Vossabia donates to Gaza again! 🇯🇴 Will you join us?

Vossabia donates to Gaza again! 🇯🇴 Will you join us?

Eg sender nemleg 30% av Vossabias omsetnad dei neste 3 dagane til GAZA og den solide og største hjelpeorganisasjonen UNRWA, som dei siste 75 åra har levert ekstremt viktig livreddande humanitær hjelp til millionar av palestinske flyktningar 🕊

Eg fann årets fyrste nesle! Og den matcher mitt grønne Palestinaskjerf.

Eg er gravalvorleg her, men les du nedover, så er det lysegrønt håp og 💚 For det går an, og er lov, å kjenne på sterk sorg for våre medmenneske som lir heilt ekstremt, og samstundes kjenne glede og takksemd for vår fridom, og våren som straks omfavnar oss i grønt håp her heime 🥰❤️‍🩹 Og i vår fridom og fantastiske natur finn eg handlekraft til å bidra der eg kan. 
 
Bli med meg og bidra til Gaza og våre gode medmenneske der som gjennomgår helvete på jord 😔 Og la deg samstundes bli inspirert til å bruke vårens fyrste spirer for ny kraft til deg og dine, med oppskrifter til Vilt Vår-Spa nederst her.
❗️Alle ordre mellom onsdag 20. mars og palmesøndag 24. mars er med og bidreg! Vossabia donerer 30% av omsetnaden desse før-påskedagane til UNRWA. Som utanriksminister Barth Eide sa: "The world needs to stand by UNRWA!" For UNRWA har stått ved Palestinas side i 75 år!
Og då kan me vanlege folk og bedrifter også bidra❗️
KJØP OG DONER 30%

⚠️ Eg berre må skrike litt her og, om dette ekstreme som føregår, og som så mange av oss rundt i verda ikkje held ut. Vanlege folk rundt i verda demonstrerer i hopetal aldri før sett, medan sokalla viktige statsleiarar tillet barbari og grufullt fall for vår felles humanisme.

For det me er vitne til i Gaza er massemord av barn i sakte film, som Jason Lee, Redd Barna sin Landdirektør i dei okkuperte Palestinske områda sa. Og ikkje berre av barn. Men, ei heil befolkning, som har vore okkupert i 75 år. Og det er ikkje til å halde ut, og me vanlege folk kan kun bidra med å dele, donere, demonstrere og boikotte.

😖 Og me har ikkje nokon som helst sjanse å forestille oss kor grufullt det er å faktisk vere der, å oppleve dette mest ekstreme folkemordet i moderne tid. Underernærte babyer som svelt i hjel i Gaza har ikkje ein gong energi til å gråte, i følge UNICEF. Tala er ekstreme men bak kvart tal er det menneske som deg og meg: ca 45000 drepte og tusenvis under betong, ca 15000 barn drept, 25000 barn foreldrelause, 1,9 millionar fordrivne, 2,1 millionar svelt. Våpenkvile no! Stans folkemordet!

Eg kjenner sorg og fortviling kvar dag, grin ofte og føler ansvar for å følge med på dei heltemodige som publiserer den ekstremt grusomme røynda rett frå bakken via instagram: journalistar, vanlege folk, helsearbeidarar og kringkastingskanalar langt unna dei norske, som knapt nevner vår tids mest ekstreme barnemassakre. Instagram har blitt den viktigaste kanalen for å få informasjon direkte frå folk på bakken, og me er no vitne til at ikkje berre bomber drep, men og menneskeskapt svolt!
Eg sender nemleg 30% av Vossabias omsetnad dei neste 3 dagane til UNRWA
👉 Så, i all vår hjelpelaushet vil eg at bedriften min skal bidra meir. Eg donerte 100.000 i november til Redd Barna og UNICEF for barn i Gaza, og vil no donere til den viktigaste humanitære hjelpeorganisasjonen i Palestinske område gjennom 75 år: UNRWA.

Ei god venninne, Kjersti Berg, historikar og ekspert på Palestina har forska på UNRWA i 20 år, og ho skreiv i 2023 boka: Palestina – fakta på bakken. Eg anbefalar varmt denne boka der ein kan få innsikt i kor ekstremt viktig arbeid UNRWA har gjort for det palestinske folk i mange tiår på alle plan ved å dekke dei viktigaste behov ❤️‍🩹

Sjølv om eg kvar dag er lei meg, så er og og glad kvar dag. Eg kjenner på alt det fantastiske eg har rundt meg av familie, vener, tilsette, kundar, rein luft, stillhet, nydeleg natur og muligheiter og fridom. Det går an å kjenne glede og stor sorg samstundes. Og eg kjenner begge deler kvar dag. Og det veit eg mange, mange av oss gjer, i heile verden! ❤️🖤🤍💚

🍀 Naturen gir glede! Og no får me snart ein god grøn klem med all spiring og bløming som straks skjer! For at me skal halde oss oppe, ha energi og kjærleik til å vere der for oss sjølve og andre, så trur eg veldig på å la naturen gje oss kraft! La naturen fylle deg og, og la deg fyllast med handlekraft og håp om at den nye våren betyr betre tider snarast for alle som lir 🥰 Vilt vårspa er ein måte å la naturen styrke deg! Sjekk under, og slå deg laus med oppskrifter med ville vekster som kan få deg til å kjenne deg frisk og fresh, vakker og deilig som ei nyutsprungen bjørk! 💚
KJØP OG DONER MED OSS NO
kamillebalsam
Vilt Vår Spa – til inspirasjon,  kjærleik og handlekraft! 💖
 
