Me lagar alt for hand. Sjølvsagt.
For oss er det faktisk heilt sjølvsagt. Og slik kjem det alltid til å vere.
I over 22 år har eg stått beinhardt i dette valet:
Vossabia har vore handlaga frå A til Å, og det fortset me med for alltid! Kvifor? Det er det dette nyheitsbrevet handlar om 💚
Frå eg sit djupt nede i bøker, forsking, gamle urtetradisjonar og studerer korleis planter, oljer, bivoks, honning og botaniske stoff virkar saman… til eg og gjengen min går ute i enga og plukkar ein og ein plante med hendene våre når planten er på sitt aller beste 🌿🐝📚
Frå skånsam tørking og foredling, til små batchar laga med menneskeleg kontroll, sensitivitet og omtanke i alle ledd.
Til hender og hjarte som set etikettar på produkta dine, pakkar dei og sender dei avgårde med håp om at du skal kjenne fantastisk natur på hud og hår, oppleve den gode effekten og kjenne kor mykje omsorg som ligg bak kvart produkt 💚

Og kanskje høyrest det litt rart ut å vere så opptatt av det handlaga i 2026. Men eg trur faktisk det er viktigare enn nokon gong.
For me lever i ei verd som er blitt meir og meir syntetisk, automatisert og maskinstyrt. Framandgjort rett og slett. Og nettopp difor kjenner eg så sterkt at me må halde fast på det menneskelege. På handverket, nærværet og det ekte 🤲✨

Alt startar med kunnskap og behovet for noko betre
Alle produkta våre startar lenge før oppskrift og produksjon. Dei startar med at eg kjenner på eit behov, oftast hjå meg sjølv og familien. Men også hjå kundar som etterspør. Eller eit behov i samfunnet.
For me lever i ei tid der huden vår blir utsett for enorme mengder syntetiske stoff, stress, forureining, hormonforstyrrande kjemikalier og unaturlege belastningar. Og då har eg heilt sidan starten på 2000-talet kjent sterkt på ønsket om å skape noko betre, tryggare, meir ekte, levande og ikkje minst meir nærande. Ja, det handlar alltid om helse 💪🏻

Så eg går i djupna og studerer urter, planteoljer og ekstrakter, fytokjemi, hud, absorpsjon, tradisjonar og korleis ulike ingrediensar påverkar kvarandre. Kva ingrediensar som forsterkar kvarandre og gir endå meir effekt. Kva som forstyrrar plantane. Kva som passar saman – og ikkje.
For det er ein kunst å lage gode produkt. Sensitiv kunst, spør du meg 💖
Det handlar ikkje berre om å blande saman “fine ingrediensar”. Det handlar om å forstå korleis planter, oljer, bivoks og hud virkar saman. Korleis planten slepp frå seg næring, korleis huden tek opp næringa, og korleis ein kan skape den botaniske profilen og effekten ein ønsker.

Frå eng til krukke – med full kontroll
Kvalitet er eit av dei store fortrinna med handlaga produkt.
Når me skal plukke inn eigne urter må me vurdere vær, temperatur og tidspunkt før me går ut og plukkar. Ulike planter må plukkast til ulike tider og under ulike forhold for å vere på sitt beste. Og når me plukkar, så plukkar me ikkje berre “råvarer”. Me plukkar ein og ein plante og vurderer kvaliteten nøye før den havnar i korga.
I dag for eksempel trudde me at det skulle vere nesleplukking i timesvis, for vervarselet lova godt ver og neslen er perfekt no. Men nei, det kom lokale regnbyger og heile plukkedagen vart stansa. Me prøver igjen i morgon og er klar til å springe ut når neslene er tørka, veret er godt og det ikkje er blitt for langt på dag ☀️🌧️🌿
Frå bakkane våre er det kort veg frå eng og korg til skånsam tørking eller foredling til olje og tinktur. Urtene blir tørka langsomt og forsiktig i romtemperatur, beskytta mot sterkt sollys slik at mest mogleg av krafta, næringa og dei aktive plantestoffa blir bevart vidare inn i produkta.

