
 
Om psoriasis og pustulosis palmoplantaris.
Om eksem som minkar over natta.
Om 26 års avhengigheit av nasespray som kjapt tok slutt med Vossabia.
Om kløe i underliv som stilnar.
Om hovudbotn som sluttar å svi.
Om barn som endeleg søv utan å klø.
Om årevis med nattlege krampar som tek slutt.
Om kviser som forsvinn og sjølvtillit som kjem tilbake.
 
Det er ei levande skattekiste. Og den må delast raust av slik at flest mogleg får vite - om dei treng.

Når eg utviklar eit produkt, sit eg djupt i urtelæra. Eg les, studerer, kjenner plantene, vurderer eigenskapar og samansettingar. Eg set saman urter som skal støtte hud, kropp – og ja, ofte også sinn. Og det er spesifikke eigenskapar eg er ute etter for kvart produkt.
 
Men så skjer det noko som går langt forbi teori. Så skjer magien.
 
Når plantane får arbeide saman, når dei blir eit lite team i ei krukke, då skjer det meir enn eg kan lese meg til.

Og det er her de kjem inn. For det er de som har vist meg kor mykje meir desse produkta faktisk kan. 
 
Eg kallar dei ofte små Kinderegg.
Fordi dei nesten alltid rommar meir enn éi overrasking.
 
Dette er eit levande arkiv. Ei gåve av pustande, og ofte rørande erfaringar. Empiri i si vakraste form – menneske som deler det som faktisk skjedde.
 
Kvart produkt har eg utvikla med tanke på at dei skal gje folk mange bruksområde per produkt. Slik vil eg fortelle ei historie om urter og planter også. Om kor mykje dei ber i seg av helsekraft, næring og pleiepotensial. Og eg kunne seie mykje ut frå urtelære og teori, men heilt ærleg - det meste av dei utvida bruksområda har eg lært av dykk!

 Holder myggen unna på lyse sommerkvelder❤️
- Nina R:

Seinast i går, etter 22 år med produkta, lærte eg noko nytt. Eg lærte eit nytt ord: pustulosis palmoplantaris.
 
Ei hudtilstand eg aldri har høyrt om. Og dermed opplysning om eit nytt bruksområde av Kamillebalsam ut frå levd og erfart liv. 
 
Ann B. S. skreiv: 
“Jeg synes den hjalp meg med min pustulosis palmoplantaris som er en slags form for psoriasis som er vanskelig å behandle. Jeg er meget fornøyd!”

Tenk det. Etter 22 år sit eg framleis og lærer om eigne produkt. Og Ann har fått hjelp med noko eg ikkje ein gong visste eksisterte. Det er så rått. Eg er så audmjuk, så takksam og det stimulerer meg enormt. Det er urtene i samspel med kvarandre – og dei opne, modige kundane som vågar å dele – eg takkar!

Psoriasis var noko av det første kundar byrja å fortelje om heilt tidleg i Vossabia si historie. No kjem det meldingar kvar einaste veke.
 
Fleire kundar har i årevis fortalt at dei har fått dekning gjennom HELFO når hudlege har dokumentert behov og stadfesta effekt. Svært mange av desse tilbakemeldingane om offentleg refusjon gjeld Kamillebalsam og Sjampo (psoriasis i hodebunnen er utbredt og veldig plagsomt), men også Ringblomstsalve og Kroppsbalsam blir omtalt angåande psoriasis:

⭐️⭐️⭐️⭐️⭐️
Er så glad jeg hørte om Vossabia! Kamillebalsam, Ringblomstsalve og kroppsbalsam har hjulpet på psoriasis.
- Linda J.

Og Line fortel om ein i nær familie som hadde slitt lenge med hovudbotn:
 
“Prøvde shampo med ville urter og kamillebalsam, og er helt fin! Er SÅ fornøyd! Håret er også glansfullt og hun bruker ikke balsam.”

Det rører meg – både fordi det lindrar, og fordi det viser korleis kombinasjonen av rette urter kan gjere noko større saman enn kvar for seg.

Og så er det eksem. Den store gjengangaren. Det er vilt kor mange som har eksem i ulik grad og ulike typer. Og om det er atopisk eller seboreisk så er det så mange som deler positive opplevingar og gleder seg over å endeleg ha funne noko som hjelper.

Johan W. skriv enkelt:
“Jeg har forsøkt ‘alt’ mot eksem etc. Deres produkt virker.”