Faktisk såg eg skvallerkål i Naustdal i helga, der eg heldt foredrag om ville vekster til mat og drikke og hud og hår! Og jammen fann eg årets fyrste nesle og marikåpe her heime inntil ein varm steinmur i dag 🌱 Snart blømar heile naturen, og det er straks tid for å plukke og pleie! Slå deg laus!
Bjørkebad!
Bjørk er noko av det beste eg veit! DEN duften, å helledussen, det er mitt dop altså! Ta bjørkeblad med inn, og lag deg vårens mest sanselege bad 🛁 Søte og aromatiske og heilt spesielt nydeleg duft frå unge bjørkeblad, som samstundes gjer huden rein.

· 2 liter vatn
· 1 liter nyplukka bjørkeblad

👉 Kok opp vatn og tilbered som ein kraftig te, ein infusjon, der bjørkeblada trekker i det nykokte vatnet 🍵 Hell så infusjonen i badevatnet, og legg gjerne ein neve ferske bjørkeblad direkte oppi vatnet også 🍃 Det blir heilt nydeleg.
Bjørkeblad tatt inn i huset 👆 og klar for å bli med i badekaret!
 
Etter eit slikt vårbad er det perfekt å smøre seg med Body balm with wild herbs, heilt magisk faktisk! Frå topp til tå med mjuk og smidig urtebalsam, herleg! 🤩
 
Bjørkeskrubb
🍃 Ta med deg heim litt ekstra bjørkeblad, og lag denne himmelske bjørkeskrubben også!

· ca 1 -2 dl bjørkeblad
· ca 1-2 dl malte havregryn (evt aprikoskjernemjøl eller rismjøl)
· 1 dl økologisk rårørsukker
· 1 ts riven sitronskal
· 1-2 ts honning
· ca 1 dl olje slik at konsistensen blir passeleg. Mandelolje, jojobaolje, rapsolje og solsikkeolje er fine oljar til ansiktet.

👉 Bland alt det tørre saman med stavmiksar til det er blitt ei jamn og fin masse, bland deretter i honning og olje 🍯 Påfør ansiktet og masser skånsomt huden med sirkelbevegelsar. Skyll av med lunka vatn.
 
Vill kraft maske
Ei styrkande ansiktsmaske med dei første grøne bladene som dukkar opp gjer huden vårfin: ut og plukk løvetannblad, nesle, marikåpe og skvallerkål tidleg i april 🍵 Lag ein urteinfusjon først og så bland den sterke teen med leire eller for eksempel havremjøl eller rismjøl etterpå. Urteinfusjon vil seie å legge urtene i kokande vatn, ta av varmen, ha på lokk, og la det trekke i minst 15 min, før me bruker den kraftige teen i maska.

Ut og plukke inn dei første spede skudda og plantene
· 2 dl vatn
· 3 marikåpeblad
· 3 løvetannblad
· 3 skvallerkål
· 3 små nesler
· 5 ss leire eller rismjøl for eks
· halv avokado

👉 Lag ein urteinfusjon av vatn og urter, hell så ½ dl av urteinfusjonen i ei skål og kjøl litt ned. Tilsett leire og most avokado, og la det stå i ca 15 min så leiren får svelle. Rør. Påfør masken på tørr og rein hud, og la den virke i ca 20 minutt medan du slappar av 💆‍♀️ Skyll med lunka vatn. Blandingen held seg eit par veker i kjøleskapet.

Vill maske er moro!
Etter ansiktsskrubb og maske, anbefaler eg Tindved og Nesle eller Ringblomstsalve i ansikt og hals, eller er det rett før leggetid kan det vere deilig og søvndyssande å smøre seg med Kamillebalsam på hals, bryst og føttene også. Eller vent med føttene til etter det gode fotbadet nedanfor:
 
Grønt fotbad
🦶 Ville urter i fotbadet gjer at nye krefter sprer seg i heile kroppen. Denne blandingen gjer føttene mjuke og fine.

· 2 liter vatn
· 10 groblad
· 1 handfull ferske ryllikblad
· 1 handfull ferske løvetannblad
· 1 handfull skvallerkål
· 1 handfull ferske bjørkeblad
· 1 handfull granskudd
· eller andre ville vekster som du finn i nærleiken: bringebærblad, mjødurtblad, geitramsblad m.m.

Lag som infusjon: la urtene trekke i varmt vatn i ca 15 minutter. Hell infusjonen i ein balje, la urtene følge med i fotbadet. Medan du sit med beina i fotbadet anbefaler eg å skrubbe godt, fy søren det er så deilig 🥰
 
Fotskrubb med kaffe og kakao
· 2 dl havremel eller rismel
· 3 dl finmalt økologisk kaffe
· 1 dl økologisk kakaopulver
· 1 ss honning
· 3 ss vegetabilsk olje
Bland alle ingrediensane i ei skål og massèr føttene med den 👣 Det aukar sirkulasjonen og honning og olje tilfører i tillegg fuktighet. Det beste er at det kjennes aldeles herlig! 🤩
Når du har massert begge beina skyller du dei i fotbadet. Tørk og masser så føttene godt inn med Vossabia Chamomile balm som er meget pleiande på føttene, og beroligande som nevnt 💚 
 
 
Warm regards,
Renate, Queen Bee 🐝 in Vossabia