Det ureiste og det ferske betyr faktisk noko. Korleis planten blir behandla etter plukking betyr noko også.
Og det fekk eg ei veldig tydeleg påminning om i dag.
Me er snart tomme for vår eigen rødkløver som blei handplukka her på garden i fjor til bruk i Rose- og Rødkløverskrubben. Eg kjøpte difor inn økologisk tørka rødkløver for å ha noko i overgangsperioden før den nye rødkløveren igjen står klar ute på bakkane våre.

Men då me opna pakken såg eg med ein gong at dette ikkje var godt nok.
Den var brun. Full av stilkar frå tydeleg maskinell innhausting. Lukta mangla den friske, levande krafta vår eigen rødkløver har, og plantane var tydeleg av lågare kvalitet enn eg krev.
Og då tok eg avgjerdsla med ein gong:
Me får heller gå tom for den populære ansiktsskrubben Rose- og Rødkløverskrubb 🌸
Då set me heller produktet som utseld i nettbutikken ei stund. For det er uaktuelt å bruke annanrangs kvalitet i produkta våre. Så viktig er dette for meg.

Små batchar, store forskjellar
Me lagar berre små batchar, sjølv om me no sel mange tusen produkt i veka. Og det betyr noko.
For når du lagar 100 krukker i staden for 100.000, som dei gjer i ein fabrikk, så kan du faktisk vere tett på heile prosessen. Me ser, luktar, kjenner og vurderer alt undervegs. Kanskje ein eterisk olje luktar annleis i ein ny batch frå leverandør, og dermed oppfører seg litt annleis i det ferdige produktet.
Dette fangar menneske opp. Her og no.
Me bruker sansane våre konstant i produksjonen, og me kjenner med ein gong om noko ikkje er heilt som det skal. Og då kan me justere der og då. Det er ekte kvalitetskontroll 💫
I masseproduksjon blir ofte berre små prøver testa frå enorme batchar. Når tusenvis av produkt allereie er laga, er det lite som kan gjerast dersom noko ikkje blei heilt riktig. Hos oss følger menneske batchane heile vegen, i detalj 🔎

Me passar temperaturar nøye slik at ikkje oljer mister næring eller kraft. Me vurderer konsistens, lukt og kvalitet heile tida. Rekkefølga er nøye planlagt etter plantanes sensitivitet og med respekt for å bevare plantens næringssamansetting. Alt frå smelting og samanblanding av råvarer til helling i krukker skjer når me veit og kjenner at tidspunktet er riktig.
Det er godt arbeid. Det er handverk. Og kunst 🎨
Det er for eksempel ikkje nok at ei oppskrift er smelta saman og blanda godt på rett temperatur. Me må vurdere temperatur vidare før helling, me vurderer konsistens, timing og korleis produktet oppfører seg før det får kome i krukker, flasker eller hylser.
Leppepomadane våre er eit godt eksempel. Dei må fyllast når temperaturen er akkurat riktig, og så må kvar einaste ein etterfyllast på rett tidspunkt for å unngå hol i midten når massen stivnar. Det høyrest kanskje ut som ein liten detalj, men det er akkurat slike detaljar som skil handverk frå industri. Det krev presisjon, fokus og menneske som faktisk bryr seg om sluttresultatet.

Handverk gir rom for unike produkt
Handverk handlar ikkje berre om korleis me lagar produkta. Det handlar også om kva slags produkt det faktisk blir mogleg å skape.
Når du arbeider i små batchar med menneskelege prosessar, så får du ein fleksibilitet og innovasjonshandlekraft som industrien aldri kan matche.
Dersom mange kundar gir tilbakemelding på noko, så kan eg gå rett inn og forbetre ei oppskrift. Eg treng ikkje vente på gigantiske fabrikkprosessar eller produksjonslinjer som er låste i månader framover.

Og mange av produkta våre hadde faktisk vore nær umoglege å lage industrielt.
Ta sjampoen vår som eksempel 😅
Her plukkar me ekte planter som skal kokast ulikt alt etter kor lang tid det tek før planten slepper sine mineral. Deretter står blandinga og trekker i mange timar før den blir kaldrørt saman med økologiske oljer og milde såpestoff.
Sakte, manuelt og skånsamt, med skarpt blikk og know how deluxe. Prøv å putte DET inn i ein standardisert fabrikkprosess 😅
Handverk gir rom for levande formuleringar, ekte planter og unike prosessar medan maskinproduksjon krev standardisering og ingrediensar som oppfører seg “perfekt” i maskiner.

