We are standing headlong in the meadows to bring in this year's plants!

We are standing headlong in the meadows to bring in this year's plants!

🌱🌾🌿 Eg elskar plantemangfaldet her, og eg elskar å plukke ville vekster og dyrka øko-blomar! Og så elskar eg kundane våre! Og difor må eg kome med ei orsaking: sidan det er så mykje plukking og tid i enga for oss alle her hjå Vossabia no, så heng me dessverre bittelitt bak med kundebehandling 😓 Beklagar så mykje at nokon opplever at det går fleire dagar frå de har lagt inn ordre til den blir pakka. Me står på ute og inne, alt me klarar, og det er verkeleg ein dyktig gjeng eg har med meg, som er supereffektive og kvalitetsbevisste. Så ha litt tålmod med oss i denne intense tida 🙏
👩‍🌾 Me plukkar dag og kveld, og plantar går rett frå enga til pannen, og blir supersjampo neste dag. Slik som i går kveld då eg plukka kjerringrokk frå ei eng der det før ikkje har vore kjerringrokk 🤩 (hurra den sprer seg!!). Og så legg me mykje planter på alkohol slik at det etter ein månad blir til knallgod og virksom tinktur, som me så har i supre kroppsprodukt, som vidare blir pakka direkte etter produksjon, ofte medan dei framleis er varme! 
 
No er tidsvindauga for å sikre seg råvarer for heile neste år! 🏃‍♀️🏃🏼‍♂️🏃 Me plukkar straks det er opphald og sol, me må lage masse masse tinktur av mange ulike planter, me tørkar planter i alle rom i alle hus på garden, og me foredlar dette grøne gullet til det sunnaste du kan smøre huden med! Og akkurat DET er hovudmotivasjonen alltid! Tenk at eg, og me her, får skape naturprodukt som styrkar og balanserar hud og kropp innvendig og utvendig rundt om i landet 🥰 Takksam!!
Det er så stort!  Og min visjon og mål er jo at produkta gir deg sunne saker i kropp og hud, men og at eg kanskje når fram med litt kunnskap og engasjement rundt planter og bier, og økologi og mangfald også 💚🐝🌱 Det gjer at produkta blir større enn seg sjølv, og det er mitt hovudmål! 
 
I meir enn 20 år har eg brukt enormt med tid på å auke eigen kunnskap og formidle den, og satt det i praktisk produksjon for å gje naturen vidare til så mange som mogleg. 
Eg låg no der i enga og kosa meg med plantene før i tida og 😉 Her for 10 år sidan.
 
Her er jo alt grundig gjennomtenkt og kvalitetssjekka 🔎 frå ideen og behovet om eit produkt, kunnskap om aktuelle urter, til kva plantar me plukkar, kor tid og korleis me plukkar dei, korleis dei blir tørka og handtert, til korleis reseptar og oppskrifter er utvikla for 20 år sidan og framover, til måten produksjonen, temperaturen, hellinga og alt skjer for hand, til du til slutt sit med produktet i handa og kan kjenne forskjellen det gjer å smøre seg med supervirksomme, 100% naturlege og godt næringsmessig samansette «måltid» til huden din ✨ For det gjer ein forskjell, og eg håpar skikkeleg at du kjenner og føler det! 🤗💚
 
👩‍💻 No skriv eg i full fart, for straks kjem Ylva, som skal vere med meg og plukke nyutsprunge perikum og ryllik som eg oppdaga i dag!! 🤩
Her ser du kor gira eg blir når eg ser årets første perikum i bløming!!
 
Og me må få med oss mest mogleg nydeleg rødkløver også. Me må leite litt etter desse, då det er litt tidleg enno. Men, dei er her og der! Det er som å gå på skattejakt, og den sitringa og gleden over å sjå dei fyrste plantane i ein art klare til hausting, kjenne på dei, lukte og kanskje smake (rødkløver er så søtt og godt), det er så stort!! 😍
Alle desse skal både tørkast og bli til tinktur, og kanskje noko planteolje og. 💡 Eg har nokre spennande idear framover med perikumen! Visste du at den blir kalla «den grønne lykkepillen»? 🤔
perikum and Kroppsbalsam with flowers
Rødkløver, ryllik og perikum er kjempesentrale i den superpopulære og dødsgode Kroppsbalsam med ville urter. Å herlighet, har du ikkje prøvd den, så har du gått glipp av noko! 🙀 Stønn og stønn så deilig den er.
Andre produkt som hårserum og ansiktsskrubb nyt også godt av desse plantane.
 
🌿 Elles går det framleis i masse kjerringrokk og nesle. Me må berre stå på med brennesle heile sommaren! Til sjampo og hårserum og Tindved og Nesle.
 
🩷 Eg ser elles heilt rosa for tida! Deilige deilige rose! 🌸 Det er ein favoritt som eg nyyyyyyter å plukke og bruke. Full av chi/livskraft og vitalitet og masse næring som gjer den perfekt saman med rødkløver i ansiktet som skrubb og maske. Visste du at Rose- og rødkløverskrubben er ein magisk 2-i-1?
Body balm with wild herbs
Shampoo with wild herbs
Lemongrass hair serum
Sea buckthorn and nettle for the face
Rose- og rødkløverskrubben
Rosen og rødkløveren førte meg forresten til noko av det vakraste landskapet Norge og faktisk verden har å by på forrige dagen! I verdsarvområdet som er i mitt nabolag så og seie, fann eg fantastiske planter. Sjekk kor vakkert!! 😃
harvesting sea buckthorn and nettle
❁ Mjødurten er også kome langt no, og den må haustast no før den står i full blomst. Og den har eg jo enno ikkje hatt tid å lansere i den ryllik og mjødurt-maska eg har utvikla for eit par år sidan. Snart!!
 
Og dette er noko av det me held på med utanom å produsere og pakke for harde livet, for det er ikkje noko sofasitting på denne gården her, hehe 🤭 Og så er det birøkten som Erik heldigvis er sjefen på, sidan eg må ha ambulanse stadig vekk når eg får stikk 😅 Han styrar godt med biene, på økologisk og skånsomt vis. No for tida held han på å ale opp nye dronninger, faktisk.  På min plante-sjekkerunde på garden i dag tidleg var det litt kaldt og det var få bier ute 🐝 men på fine dagar er det tusenvis på tusenvis av arbeidarar som pollinerer, tek vare på mangfaldet vårt, mater bifolka og lagar fantastiske helsebringande råstoff til både bier og folk! 💛
harvesting sea buckthorn and nettle
Så her har de forklaringa på at det går nokon ekstra dagar no for tida! 🤝 Men, eg lovar og garanterer at me står på så svetten renn for at de skal få heilt ferske og fantastiske produkt i posten så snart som mogleg! 🙏 Takk for at de ventar, og den som ventar på noko godt, veit du… 😉
Warm regards,
Queen bee 🐝 in Vossabia