đŸŒ· Rosejakt over fjell og fjord 🏔 - Vossabia

đŸŒ· Rosejakt over fjell og fjord 🏔

Det var ikkje anna Ă„ gjere enn Ă„ legge ut pĂ„ reise igjen. Verkeleg rett frĂ„ Nord Kypros til Sogn, der det var kome 20 rosebuskar til meg, som mĂ„tte hentast kjapt for Ă„ fĂ„ kome i god jord pĂ„ Vossabiagarden đŸȘŽđŸđŸ’—
đŸ‘©â€đŸŒŸ I hui og hast mĂ„ eg no velge plassering i ein av hagane mine, designe ein rosehage som blir bĂ„de vakker og praktisk. Praktisk er nemleg viktig, for dette er fantastisk rĂ„vare til den utruleg populĂŠre ansiktsskrubben Rose- og rĂždklĂžverskrubb. Den er sĂ„ populĂŠr at eg mĂ„ sikre meg meir roser pĂ„ eigen grunn. Til no har eg for det aller meste hausta roser i vill natur og usprĂžyta kantar, samt ville roser frĂ„ vĂ„re Ăžkologiske enger. Men, det er ikkje nok 😅 og det gĂ„r heilt fint at eg no lyt anlegge rosehage her.
Ruusu- ja puna-apila-kasvokuorinta
Tenk sĂ„ perfekt Ă„ fĂ„ bĂ„de sterke sanseopplevingar, fysisk arbeid og viktige rĂ„varer til produkt pĂ„ ein gong! 💓 Ja, for roser til hud og kropp og sinn, Ă„ helledussen, dette er ei intenst god plantefamilie, berre sjekk lenger nede for alle superfordelar med roser 👇 og til og med ein oppskrift for den som orkar lese heile saken! Ja, for roser er berre sĂ„ fantastiske, og har enormt mykje spennande ved seg, bĂ„de duftmessig, medisinsk, historisk, til mat og drikke og sjĂžlvsagt til velvere for sinnet og for vakker hud đŸŒčđŸŒ· Rosene fĂ„r fram gudinnene i oss!
Ruusu- ja puna-apila-kasvokuorinta
Mi rosereise i gĂ„r var ogsĂ„ vakker, alt som har med roser Ă„ gjere har nemleg ein tendens til Ă„ bli akkurat det đŸ„° Jonatan vart med mamman sin over snĂždekte vidder pĂ„ Vikafjellet, sĂ„ nedover til Vik med den mest fantastiske overgangen frĂ„ fjell til fjord. I Vik hadde eg sjĂžlvsagt planlagt ein herleg frukost med sandwich med gamalost som dei produserer kun der i heile landet, med tyttebĂŠr og rĂžmme. ⛮ SĂ„ vart det ferjetur pĂ„ blikkstille fjord, fĂžr me kĂžyrde gjennom vakre bygder der frukttrĂŠr og vakre hagar begynner Ă„ merke vĂ„ren med knoppskyting og til og med litt blĂžming i gult đŸ€©Â Ă…berge Planteskule var mĂ„let, og denne familiebedriften er ein av mine favorittar nĂ„r det handlar om Ă„ kjĂžpe planter. Uavhengig av kjeder, og driven av entusiastiske sĂžsken som verkeleg kan sakene sine. Dei har eit heilt nydeleg hagesenter i kanten av Sognefjorden rett fĂžr Sogndal. đŸ‘©â€đŸ‘Š BĂ„de Jonatan og eg kosa oss glugg, og det vart ikkje berre rosene som vart med heim att!
👆 Jonatan og mamma pĂ„ flotte Åberge planteskule for Ă„ hente rosebusker.
 
Ein av mine tidlege opplevingar med roser var gjennom mamma sin rosehage, og hennar kjĂŠrleik for desse vakre og varierte blomane 💘 Eg tok mamma med til Queen Marys Rose Garden i London, ein nydeleg hage, for Ă„ dele roseopplevinga med ho, og me sniffa og snuste og sansa oss gjennom eit enormt tal roser av alle variantar og var heilt euforiske begge to 😍 Duften av rose er ofte sĂ„ intens og sĂ„ forfĂžrande, og fĂ„r deg pĂ„ eit innpust til Ă„ lande og vere tilstades her og no. Roen kjem, stresset forsvinn đŸ’†â€â™€ïž Og det nuet du dĂ„ landar i er ein skikkeleg deilig plass Ă„ vere 💕 For eit nydeleg minne dette er Ă„ ha i minneboka etter mamma som gjekk bort pĂ„ omtrent den alderen eg sjĂžlv er no. Alt for tidleg.
 
