❄️ Når vinteren bit… må me smøre smartere 💛 - Vossabia

❄️ Når vinteren bit… må me smøre smartere 💛

No frys det til over heile landet igjen, og mange av oss vaknar til blå tal på gradestokken.
Og midtvinters er det ikkje berre kulda ute som gjer sitt – det er kombinasjonen av kald luft ute og tørr, varm luft inne som kan vere skikkeleg tøff for både hud, hår og lepper.

👉 Resultatet?
Tørrare hud, sprukne lepper, brusete og statisk hår, tørre tuppar – og mange kjenner også meir stivheit i muskler og ledd når temperaturen svingar mellom inne og ute.
Så her kjem ei lita midtvinters-redning med gode tips frå oss i Vossabia 🌿

🧴 1) Kuldekrem – vinterens skjold for ansiktet

Kuldekrem er veldig populær for tida, og det er ikkje rart. Dette er den perfekte kremen når du skal i barnehage/skule, på tur, på skøyter, eller berre ut i kvardagskulda.

Kuldekremen vår har:

 

  • Ikkje vatn

  • Høgt innhald av gode fettstoff, som skaper barriere mot kald tørr luft og vind

  • Ingrediensar som hindrar fuktighetstap (bivoks og lanolin)

  • Pleiande og fuktgivande ingrediensar (squalane blant anna)

  • Nærande ingredienser som beroliger huden og motiverer irritasjon frå kulden

  • Solfilter (naturleg fysisk filter)

 


 

Ja, den er så mjukgjerande og! Hadde det berre vore beskyttelsen den gav, så hadde det vore flott det, men som i alle Vossabiaprodukta så er eg alltid ute etter Kinderegg-effekt med beskyttelse, næring, pleie og endå meir når eg utviklar oppskrifter.
 
Og den aller mest synlege effekten hugsar eg i Hoddevik på vintersurfing 🏄♀️ Knalleffekt på ansiktshuden!
 
Den gjekk frå raudflekkete og sår den eine dagen – til nydeleg smidig og jevn neste dag i havet 🌊 Og einaste forskjellen? Utan og med Kuldekremen vår 🙌

Her ser du nokre happy kinn som får meg til å mimre tilbake, og eg innser at det no er alt for lenge sidan eg tok ungane med på surfing der sist. 
 
Arrangørane av ein herleg kvinne-surfecamp i Hoddevik i haust minna meg også på det, så no er det rett før eg hiv meg i bilen retning Stad! 😉
 
Damene i havet surfa med Kuldekrem flittig i bruk – og dei digga også hårserum i håret når dei leika i kaldt hav 💙
(PS: Som i sola – hugs å tenke deg om i sterk kulde også: bøff, hue og dekk ansiktet godt om du skal vere lenge ute.)
👁️ 2) Augebalsam – når vind og kulde gjer augene slitne og hovne

Når det bles og tårer renn i vinden, kan huda rundt augene bli ekstra sår – og mange får også meir hovne auge.

Augebalsam er genial til:

  • Vind og “tåreauge” i kulda

  • Hovne auge og sår hud rundt augene

  • Nattkrem-kos for den mest sensitive huda

Det var på vinterferie i Lindesnes med ungane eg oppdaga kor genial Augebalsam er i vinden.
 
Me sykla masse, og me undersøkte fyr og strender og kosa oss skikkeleg – i konstant kraftig og kald vind. Augene rann og eg fekk hovne auge etterkvart av salte tårer, rivande vind og kald luft og sterk sol, og då fekk eg denne Eureka-opplevinga:

🧴✨ 3) Pakken: Kuldekrem + Augebalsam = Vinterens redning

Når Augebalsam + Solkrem var heilt genialt i vinden… så er Augebalsam + Kuldekrem minst like genialt i mange minusgrader🥶
 
Den ganske nye pakka med Kuldekrem + Augebalsam har blitt enormt populær – og det skjønner eg godt. Den kombinasjonen er rett og slett ei vinterpute for ansiktet 💛
 
I dag er faktisk dagen for den! Medan kuldegradene kryp lenger og lenger ned på gradestokken på formiddagen her, så aukar vinden i takt.
 
Såpass at eg som er så glad i å bli røska litt i måtte ta meg ein liten tur oppover skogsvegen og kjenne vinden rive i meg. Og då sjølvsagt beredt!
💆♀️ 4) Rosmarin Hårserum + Sitrongras Hårserum – mot statisk hår, tørre tupper og hodebunn

Vinteren gjer ofte håret både tørrare og meir statisk, og mange får meir brus og “flyge-hår”.

Perfekt både for oss som vil temme flygehår i kvardagen – og for dei som vil gi håret skikkeleg pleie som hårkur. Eller for dei som kastar seg i kaldt hav.


