A fragrance journey to Narnia... 🌿✹ - Vossabia

A fragrant journey to Narnia... 🌿✹

From bluebell forest to perfume lab – this is the start of something new

Ei duftreise til Narnia – og starten pĂ„ noko heilt nytt 🌿✹

Desse siste dagane! For ei reise. For ei ny opning inn i ei verd eg eigentleg har vore ein del av heilt sidan 2004 – utan heilt Ă„ vite det.

I helga var me i New Forest i England pĂ„ parfymekurs. Men dette var sĂ„ mykje meir enn eit introduksjonskurs i parfymemaking. Det kjennest som starten pĂ„ neste kapittel i Vossabia si utvikling – ei vidareutdanning inn i duftenes verden, der me no tek alt me har gjort intuitivt i over 20 Ă„r
 og lĂžftar det opp i bevisstheit, kunnskap og endĂ„ djupare forstĂ„ing.
For det gjekk opp for meg der, rundt arbeidsbordet saman med parfymemakar Gilbert: Eg har jobba med duftkomposisjon heilt sidan det fĂžrste produktet vart laga. Eg har berre ikkje kalla det det.

Og kanskje endĂ„ meir interessant – Gilbert fortalde at det er langt vanskelegare Ă„ skape harmoniske og balanserte dufter i naturkosmetikk enn i tradisjonell parfyme. Og aller vanskelegast? Duftlys. (Det forklarar kvifor eg nesten aldri likar dei
 😅)

Hos oss har duft alltid hatt ei djupare meining. Me har valt eteriske oljer for helse, energi og effekt – men alltid ogsĂ„ for korleis dei spelar saman. Kva dei skapar. Kva dei gjer med oss. Korleis dei kjennest i mĂžte med bivoks, planteoljar og hud.

Og no
 no tek me dette vidare.
A fragrant journey to Narnia... 🌿✹

Ei reise gjennom duft – frĂ„ fĂžrste til siste stund

Heile turen vÄr vart ei samanhengande duftreise der me trente nasane vÄre til Ä lukte. SÄnn djupt og ordentleg. Me trente hjernen til Ä setje ord pÄ det me kjente.
Me skjerpa sansane – og vart meir bevisste enn nokon gong pĂ„ kva duft faktisk er.

Me vandra i blÄklokkeskogar, med fasanar og smÄ hjortedyr rundt oss.
Me gjekk gjennom blĂžmande ramslĂžkskogar, og me la oss ned og berre var der.
Me kÞyrde med vindauga nede pÄ smale vegar innramma av all verdas grÞnfargar i skogane, og fanga duftene av treslag, brennesle, kusymre og vÄr i grÞftekantane.
Me besĂžkte biodynamiske gardar der jord, blomar, valurt, klengemaure, eik og animalske tonar vevde seg saman til noko levande og ekte.
Og sĂ„ var det dei eldgamle skogane
 ÄÄÄÄ, himmel! New Forest altsĂ„!!
A fragrant journey to Narnia... 🌿✹
Det var sÄ magisk, sÄ sterkt for bÄde mor og to ungdomar pÄ tur. Som Ä tre inn i Narnia.
Fugleliv som i ein jungel. Blomar i blÄtt, gult, kvitt og rosa, med grÞne blad som eit teppe over skogbotnen.

Gamle eiketre, mektige bĂžketrĂŠr, kristtorn – og barlind som kan vere opp mot 1000 Ă„r gamle. Det var kjempesequoiaer pĂ„ over 150 tonn som ruva opp i himmelen, innfĂžrt frĂ„ Amerika for mange mange hundre Ă„r sidan.

Ville hestar og esel som stoppa trafikken, fĂžrst overraskelse og forundring – sĂ„ smil og latter
 og eit heilt eige og unikt duftinnslag i landskapet.
Midt i alt dette kjende me det sÄ tydeleg: Vossabia hÞyrer heime her.
A fragrant journey to Narnia... 🌿✹
Frodigheita. Villheita. Naturen i full utfalding. Å, gu sĂ„ perfekt for oss! Midt i ein eksplosiv vĂ„r, som var komen mykje lenger enn den forsiktige vĂ„rstarten heime.

Det var som om produkta vĂ„re passa naturleg inn i New Forest – ikkje berre visuelt, men energetisk, sanseleg og levande.
Rosemary hair serum
Offer 279,00 kr
🌿 Opplev dufta sjþlv
👉 Utforsk Rosmarin HĂ„rserum
👉 Opplev Tindved & Nesle
👉 SjĂ„ Augebalsam
👉 Les meir om Ringblomstsalve

FrÄ vill natur til parfymelab


Alt me opplevde ute, tok me med oss inn i verkstaden.

Der lĂŠrte me:
– om rĂ„varer og duftstesoff
– om hjernen og luktesansen
– om top-, midt- og basenotar
– om akkordar og komposisjon

Men det viktigaste av alt?

Å utvikle sjĂžlve luktesansen. Å kjenne. Å skildre. Å forstĂ„.

Helen Keller kalla luktesansen “the fallen angel of our senses”, og eg trur ho har rett. For dette er ein sans dei fleste av oss nesten har glþymt – men som rommar enorm glede, djupne og tilknyting. Og det fine?

Me kan trene han opp igjen.
A fragrant journey to Narnia... 🌿✹

“Do a daily dip”


Eit av dei beste rÄda me fekk var enkelt: Do a daily dip!

Stikk nasen nedi noko kvar dag. Ein krem. Ein eterisk olje. Ein blomst. Ein kopp te.

Kjenn etter og prÞv Ä setje ord pÄ det du opplever. Det er nesten som Ä lÊre eit nytt sprÄk.
Og det gjer noko med korleis du opplever verda.
A fragrant journey to Narnia... 🌿✹

Duft som musikk đŸŽ¶


Vossabia har ein skala der me lagar vĂ„r unike duftmusikk. Me lagar tonar og akkordar – og produkta er melodiar som spelar saman i vĂ„r natur, eng, blomst og skogmusikk.

Nokre er meir diskrete
– som Skogdeo, Kroppsbalsam og Sjampo

Andre spelar pÄ kraftigare notar
– som Skogen pĂ„ Kroppen, Sensuell (verdens beste glidemiddel 😉) og oljeparfymen Essensiell Sensuell, perfekt bak Ăžyrene, i halsgrop, bryst
 eller litt pĂ„ puta. ForfĂžrande sitrus smelta saman med woody, musky patchouli – ein rik, djup og heilt unik duft.

Eller kva med Mjuke hender? Du mÞter fÞrst ei dempa, flÞyelsmjuk rose som blir elegant lÞfta av lett aromatisk og balanserande lavendel. SÄ smeltar blomane saman og omfamnar deg nÄr du smÞrer inn hendene. Kanskje kjenner du dÄ basen med bivoks, sheasmÞr og kokos som legg seg som eit mjukt og nÊrande slÞr mot huden og fÄr duftene til Ä kjennast som ein del av deg.
A fragrant journey to Narnia... 🌿✹

Sea buckthorn and nettle for the face

Og sÄ har du desse to som kvar dag rÞrer noko ekstra i meg


🌿 Rosmarin HĂ„rserum
🌿 Tindved & Nesle

Desse gir meg alltid ei djupare pust – ofte etterfulgt av eit lite sukk eller stþnn 😅

Tindved & Nesle var spesielt kompleks Ä utvikle, spesielt i duftprofilen som ogsÄ skulle bygge opp under helse og effekt som eg heilt spesifikt var ute etter at den skulle bidra med. Resultatet bryt med det forventa:

Ei djup og levande naturduft der blĂžmande rose og krydra rosmarin blir transformert – forma av tindvedens sĂŠreigne signatur – frisk, syrleg og varm pĂ„ same tid – og det grĂžne djupet frĂ„ nesle og hamp. Uforutsigbar. Naturleg. OG: djupt vanedannande 🧡 Det blomstrande forma av det jordnĂŠre. Nesten mystisk.

🌿 Finn di duftoppleving

👉 PrĂžv Rosmarin HĂ„rserum
👉 Oppdag Tindved & Nesle
👉 Utforsk Essensiell Sensuell
👉 SjĂ„ Mjuke Hender

Vegen vidare 🌿✹


No er me i gang. Me skal vidareutdanne oss innan parfyme – og allereie i sommar skal me pĂ„ neste steg: Pro parfymemakarkurs.

MÄlet?

Å utvikle naturlege, trygge, etiske og sunne parfymar
– som eit alternativ til den syntetiske parfymeindustrien.

Heilt i trÄd med Vossbias konsept om heilskapleg helse der me sidan starten pÄ 2000-talet har hatt mÄl om Ä tilby naturlege, trygge og sunne alternativ til det som dominerar marknaden.

For mÄlet har heilt tida vore Ä bidra til eit skifte.
Eit nytt syn pÄ kosmetikk. At forbrukaren skal be om og etterkvart forlange kosmetikk og parfyme som gjer KUN GODT for folk, natur og planet.

Samtidig vil me bevare det magiske: Duft som kjensle. Minne. Oppleving.
A fragrant journey to Narnia... 🌿✹
Eg sit her no og sniffar dagleg pĂ„ parfymen eg laga i England – og eg diggar resultatet! Frisk, vĂ„rleg, floral og lett... sĂ„ no er eg ho litt rare som gĂ„r og luktar pĂ„ seg sjĂžlv heile dagen 😂
Emil sin vart og balansert og nydeleg maskulin, og Ylva sin parfyme sĂžt og fyldig med hint av cola. Og begge fulle av liv og nyansar.

Og: Dette er berre starten.

Me hÄpar du vil vere med oss vidare pÄ denne duftreisa
– og kanskje oppleve produkta vĂ„re med heilt nye sansar.

Kanskje tek du ein “daily dip” allereie i dag?
Renate Lunde

Med varm helsing frĂ„ oss i Vossabia 💛 Renate & gjengen 🐝