đŸ„ș I sorg og tristhet er roser gode helbredarar og. I ein urtepodkast sa herbalisten Liz Knight akkurat det: at roser opnar oss opp for Ă„ snakke om tap og om sorg, og mjukar oss opp til Ă„ dele erfaringane vĂ„re som kan vere sĂ„re og triste ❀‍đŸ©č Roser spesielt, men ogsÄ sitronmelisse er viktige planter som kan vere helbredande ved blant anna sorgkjensler. Planter er sĂ„ ubegripeleg interessante, ved at dei ikkje berre gir oss noko nydeleg Ă„ drikke, ete, sjĂ„ og dufte, men ogsĂ„ ved mĂ„ten dei kan pĂ„verke sinnet vĂ„rt. Planter gir og gir, pĂ„ sĂ„ mange nivĂ„ đŸŒ±đŸ’š Det er verkeleg enormt spennande og styrkande Ă„ erkjenne ✹
🌾 SĂ„ roser ved sorg, den djupe kjensla av tap. Roser nĂ„r ein kjenner pĂ„ grenser, pĂ„ det vakre, pĂ„ humanitet. Me treng verkeleg roser no, slik verda ser ut, for Ă„ hele og styrke oss nĂ„r humaniteten i verda er i fall
 ❀‍đŸ©č ja, dette kjenner eg pĂ„ her eg sit, fĂžr eg skal ut og grave og plante roser i fleng. Men, kva elles er det med roser dĂ„? Eg laga ein liten spĂžrsmĂ„l/svar under her, og held du ut til enden, sĂ„ ligg det ein juvel av ein roseoppskrift til deg der 💎😉
Ruusu- ja puna-apila-kasvokuorinta
đŸŒ· SĂ„, frĂ„ ei som skrubber roser inn i huden og let dei rense og styrke seg. FrĂ„ ei som legg roser pĂ„ sprit, lagar te, brukar i mat og krydderblandinger. Som ser og snuser pĂ„ roser, leiker med dei og nyter dei, og drar innom botaniske hagar overalt i verda eg havnar, for Ă„ nyte rosene. Som vrir hovudet bort frĂ„ vegen nĂ„r eg kĂžyrer forbi ville roser og kultiverte roser. Her fĂ„r du nokre fine fakta om roser:
Her fÄr du nokre fine fakta om roser
Her fÄr du nokre fine fakta om roser
Ja, og sĂ„ mykje meir kan bli sagt om dronningen av blomar! đŸŒč💕 Historisk viktig, brukt i medisin og skjĂžnnhet i tusenvis av Ă„r, og berre heilt sanselege sjarmbombe som det no blir endĂ„ meir av her pĂ„ garden! đŸ€©
 
👉 Fþr eg spring ut og graver hull til rosebuskane vil eg dele denne deilige oppskriften som nevnte herbalist Liz delte i fþrste omgang:
Rose krydder- og nĂžtteblanding DUKKAH
Rose, safran, vanilje, kardemomme og nÞtter. Alt sÞtt og deilig kvar for seg, og saman blir det ei uimotstÄeleg blanding du kan bruke til uendeleg mange ting: naturleg sÞtning pÄ mat, sprinkle pÄ jogurt, ha over glasuren pp gulrotkake, ha oppÄ havregrauten saman med honning eller lÞnnesirup, over fruktfatet, rull sjokoladedippa kjeks i blandingen, ha pÄ iskremen, og til og med i kaffen eller te.
 
Ingrediensar:
· 4 dl tÞrka roseblad
· 100 g hasselnÞtter
· 100 g usalta pistasjnÞtter utan skal
· 1 ts kardemomme
· FrÞ frÄ 1 vaniljestang
· Ein pinch med safran
 
👉 Slik gjer du det:
Rist hasselnÞttene i panne eller ovn. Viss dei har skal, sÄ rull dei i eit kjÞkkenhandkle sÄ fell skalet av. Ha sÄ nÞttene i kjÞkkenmaskina, kÞyr den litt til dei er i smÄ bitar. Ha oppi roser, kardemomme og vanilefrÞ og kÞyr litt til med maskina. Ha til slutt i safran og bland igjen. La alt kjÞle seg ned og ha pÄ lufttette glas. Bruk og nyt!
💕 HĂ„par du lot deg inspirere av roser du og, og kanskje lĂŠrte du noko nyttig og gĂžy? La oss fĂ„ rosene endĂ„ meir i bruk! đŸŒč Her er andre Vossabia produkt og pakketilbod som inkluderer deilig rose:
Tyrnimarjaa ja nokkosta kasvoille
TĂ€ydellinen pakkaus kasvoille
Senk Skuldrene Heimespa
LĂ€mpimin terveisin,
MehilĂ€iskuningatar 🐝 Vossabiassa