Flåttsesongen er i full gang, men heldigvis hatar dei Panterbalsam 🐝
For første gong har me fått FLÅTT på folk her heime! 😳 Bak øyra til seksåringen min Jonatan fann Ylva ein flått forrige dagen, og eit par av dei tilsette melde og om flått etter plukketur. Kva skjer! Tidlegare har berre kattane dratt med seg flått heim, og det var alt i meste laget spør du meg.
Eg ser no at det stadig dukkar opp reels og artiklar om at det er meir flått enn vanleg i år, så då forklarar det saken... Så då tenkte eg det var på tide å dele ein av dei mest fascinerande "bi-effektane" 🐝 av vår elskling Panterbalsam 🖤💛

💚 Muskelverk og stive ledd
💚 Hovudpine og tett nase
💚 Krampar, og spenningar i nakke og rygg
💚 Insektstikk, kløe og småplager
Men gjennom meir enn 10 år har kundane våre lært meg mykje om Panterbalsam. Blant anna at den er suveren på voksesmerter, ledd- og nervesmerter, smerter ved betennelse… Og noko eg aldri hadde tenkt på då eg laga salven for 22 år sidan:
Flåtten held seg langt unna Panterbalsam!
Panther balm

Nr.1 turkamerat 🥰
Ei eldre dame kom målbevisst bort til boden min og sa:
"Eg treng meir Panterbalsam. Etter eg byrja å smøre den på leggane når eg går tur med hunden i skogen, har eg ikkje fått ein einaste flått."
Ho var van med å få flått på nesten kvar tur. Eg vart så nysgjerrig og syntest det var superspennande. Så helga etter skulle eg på marknad på Værlandet og Bulandet. Der var det ikkje flått som var problemet, men knott. EKSTREMT mykje knott 🦟

Resultatet? Knotten heldt seg heilt unna meg, medan ungane som leika i pyttane på svaberga var framleis fullstending omsverma. Heldigvis brydde dei seg ikkje så mykje, dei var langt inni rollespel og leik ;)
Sidan den gong har eg fått hundrevis av tilbakemeldingar om akkurat det same:
🖤 Mindre flått
💛 Mindre mygg
🖤 Mindre knott
💛 Til og med hjorteflue likar ikkje Panterbalsam
Og det er eigentleg ikkje så rart.

Den kom godt med i militæret og! Medan andre medsoldatar var omsverma av mygg og slo rundt seg, kunne Emil slappe heilt av med sitt usynlege mygg-skjold 😂
Me kan sjølvsagt ikkje garantere at ingen flått bit deg. Men når hundrevis av kundar fortel det same gjennom år etter år, og forskinga peikar i same retning, så begynner brikkene å falle på plass.
★ ★ ★ ★ ★— IrisDen holder flått, mygg og knott borte! Mye bedre å smøre med dette enn de stinkende myggsprayene.
★ ★ ★ ★ ★— SolveigGod mot flått. Bruker den om sommeren. Hjelper på vonde muskler, tett nese og insektstikk.
Ei av dei tilsette hadde fått flått på seg før ho rakk å smøre seg. Ho tok litt Panterbalsam på flåtten. Den slapp taket med ein gong.
Kor kult er ikkje det? 😁

★ ★ ★ ★ ★— AstridHar brukt den med forventning på blåbærtur og ellers på turer i marka. Da spesielt med tanke på å jage bort insekter og flått og den virker! Blir nok en god turvenn😊
★ ★ ★ ★ ★— LailaElsker panterbalsam og de andre produktene til vossabia. Panterbalsam er med på alle turer- ideelt for å forhindre mygg flått og knott- 😊 beste kremene som finnes!
🐝 Finn fram Panterbalsamen
🐝 Ha den med i sekken
🐝 Smør litt på anklar, leggar, handledd og andre område som er utsette når du skal på tur.
Førebyggande helse kan vere så enkelt.
Og skulle du ha hund, så må eg dele denne kundehistoria, som er ei av veeeeldig mange om hund, Panterbalsam og flått som ikkje lenger dukkar opp:
★ ★ ★ ★ ★— KarinaSidan mars, då eg byrja å smøre litt Panterbalsam på halsbånd og sele, har hunden berre hatt to flått. Tidlegare fekk han mykje meir. Vi går i hei- og blåbærlyng fleire gonger i veka." – Karina

Kattar toler ikkje alle eteriske oljer like godt. Då er eit enklare tips å blande dette på ei sprayflaske:
- 2 koppar kvit eddik
- 1 kopp vatn
- litt mandel- eller olivenolje
Spray forsiktig rundt hals og område der flåtten ofte festar seg.
God tur, god sommar, og måtte flåtten halde seg langt unna! 🌿🐝💚

With deep gratitude from Renate 💛
Queen bee 🐝 in Vossabia





