Adventskalender - Vossabia
Adventskalender - Vossabia
Adventskalender - Vossabia
Adventskalender - Vossabia
Schnell
Lieferung
Sicher
Zahlung
Aktion
in Norwegen
Natürlich,
lokal

Adventskalender

Tilbud2.499,00 kr Ordinær pris4.079,00 kr
Ausverkauft
VIPsKlarna Visum MasterCard Apple Pay Google Pay American Express
Schnell
Lieferung
Sicher
Zahlung
Aktion
in Norwegen
Natürlich,
lokal

Vossabias aller første adventskalender! 🎄🐝

24 luker. 24 små skattar 💛

For aller fyrste gong har me laga vår heilt eigen adventskalender, fylt med alt det me elskar aller mest frå vår vesle verd av bier, blomar og ville urter på Voss! 🌼

Bak dei 24 lukene ventar ei herleg blanding av kjende Vossabia-favorittar, spennande overraskingar og fleire heilt nye LAB-produkt. Og alt her sjølvsagt handlaga av oss, her på garden.

Me har lagt mykje arbeid, omtanke og kjærleik i kvar einaste luke, og gler oss så mykje til å dele alt dette med deg!

Dette er ikkje berre ein adventskalender, men ei lita reise gjennom Vossabia si verd. Ei verd full av naturlege skattar, gode dufter, velvære og små augeblink med kvardagsluksus 💚

Så opne, utforsk, nyt – og la naturen overraske deg! 🐝

Juleklem frå Renate og alle Vossabiene 💛

MÅL:
Sekskanta kalender, 29 x 29 cm (målt frå spiss til spiss)
Høgd: 12,5 cm

Brukartips og produktinfo finn du på korta i juteposane.

Adventskalenderen blir sendt frå garden i god tid, slik at den kjem fram før 1. desember! 🎄

Pakken blir sendt med sporing frå Bring eller Post Nord og levert til ditt næraste hentestad, då kalenderen er for stor til å få plass i postkassa.

Seit 2004 haben wir Tausenden von Menschen geholfen

Bereit, Vossabia auszuprobieren?

Versand ab Voss mit Bring

Bringen – Versand