Når planter virkar sterkare saman 💚
Eit anna eksempel eg elskar er Kroppsbalsam.
Fleire av dei aktive ingrediensane kjem direkte frå slåtteengene våre her på garden. Og noko av det fascinerande med plantekunnskap er korleis enkelte planter faktisk forsterkar kvarandre når dei blir brukt saman.
Ryllik og rødkløver er eit slikt par.
Kvar for seg er dei fantastiske planter. Men saman skapar dei noko endå sterkare. Dei forsterkar kvarandre botanisk og gir endå meir til huden saman.
Og dette er jo også noko av det vakre med handlaga hudpleie. Det menneskelege, lokale og nære gir faktisk heilt konkrete fordelar i sjølve produktet. Det handlar ikkje berre om filosofi eller stemning. Det handlar om kvalitet, kraft og effekt heilt ned på ingrediensnivå.

Difor lagar me ikkje vassbasert hudpleie 💧
Eit anna viktig prinsipp frå starten har vore at eg ikkje ville lage vassbaserte hudpleieprodukt.
For med vatn kjem behovet for konserveringsmiddel, emulgatorar, stabilisatorar og fyllstoff for at produktet skal kunne produserast i maskin, tole lang lagring, butikkhyller og global distribusjon – typisk for industrikosmetikk.
Eg ville heller, som eit lite opprør mot industrikosmetikken, lage aktiv, sakte, handlaga og nærande hudpleie som eg faktisk heller kallar mat for huden enn kosmetikk.
Det skal vere fersk hudpleie. Fersk mat for hud og kropp. Levande hudpleie som gir deg masse. Og plantekraften skal ikkje tynnast ut med vatn.

Energi, intensjon og respekt
Dette er kanskje det mest personlege av alt eg deler her. Men eg er heilt overbevist om at energi betyr noko.
Det er faktisk ikkje lov å gå rundt med tunge negative tankar i produksjonskjøkkenet vårt 😅 For eg trur oppriktig at energien og intensjonane me har påverkar det me skapar og kjem i krukker og flasker. Er ikkje alt energi og frekvensar eigentleg? ⚡️
Når me lagar produkta våre, så skjer det med respekt. Respekt for plantane. For biene. For naturen. For menneska som har dyrka ingrediensane me får frå andre delar av Europa. Og ikkje minst respekt for DEG som skal bruke produkta.
Eg ønsker at produkta våre skal bere med seg noko godt. Noko oppbyggande. Noko varmt og ekte.
Og dette er ein måte å arbeide på som maskiner aldri kjem til å kunne erstatte.

Handlaga er også berekraft ♻️
Når me bruker mest mogleg av ressursane som finst rundt oss her på garden, blir det både ureist, meiningsfullt og berekraftig. Det er skjøtsel av gamle slåtteenger, styrking av biologisk mangfald og bruk av lokale råvarer i praksis.
Samtidig brukar me lite straum, lite vatn og naturlege vaskemiddel, utan tunge industrielle prosessar.
For meg heng dette saman: kvalitet, natur, handverk og respekt.

Hovud, hender og hjarte
Eg trur kanskje det er det dette eigentleg handlar om.
Å få lov å skape med hovud, hender og hjarte. Å halde noko menneskeleg i live i ei tid der stadig meir blir kunstig og automatisert. Å skape produkt med nærvær, kunnskap, omsorg og ekte intensjonar.
Dette sitatet taler spesielt til meg, og eg kjenner at det er dette Vossabia handlar om:
Ein person som jobbar med hendene er ein arbeidar
Ein person som jobbar med hender og hode er ein handverkar
Ein person som jobbar med hender, hode og hjerte er ein kunstnar
For når du opnar ei krukke frå Vossabia, så ønskjer eg at du skal kjenne det.
At dette ikkje berre er “hudpleie”.
Dette er handverk.
Plantekraft.
Kunnskap.
Omsorg.
Gode menneske.
Gode intensjonar.
Og det kjem me aldri til å slutte med 💚

With deep gratitude from Renate 💛
Queen bee 🐝 in Vossabia