Bastian S. W:
"Så bra med kremer med naturlige ingredienser, blitt kvitt eksem og rødhet i ansiktet. Bruker augebalsam, ringblomstsalve, leppebalsam og tindved og nesle. Alle er utrolig drøye i bruk."
 
Inger J. V. fortel om barnebarna:
“Alle salver og kremer virker … brukt på begge barnebarna mine med eksem og varmeutslett og etter kort tid blir det bra. Anbefaler Vossabia til alle jeg kjenner, også helsestasjoner."

Og når foreldre kjem bort til boden og nesten har tårer i augene fordi barnet deira ikkje lenger går og klør og svir av eksem – når borna hentar «bie-salven» og smører seg sjølv med den, då det endeleg var eit produkt som ikkje svir og som hjelper. Då kjenner eg verkeleg at dette er større enn hudpleie.


Det er ikkje berre ved eksem ungane henter "bie-salven"

Ringblomstsalve. Kamillebalsam. Sjampo. Kuldekrem. Solkrem. Kroppsbalsam. Til og med Panterbalsam.

Alle desse får me tilbakemeldingar på angåande eksem, sjølv om det er aller mest på Ringblomstsalve og Kamillebalsam. Det får meg stadig til å tenke på kor fascinerande ulikt me responderer på ulike produkt– og kor ofte løysinga ligg i å finne “rett team” av urter til rett kropp.
 
Kanskje handlar det om kva enkeltindivid manglar i kroppen, og nokon treng samansettinga i Ringblomstsalve og andre den i Kroppsbalsam?

 

Endelig funnet et produkt som stimulerer til hårvekst! Jeg skulle virkelig ønske jeg hadde tatt et "før-bilde" for å illustrere forskjellen, men for å si det sånn; babyhåret som vises på bildet var IKKE der for 2-3 måneder siden.
- Christin R.

Så kjem alle dei tilbakemeldingane som nesten blir kviskra, som kan kjennast tabu, men som likevel modige og fine folk deler om.

- Underlivsplager
- Sår hud nedentil
- Lichen sclerosus 
- Analfissur
- Hemoroider.

⭐️⭐️⭐️⭐️⭐️
Særlig kamillekrem har hjulpet meg mot kløe og sårhet både i underliv og på tørre hudflekker ellers på kroppen.
- Ida

⭐️⭐️⭐️⭐️⭐️
Sliter med tynn sprukken hud i underlivet. Er mye bedre etter jeg har begynt å bruke Kamillebalsam
- K.

⭐️⭐️⭐️⭐️⭐️
Har vore plaga med lichen sclerosus og kløe i underlivet i periodar i fleire år. Kamillebalsam lindra dette etter første påføring.
- Kari

⭐️⭐️⭐️⭐️⭐️
Ringblomstsalven gav god effekt og fikk både analfissur og hemoroider på retur.
- Anne S.

Tenk å kunne ta på seg dongeribukse igjen utan at det svir og plager deg. Tenk å sleppe konstant kløe i underlivet. Tenk å kunne vere nær med partnar utan smerte. 
 
Slike meldingar gjer meg stille. Og djupt takksam.

Så er det dei meir uventa skattane.
 
- Rennande auge
- Hovne auge
- Tett nase
- Avhengigheit av nasespray i 26 år – som brått slepp taket
- Migrene
- Voksesmerter hos barn
- Krampar 
- Åreknutar 
- Mygg, knott og flått

Produkta er verkeleg små hudapotek. Små plantebaserte team som arbeider breitt, balanserande og styrkande. Og det er de som har dokumentert det – gjennom erfaring, gjennom mot til å dele, gjennom ærlegheit.

Det er kanskje det finaste av alt: Dette er ikkje reklamepåstandar. Det er levd liv.

 

“Unngår både soleksem og solbrenthet.”
- Lill
“For første gong en solkrem som ikke svir i øynene.” 
- Eline

Så dei neste vekene har eg lyst til å dykke djupare ned i nokre av desse temaene. Voksesmerter hos barn. Hodebunnsplager. Psoriasis. Kanskje tørre slimhinner i underliv og skjør hud?

For viss det er éin ting eg har lært på 22 år, så er det dette: Når ein kunde deler, hjelper det mange fleire enn den som delte det.
 
Er det noko du ønsker at eg skal skrive meir om? Svar meg gjerne. Kanskje nettopp di erfaring blir neste kapittel i denne levande skattekista.

Renate

Med djup takksemd
frå Renate 💛
Dronningbia 🐝 i Vossabia