Pote & Pleie
Pote & Pleie

Pote & Pleie

Angebot 179,00 kr

15 ml

🎁 GIVE AWAY: Pote & Pleie 🐾 (før-lansering!)

Me har utvikla ei ekstra mild pleiesalve til hund (og katt) – og no vil me at du skal få teste den før den kjem i sal.

Denne vil kjæledyret ditt elske til:

🐾 forebygging og heling av sprukne potar
🐾 kulde, snø, salt og varm asfalt
🐾 sår hud og irritasjon
🐾 dagleg pleie

👉 Pote & Pleie får du GRATIS ved handel over 600 kr og ved å skrive rabattkoden: POTEPLEIE

📅 frå torsdag 5.2 – ut søndag 8.2

Pote & Pleie er blitt til etter år med tilbakemeldingar frå folk som har brukt Ringblomstsalve, Kamillebalsam og Kuldekrem på dyr – med svært gode erfaringar.
Mange har spurt etter ein eigen salve for dyr. Og då har eg utvikla denne med fokus å:

👉 samla dei tryggaste, mest velprøvde urtene

👉 kombinert dei med lanolin, sheasmør og bivoks for ekstra beskyttelse og pleie

👉 laga ei salve som er rein, rik og kompromisslaus
Resultatet er ei skikkeleg luksus dyresalve – utvikla for dyr, og knalldeilig på folk og.

Og send meg gjerne melding om kva du og hunden din synes – eg har prøvd å tenke på alt for å gi dyrehuda den beste, mest gjennomtenkte naturpleia 💚
Når det gjeld dyrepleie, har me valt det tryggaste – ikkje det sterkaste.
- Ei rik og kompromisslaus urtesalve – utvikla for dyr, med same omsorg som me gir vår eigen hud.

Pote & Hud er eit pleieprodukt for dyr. Produktet inneheld ingen eteriske oljer eller kunstige duftstoff, og er utvikla med fokus på sensitiv dyrehud og trygg bruk over tid.

Ingrediensar / Ingredients (INCI):

Chamomilla Recutita Flower Infused Oil (kamilleurteolje)
Carthamus Tinctorius Seed Oil (tistelolje)
Calendula Officinalis Flower Infused Oil (ringblomsturteolje)
Cera Alba (bivoks)
Lanolin
Butyrospermum Parkii Butter (shea­smør)
Tocopherol (vitamin E)

Bruk til:
• sprukne potar
• kulde, snø, salt og varm asfalt
• sår hud og irritasjon
• dagleg pleie

Kvifor akkurat desse ingrediensane?

Kamilleurteolje – roande og kløestillande. Perfekt for sensitiv, irritert og sår hud hos dyr.

Tistelolje – lett, næringsrik olje som trekker godt inn og styrker hudbarrieren.

Ringblomsturteolje – klassisk sårhelande og hudreparerande urt, mykje brukt i dyrepleie.

Bivoks – dannar ei naturleg, pustande beskyttelse mot kulde, fukt og ytre påkjenningar.

Lanolin – svært hudlikt feittstoff som mjukgjer djupt og er spesielt effektivt ved sprukne poter og tørr hud.

Sheasmør – gir ekstra mjukheit, elastisitet og vern.

Vitamin E – antioksidant som støttar hudheling og forlenger haldbarheit.

👉 Utan eteriske oljer – trygg for alle dyr, inkludert katt.

Was sagen Leute, die es verwendet haben?

Seit 2004 haben wir Tausenden von Menschen geholfen

Bereit, Vossabia auszuprobieren?

Versand ab Voss mit Bring