Hårseruma er perfekte no fordi dei kan brukast slik:

  • Litt og forsiktig i tupper og brusete hår (dagleg pleie)

  • Som hårkur 1–2 gonger i veka

  • Gjerne over natta for ekstra pleie ✨


👄 5) Sprukne lepper? Panterbalsam redder dagen

Leppene blir ofte tørrare på vinteren og treng meir pleie enn på sommaren.
 
Og får du ei skikkeleg sprekk i leppa? Eller kanskje slit du med herpes? 
👉 Då er Panterbalsam heilt fantastisk til å heale kjapt.
 
Bonus: Eg brukar den også flittig no på vinteren når kroppen blir litt stiv av kulde og temperaturbytte – på føtter, hofter, og så er det så godt å smøre inn bryst, hals, nakke og panne.
 
Tips: Smør eit tynt lag, og legg gjerne på igjen etter ei lita stund om det er skikkeleg tørt/sprukke.


⭐️⭐️⭐️⭐️⭐️
«Helt fantastisk produkt»
Det aller, aller beste for mine muskelsmerter.
Rygg, hofter, lår, skuldre og nakke.
- Tor Einar B.

 

🤲 6) Mjuke Hender – vinterfavoritten som held lenge på fukt

Mjuke Hender er i bruk fleire gonger om dagen her no. Den er så deilig å smøre på, og den held lenge på fukten og med liten mengde av denne dryge deilige handkremen så blir du ikkje klissete i det heile. 
Perfekt når hendene blir tørre av kulde, varme inneluft og mykje vask.

Og eg elskar at den inneheld rosenrot hausta rett utanfor i fjellet her - ei av dei mest kraftfulle plantene me har i Norden.
 
Den er kjent som ei adaptogen plante (altså ei plante som hjelper kroppen å stå stødigare i stress og som hjelper å auke energi), men den er også nydeleg for huda:
rosenrot kan støtte hudens spenst, ro og styrke når den blir tørr og irritert.

Me har den med fordi me trur på fjellkraft i kvardagen – heilt ned i handkremen 🤲💛

🌸 VISSTE DU AT…rosenrot er anti-age for huda?
Rosenrot (Rhodiola rosea) inneheld naturlege antioksidantar som kan hjelpe huden med å:
  • støtte kollagenet i huden (spenst og elastisitet)
  • beskytte mot oksidativt stress (som kan gi tidleg aldring)
  • roe rødhet og irritasjon
  • styrke hudbarrieren – perfekt i vintervær

Det er derfor rosenrot passar så fint i ei handkrem: hendene er jo ofte den delen av kroppen som får mest “vær og vind” året rundt 💛
 
I Mjuke Hender er rosenrot med på å gi styrke, glød og spenst til vintertørre hender ✨🤲
❄️ Mini “Vinterrutine” for ansiktet (enkel og deilig)

Om du vil gi huda litt ekstra midtvinters, her er ein liten rutine som kjennes ut som spa – men som er lett å få til:
 
1. Skrubb jamnleg med Rose- og rødkløverskrubb
 
2. Maske-kos med honning
- gjerne med roseskrubben, eller med litt gurkemeie 
– eller “Vossabia -style”: oppmalte barnåler (som me gjorde på samlinga på Villa Vetleskog i Luster 🌲✨)
 
3. Etterpå: Tindved & Nesle eller Ringblomstsalve som dag-/nattkrem
 
4. Skal du vere lenge ute?
 👉 Smør deg med Kuldekrem rett før du går ut
 
5. Og ja: leppepomade i lomma alltid!
Favorittane no er Bringebærlepper og Myntelepper… men eg ser at brune lepper trendar – så kanskje eg må bli litt meir “siste skrik”med Konglelepper 😉🤎

Barnål-maske med fantastiske Hildegunn og Miriam
Me har endelig fått oss ein Vossabia-snap! Hadde vert dødskult om du ville lagt oss til👻
Her blir det mykje behind the scenes og du får sjå kva me gjer på i kvardagen🤩
Trykk på ikonet over for å legge oss til!

✨ Kort oppsummert: Våre vintertips


 ✅ Kuldekrem – beskyttar mot kulde og held ansiktet smidig i kulda

 ✅ Augebalsam – perfekt mot vind, sår hud og hovne auge

 ✅ Rosmarin + Sitrongras Hårserum – mot statisk hår og tørre tupper og hodebunn

 ✅ Panterbalsam – redder sprukne lepper og stiv vinterkropp

 ✅ Mjuke Hender – mjuke, smidige hender heile dagen

 ✅ Leppepomadene – til dagleg pleie og forebygging av tørre lepper

Klem frå,
oss i Vossabia 🐝