Three crazy sisters and a wild "half-sister" on their way to Rosmarinøya with a toiletry bag full of delicious things! 👯‍♀️👯‍♀️

Three crazy sisters and a wild "half-sister" on their way to Rosmarinøya with a toiletry bag full of delicious things! 👯‍♀️👯‍♀️

Me drar omtrent rett frå den fantastiske Hagemessen til Nord Kypros! Først: tusen millionar takk 🙏 til alle de utruleg fine folk som kom til standen vår og prata og spreidde god stemning, og handla og smurte dykk inn. Overveldande moro og rørande med så mange som kjem med nydelege ord og deilige dialogar og god handel! 🤩 Love it!
Så er det rett vidare til Nord Kypros, eller Rosmarinøya som eg og kallar den. (Kunne kalt den granatepleøya og – denne utrulege frukten som me har i Augebalsam og Tindved og Nesle), men rosmarinduften fyller nasen min overalt så kallenamnet er fortent 🌿
 
👯‍♀️👯‍♀️ Søstrene mine, Heidi og Kine blir med Linda og meg på bootcamp, der me skal velte traktordekk på stranda og slenge medisinballar i sanden. Hahaha, det kjem til å bli så morsomt, for me er nemleg tre ganske høglytte og sprudlande damer, og med «halvsøstera» vår Linda som reiseleiar blir dette nokre ganske elleville dagar 😄🥳 Sikkert like greit for dei fleste at dette damelaget berre skal vere der 6 dagar!
🧳 Me reiser med kun 12 kg bagasje, og mykje av kofferten rommer sjølvsagt ei toalettveske fylt med naturens magi! 🪄🌱 Den blir medisinskapet, solbeskyttelsen, pleien og velveren vår desse dagane! Det som er så fantastisk er at no har me alle dei viktige basisprodukta i mini-krukker, altså 15 ml krukker, reisestørrelser som passar perfekt på tur, men som og blir til ein nydeleg bukett i toalettveska!
toalettveska
  
🧰
 
☀️ Solkrem er sjølvsagt eit must. Og då intet mindre enn vår luksussolkrem som eg kallar den, for ein solkrem med utruleg tindvedolje er ikkje berre unikt, men og genialt bra, for tindved førebygger og reduserer solskada hud! 🙌 Alle ingrediensane er, som i alle Vossabiaprodukt, nøye utvald alt etter helseeigenskapane til urtene, og her er i tillegg naturleg, fysisk solbeskyttelse som i no snart 17 år har gitt mange gyllen og fin hud, fått bort mange sin soleksem (det meldte seinast kundar på Hagemessen om), og så er det så mykje pleiande planter som passar på huden i denne deilige solkremen 💛🌱 Dryg som berre DET, så du kjem langt på huden med liten mengde. Eit kinderegg som beskyttar, pleier og nærer deg!
👱🏼‍♀️ På Rosmarinøya MÅ me ha beskyttelse til håret i form av hårserum med Rosemary! 🌿 Eg sjekka TikTok no, og fekk opp 139.500 emneknaggar med rosmarin! Folk elskar rosmarinen sin effekt på hår og hodebunn, og det er ikkje rart. Les meir om rosmarin for toppen av kroppen her.
Men, mange veit ikkje at eg har hatt superplanten rosmarin oppi begge hårseruma! 🌿 Det er ikkje berre ultragode Rosemary hair serum som har rosmarin! Det sinnsjukt deilige Lemongrass hair serum har også rosmarin, samt rosenrot og ryllik og ringblomst frå garden 💚 ALLE plantane som er i begge hårseruma har fortent sin plass i oppskriftene fordi dei alle er så innmari gode på hår, hodebunn, problemstillinger som hårtap og hårvekst, kløe og styrking av håret osv 🤩 Så det er ikkje måte på kor mange fine hår- og hodebunnsurter som er oppi desse to flaskene. Men, rosmarin er den svært mange no har høyrt om. Men, visste du at rosmarin også er knallgod på hukommelse, fokus, konsentrasjon og andre mentale ting og? Endå ein grunn til å putte den på toppen av kroppen! 😉
Det er også ein av grunnane til at eg brukar endå ein favoritt, som har rosmarin i seg, i pannen! 🖤 Panther balm nemleg! Og denne er i dagleg bruk og har sin sjølvsagte plass i toalettveska til turen! Alltid med uansett kor eg drar, om det så berre er til butikken! På Nord Kypros skal den på ømme musklar etter traktordekkveltinga 🚜 haha, og den skal halde unna myggen, den skal lindre eventuell kløe og få ned hovne bein på oss middelaldrande, men langt frå middelmådige kvinner. 😣 Skulle nokon få hodepine eller vondt og verk eller oppleve ledd og nervesmerter, då er det og fram med Panterbalsam.

Ein kjekk kar kom forresten på Hagemessen, han var sikkert i slutten av 60-åra, og han spelar aktivt tennis fleire gonger i veka, og han fekk med seg 3 nye store boksar Panterbalsam, for han bruker den på skuldre og albogar før han trenar tennis! 🎾 Genial type!
🌼 Ringblomstsalve og Kamillebalsam er sjølvsagt med! Altså, ikkje ein dag utan desse to husapoteka-på-krukke! Til ansikt, til føtter, til hender, til sår og eksem, kviser og kløe og fotsopp og etterbarbering. Osv osv. Til minsten og eldsten, til han og ho 💫 Berre å omfavne, og ta i mot alt dei to gir deg!

Og Kamillebalsam er eit MUST ETTER SOLING! Fabelaktig after-sun som pleier og heler meget effektivt! 🌞
🧡 Tindved og Nesle, som gir sånn nydeleg glød til ansikt og hals, og enormt med vitaminer frå tindved, granateple, hamp, nyperose og nesle, er i dagleg bruk, anten natt eller dag! 🌜🌞

🧿 Augebalsam, min kjære 16,5-åring er på kvar kveld og held huden rundt augene mine så fin.

Så få dei med i tur-toalettveska! 🧰
🛀🏻 Sjampo og skogssåpa i mini-reisestørrelser er så skjønne og små og tar ingen plass i toalettveska, men dei har stor effekt og enorm betydning for mitt hår, hodebunn og heile kroppen.
✨ Så, då er me klare! Med nye Konglelepper (som har litt solbeskyttelse også faktisk), Myntelepper og Huldrelepper i lomma så er me klare for tur og trening.
Så kjem eg heim om nokre dagar, klar for brennesleplukking!

Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia