💚 LUKSUS EINERPAKKE - med reisesett sjampo + kroppssåpe på kjøpet 💚
💚 LUKSUS EINERPAKKE - med reisesett sjampo + kroppssåpe på kjøpet 💚

💚 LUKSUS EINERPAKKE - med reisesett sjampo + kroppssåpe på kjøpet 💚

Precio de venta844,80 kr Precio normal939,20 kr
Ahorra 94,40 kr

Eg slår her eit slag for einer! Denne kulturbæraren, denne stikkebusken som i tusenvis av år har blitt brukt medisinsk. Einer til mat, drikke, til hud og hår og til immunforsvar og rens! Sjekk oppskrifter i bloggen for å få einer inn i kosten, og sjekk denne pakka for full pakke einer til kroppen 🤩💚

URTESJAMPO 250 ml - Få bort kløe, tørrhet, flass, skorper og eksem, og ikkje minst: gje næring og pleie til hår og hodbunn med denne sjampoen! Og så trenger man ikkje balsam, kor bra er ikkje det!?

SKOGSÅPE 250 ml - skogsåpe til kropp! Milde såpestoff og sunne gode ingrediensar som pleier og tek vare på huden din.

KROPPSBALSAM 100 ml - Vår supersmidige, daglege fuktgjevande balsamkrem til heile kroppen, og på hud- og muskelplager. Kroppsbalsam er herleg mjukgjerande og pleiande frå topp til tå, med ville urter frå bakkane hjå Vossabia, plukka av Vossabia sjølv.

DEODORANT SKOG 50 ml - Duften har eit hint av furu i seg: litt krydra, litt bitter, definitivt frisk, og aromatisk og ein duft som har fått gode tider i moderne botaniske parfymer for begge kjønn.

Med reisesett sjampo 25 ml + Kroppssåpe 25 ml på kjøpet 💚

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Fri for konserveringmiddel, syntetiske stoff, sulfater, parabener, mineraloljer, formaldehyd og ftalater.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.
Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Luksus einerpakke


Urtesjampo 250 ml + Skogsåpe 250 ml + Kroppsbalsam 100 ml + Deodorant Skog 50 ml + Reisesett 💚

Bruksanvisning

Skogen på kroppen er ei heilt herleg og stimulerande kroppssåpe, som duftar himmelsk skog, og er kokt på masse einer frå skogen vår. Den er mjukgjerande, rensande og oppløftande!

Sjampo med ville urter! Denne superpopulære sjampoen er kokt på nesle og kjerringrokk frå garden, men dei får selskap av eterisk superolje av einebær. Så den dufter skog og gir masse godt frå eineren til hår og hodebunn.

Kroppsbalsam har også einerolje, og denne smidige og nydeleg lette kroppssalven er rein nytelse å smøre seg inn med. Fuktgjevande, supersunn, mjukgjerande, glatt og herlig. Og så får mange nytte av den på diverse plager også.

Skogdeo 50 ml - frisk og fresh under armane med einer! Diskret og ganske forsktig, det er absolutt ikkje overdrive duft av denne, men så fresh eg føler meg med den smurt under armane. Fin også på beina i klamme sko.

Så er det jo dei to skjønne miniversjonane av sjampo og kroppssåpe med oppi det fine miljønettet pakken kjem i 💚 Luksus skal det vere!

Kva seier folk som har brukt den?

Relaterte innlegg

Tre sprø søstre og ei vill «halvsøster» på veg til Rosmarinøya med toalettveska full av deilige saker! 👯‍♀️👯‍♀️

Tre sprø søstre og ei vill «halvsøster» på veg til Rosmarinøya med toalettveska full av deilige saker! 👯‍♀️👯‍♀️

Me drar omtrent rett frå den fantastiske Hagemessen til Nord Kypros! Først: tusen millionar takk 🙏 til alle de utruleg fine folk som kom til standen vår og prata og spreidde god stemning, og han...
Vossabia til Hagemessen med lansering av Konglelepper! 🤩😚

Vossabia til Hagemessen med lansering av Konglelepper! 🤩😚

🚙 Torsdag morgon pakkar me bilen og tek turen austafjells for å vere med på Hagemessen igjen! Det er eit av vårens høgdepunkt, og egentlig vårens pangstart, startskot, avspark, ja du skjønner! Våre...
Menn diggar Vossabia! 🙋‍♂️

Menn diggar Vossabia! 🙋‍♂️

Tøffe gutar, barske menn, snille gutar og skjønne menn brukar Vossabia! Unge og gamle, for skjønnhet og hudpleie, for hudplager og vondter 🙌 For det treng ikkje vere svarte etiketter for at menn sk...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring