Mange kom tilbake til standen vår dagen etter dei kjøpte den og hylla den! 🙏 Fleire fortalte korleis hendene OVER NATTA hadde blitt så mykje betre frå tørr hud, sprukne fingrar og sår og ru hud! Ja, då fekk eg sjølvsagt tårer i augene og klump i halsen 🥹 For det er jo dette som er drivkraften og motivasjonen! Og så steike moro då! 😁
Det har og kome masse etterspurnad etter større krukker med MJUKE HENDER! Og no var presset så stort at det var berre å gje etter, hehe 😅 Så, her kjem endeleg stor krukke med Mjuke Hender! Den perfekte julegåva kanskje? 🎁
Eg står stadig med hovudet langt nedi djupe pannar nysilt etter koking av einer, og det høyres stønn kvar gong Rosemary hair serum er på gang (eg ELSKAR kombinasjonen rosmarin, mynte og basilikum i den) 😍. Syntetiske parfymer er noko heilt anna. Syntetisk duft gir hjernen trøbbel 😣. Den klarar ikkje identifisere luktane og det blir rot og kaos. Så det har eg holdt meg unna i fleire tiår, og eg held pusten gjennom taxfree’en, hehe. Men, her på garden, der me kun brukar naturens eigne dufter, kan me tenke på dei som eit eige språk som fortel noko spesifikt og bra til hjernen vår 🤲💛.
Lukten av rose har den magiske evnen til å både gjere oss rolege og samstundes løfte humøret 😌 Rose de Mai, som du får i både hender og i nasen når du brukar Mjuke hender, har ein varm, djupt blomstrande aroma med søte honning- og rosetonar 🌹🐝 Duften er både trøystande og oppmuntrande, og kan vere til hjelp for dei som opplever sorg eller depresjon. Eller berre generelt oppløftande. Rose de Mai har og betennelsesdempande eigenskapar og støttar hudfornying, noko som gjer den til ein perfekt ingrediens i hudpleie for hendene som blir utsett for ganske mykje gjennom året. Suverent med rose også for tørr, moden og aldrande hud.
I vår magiske Mjuke Hender er det i tillegg fleire andre superplantar med i oppskriften eg har utvikla, og sjølvsagt er den evig beskyttande bivoksen på plass 🐝 Visste du forresten at bivoks bidreg til å halde på huda sin naturlege fuktbalanse og samstundes beskyttar den svært godt mot ytre påverknad som forureining og mykje meir?
Alle ingrediensane som har fått æra av å vere med i krukkene blir tilsaman eit delux kinderegg, altså det skal gje deg mange ting på ein gong: plantane i Mjuke hender skal tilføre deg mangfaldig næring, den ypperste pleie, og bidra med sine supre samansettingar, slik at det ikkje berre er magisk mjuke hender du får 🤲 Du får og påfyll av godsaker frå moder jord 🌍 Om du vil lese meir om dei andre ingrediensane kan du lese på produktsida eller sjå på denne bloggposten: "få tak i ei krukke med Mjuke Hender og seie FARVEL til tørre hender ;)"
No til helga tek eg for fyrste gong med stor krukke Mjuke Hender ut av gardstunet, og set nasen mot Oslo og The Grand Christmas Market 🎄 Har du sikra deg billett til denne flotte og eksklusive julemarknaden på sjølvaste Grand Hotel? Emil, eg og Jonatan kjem med alle deilige Vossabiaprodukt!
Søndag på Grand Hotel frå 11-17!
Dette blir fantastisk kjekt! Me gler oss, og håpar å sjå mange kjekke kundar der 🐝
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia