Pakketilbod: Heidi sine favorittar 💚
Pakketilbod: Heidi sine favorittar 💚
Pakketilbod: Heidi sine favorittar 💚
Pakketilbod: Heidi sine favorittar 💚

Pakketilbod: Heidi sine favorittar 💚

Precio de venta703,20 kr Precio normal781,60 kr
Ahorra 78,40 kr

Heidi elsker og bruker dagleg alle Vossabiaprodukta (ok, kanskje ikkje babysalve no lenger sidan yngstemann vart fødd i 2007 😉😅). Men om eg pressar ho til å utnevne nokre absolutte favorittar då... Kva klarer ikkje Heidi seg utan?

Soleklart desse tre:
🌼Ringblomstsalve - dagleg å finne i Heidis fine ansikt og hender
🌼Kroppsbalsam - kvar kveld smører ho seg inn med denne ultrasmidige saken! Glir så lett, gir så mykje urtenæring frå ureiste plantar frå garden.
🌼Augebalsam - uunnværleg rundt augene kvar natt!

RINGBLOMSTSALVE 50 ml - som er hennar ultimate dagkrem som har gjort ansiktshuden hennar utruleg mykje finare.

AUGEBALSAM 15 ml- som er Heidi sin faste om kvelden rundt augo, men ofte og som nattkrem i heile ansiktet og halsen.

KROPPSBALSAM 100 ml- oj oj, ho er så vill etter denne deilige ville urtesaken! Utruleg glatt og deilig å smøre seg inn med over heile kroppen!

Les meir om dei ulike produkta på dei repsektive produktsidene.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Resepter utvikla av Renate, med heilskapleg langsiktig helse som grunnverdi, og basert på urtekunnskap og nøye utvalde planteingrediensar.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Heidi sine favorittar


Ringblomstsalve 50 ml + Augebalsam 15 ml + Kroppsbalsam 100 ml

Heidi smører seg inn med superfood til både morgon og kvelds. Ein gjenganger er at ho dynker seg ned i alt som er glatt og deilig, så når ho smører seg om kvelden skin ho på mils avstand ⭐🤣
Dette er absolutt ikkje nødvendig for dei fleste av oss, men dersom desse produktene fell like mykje i smak hjå deg som dei gjer hjå Heidi kan det hende du også ender opp slik!

Bruksanvisning

RINGBLOMSTSALVE - som er Heidi sin ultimate dagkrem som har gjort ansiktshuden hennar utruleg mykje finare (ho sleit med kviser og urein hud bl a), superhandkrem, super til sår og skader i huden, er herleg og lindrande for både damer og menn som etterbarberingssalve, på eksem og mykje anna.

AUGEBALSAM (15 ml)- Fast rundt Heidi sine auge kvar kveld, men ofte og som nattkrem i heile ansiktet og halsen. Salven inneheld blant anna granateple (full av antioksidanter og dermed knall mot rynker og linjer, det er nemleg antioksidantane me treng), arnika (supert mot hovne auge) og hamp (rik på omega 3, GLA og andre essensielle fettsyrer me treng). Heidi digger den så mykje at eg ofte får natta-snap-bilete av Heidi i senga innsmurt med litt for mykje Augebalsam 😂

KROPPSBALSAM (100 ml) - oj oj, ho er så vill etter denne deilige ville urtesaken! Utruleg glatt og deilig å smøre seg inn med over heile kroppen! Med raudkløver, ryllik og perikum frå bakkane våre. Heidi stønner når ho gnir seg inn med denne, og eg rister litt på hovudet, men syntes at ho er herleg då 😍 Altså fabelaktig på heile kroppen, men også her og der om ein for eks har tørre "skjellete" leggar, eller på sår som ikkje vil gro mm. Digger den også på brystene og magen 💚

Kva seier folk som har brukt den?

Relaterte innlegg

Vossabia til Hagemessen med lansering av Konglelepper! 🤩😚

Vossabia til Hagemessen med lansering av Konglelepper! 🤩😚

🚙 Torsdag morgon pakkar me bilen og tek turen austafjells for å vere med på Hagemessen igjen! Det er eit av vårens høgdepunkt, og egentlig vårens pangstart, startskot, avspark, ja du skjønner! Våre...
Menn diggar Vossabia! 🙋‍♂️

Menn diggar Vossabia! 🙋‍♂️

Tøffe gutar, barske menn, snille gutar og skjønne menn brukar Vossabia! Unge og gamle, for skjønnhet og hudpleie, for hudplager og vondter 🙌 For det treng ikkje vere svarte etiketter for at menn sk...
For eit resultat! 163.000 kr til Gaza! 🕊

For eit resultat! 163.000 kr til Gaza! 🕊

Det er så fantastisk å  fortelle at Vossabia no skal donere 163000 kr til Gaza takka vere dykkar handel i forrige veke som gav 125.000 i donasjon 🤩, og så kom min nydelege leverandør med det store ...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring