🎉 FREE SHIPPING + great atmosphere in the yard - Vossabia

🎉 FREE SHIPPING + great atmosphere in the yard

The hive is buzzing – construction, gardening, jazz and good news!

Vår i tunet, sus i bygginga – og FRI FRAKT! 🌼

Eg blei heilt gira i tunet her no! Det går så det susar med bygginga av det nye produksjonsbygget vårt – BIKUBA 🐝

Me hadde byggemøte i dag, og det er berre gode nyheiter! Vill og våryr, og ventetida til nytt bygg har aldri vore kortare. Og no er det straks palmehelg med Vossa Jazz og marknad…

Så eg tenkte: skal me ikkje berre FEIRE litt? 🎉
👉 FRI FRAKT på alt ut fredag 27. mars!

FRI FRAKT – til ut fredag! 🎉 Feire vår og framdrift saman med oss! 👉 Fri frakt på alle bestillingar

👉 Gjeld til og med fredag 27. mars
👉 Bruk rabattkoden: FRIFRAKT
BRUK FRI FRAKT HER
Seimen AS som er den eminente totalentreprenøren min, sa det så fint i dag: No er me i gang med oppløpssida av byggingen! Fase 5 er i gang! Fliser er kome på golva i garderobe og WC, plating og isolering i tak er i gang, og malar held på å olje massivtreet, heisen er ferdig, og teknisk rom er fullt av rør og elskap og vasstanker og mykje eg ikkje skjønner noko av.
🎉 FREE SHIPPING + great atmosphere in the yard
Og eg står og kikker opp på den enorme bjelken 5 meter over golvet i den fine Salen i andre etasje, og ser at NO skal eg bestille svivel, karabin og alt som trengs av hardware til å rigge klar for Aerial Silk. Her blir det sirkusshow med Ylva på opningen altså!
🎉 FREE SHIPPING + great atmosphere in the yard

Ylva med opningsshow på NM i Aerial Silk

Etterfulgt av test-yoga for alle som har vore involvert i byggingen! Hehe. Dei gleder seg veldig til å vere testgruppe for gårds-yoga-retreat og det vart tatt opp på byggemøte i dag, sjekk kor dei gleder seg 😂

🎉 FREE SHIPPING + great atmosphere in the yard
Seimen AS sine gode folk, min uunnværlege prosjektleiar i Opak AS, Mølster Installasjon sine knalldyktige elektrikarar og solide Stanghelle rørleggerfirma. Dette blir bra!
Eg prøver å trekke dei litt og foreslo til og med hot yoga! Me får nemleg inn ein vedovn som i følge skildringa er intet mindre enn kompromissløs! Med golvvarme frå bergvarmeanlegg i tillegg så blir det bra nok temperatur til heit yoga ja 🥵🧘
Litt tull og tøys, men eg ser faktisk ikkje bort frå at det faktisk blir noko av med denne gjengen her altså! 😅 Kjekt å jobbe med folk som både er flinke og nokre skikkelege friskusar!
★ ★ ★ ★ ★

Beste sjampoen på lukt, held håret mjukt og fint . Og aldri hatt sår hodebunn etter at eg tok den i bruk.

— Sigrud B.
★ ★ ★ ★ ★

Så fornøyd med tindved og nesle . Bruker den som dagkrem, gir så fin glød i ansiktet.

— Tone S.
Etter påske er det mykje som kjem til å skje, både inni nyebygget og ute.
Gartnarar kjem og ordnar utomhusarealet til ein magisk samlingsplass. Eg får og den herleg kreative hageplanleggeren Elin frå Blomen Hage og Landskap på besøk etter påske og me skal planlegge mange spennande hagerom som verkeleg vil få fram dei konsepta eg i årevis har drøymt om å realisere.
Dette kjem til å bli ein destinasjon du kjem til å drømme om å kome til! Og det kan du!
🎉 FREE SHIPPING + great atmosphere in the yard

Blomedama Elin vandra her i fjor og, så me har alt nokre spennande skisser å jobbe vidare med

Det spirer i hodet og i bygget og ikkje minst også i plantekjellaren. Frøposane får tømt seg i desse dagar, og det blir også ein perfekt påskeaktivitet å så endå meir. Med FRI FRAKT nokre dagar no så håpar eg fleire kjenner det spire og at våryre gleder sprer seg. Då er det perfekt å for eksempel førebu seg med pakketilbodet Hagen på hendene.
Spar 86,00 kr
The Garden at Hands - Vossabia
The Garden on Your Hands
Tilbud 489,00 kr Ordinær pris 575,00 kr
★ ★ ★ ★ ★

Har brukt flere av disse kremene fra Vossabia i flere år. De hjelper godt både for en tørr og allergiplaget hud . Håndkremen er veldig fin spesielt på vinteren når jeg tenker litt ekstra pleie.

— Grete K.
Elles spring eg rundt og har ca. tjuefem ballar i lufta på ein gong og prøver å lande den eine etter den andre 🤹
Her går det altså sånn i eitt, og det summer i både den eine og andre bikuben her. I drivhuset er det meir klukking enn summing, for dei nye hønene mine har verkeleg vorte varme i fjøra 🐔 og har no snart rensa og gjødsla og rydda klart i drivhuset til utplanting av oppalsplanter om ein måneds tid.
🎉 FREE SHIPPING + great atmosphere in the yard
Eg elsker vekselbruk og fleirfunksjonstenking, og det tenker eg hønene mine gjer og. Dei luker og renser i jorda frå forrige sesong, gjødsler og gir oss i tillegg egg (om enn av varierande størrelse!) og tilbake får dei god tumleplass og tilgang på jord sjølv om vinteren, dei er trygge for reven 🦊 (som følger med), og dei har den geniale tunnelen mellom hønsehus og drivhus som gir enkel adgang til leik og arbeid i jorda. Det handler vel alltid om å gje og ta 🧑‍🌾🐓
🎉 FREE SHIPPING + great atmosphere in the yard
Palmelørdag er det som alltid torgdag på Voss. Det blir godstemning og konsertar i tillegg til kjøp og sal. Det er nemleg Vossa Jazz-torgdag!

Det er alltid moro med marknad! Og eg meiner det er så enormt viktig å vere med. Det var slik Vossabia starta på begynnelsen av 2000-talet.
Jonatan smører seg inn

Emil blei tidleg lært opp i stå på marknadar🤩

Marknadssal med dialog og deling over marknadsbord, og det kjem me ikkje til å slutte med. Det er kjernen i alt! Å møte kundar, få tilbakemeldingar, la folk få kjenne, lukte, spørre og ta del i vår verden. Og ikkje minst: me lærer ekstremt mykje av kundars bruk og erfaring med produkta.
Så marknad er gull uansett. Og marknad under Vossa jazz = gooood stemning! Er du i nærleiken så kom og opplev det du og! Og så blir det jo nokre gode marknadstilbod då vettu 🤩
Nei, no må eg suse til bassenget der eg skal vere symjetrenar straks. Då fyller eg sjølvsagt bagen med Sjampo, Kroppsbalsam, Ringblomstsalve og Panterbalsam. Og så slenger eg meg kanskje uti i dag eg og! Ingenting er som å symje!
Spar 188,00 kr
Package offer for the family: Calendula Balm 100 ml 💚 Shampoo 250 ml 💚 Panther conditioner 50 ml - VossabiaFamily package 💚 Calendula Balm , Shampoo, Panther Conditioner
Family package 💚 Calendula Balm , Shampoo, Panther Conditioner
Tilbud 1.049,00 kr Ordinær pris 1.237,00 kr
God palmehelg, og kanskje ser me deg på Vossa Jazz sin torgdag på lørdag? Og til slutt: sjekk kor fint bygget er blitt med kledning no då!
Renate Lunde

Beste helsing frå Renate 💛
Dronningbia 🐝 i Vossabia