🍊 Noregs einaste tindvedbonde - Vossabia

🍊 Noregs einaste tindvedbonde

Tindvedbær på menyen! Det har Michelin Restauranter og Vossabia til felles.
🍊 Dei heng tett i tett på greinene – knalloransje, utruleg saftige og omkransa av ekstra lange, spisse torner. Smaken er like kraftfull som fargen: intenst frisk og syrlig, med hint av appelsin, pasjonsfrukt og ananas – som vill nordisk natur med ein liten smak av tropane. Eg snakkar sjølvsagt om TINDVED!
​
Superbæret som Michelin-restaurantar har på eksklusive menyar, og som me i Vossabia har på menyen til eit ekstra sunt og godt måltid… ansiktspleie som får deg til å gløde 😉
🍊 Noregs einaste tindvedbonde
Tindved blir ofte kalla Nordens sitron på grunn av den intense syrlege smaken.
​
Ja, du las rett – me serverer tindved som eit måltid til huden din, i den elska ansiktsbalsamen vår Tindved & Nesle 💛 Og faktisk også i våre populære Solkremar. Men lat meg ta deg med heile vegen frå fruktfelt til krukke, for dette er ei historie verdt å fortelje …
Sanddorn und Brennnessel fürs Gesicht – VossabiaSanddorn und Brennnessel fürs Gesicht – Vossabia
🍊 Noregs einaste tindvedbonde
Dei må handterast med kløkt og kunnskap, for her er det ikkje berre å plukke eitt og eitt bær. Om du klarar å unngå å skvise dei saftige bæra i forsøket, så får du deg stikk og torner inn i fingrar og hender, og som Marco sa: du kjenner det nokre dagar, for tornene knekk typisk inni huden og du får dei ikkje så lett ut når det skjer.
😅
​
Marco, kven er det? Jo, han er Noregs einaste ordentlege tindvedprodusent! Han held til i Lærdal, er skogutdanna, og kjem opphavleg frå Nederland – der han har drive med birøkt heilt sidan han var 14 år (no er han 65).
​
Det var gjennom bienes verd eg vart kjend med han: han var læraren på Noregs første (og siste!) yrkesretta birøktarutdanning, som eg tok i 2003–2004 – med Emil i magen, og etter kvart med som nyfødd på samlingane våre 🐝
🍊 Noregs einaste tindvedbonde
Marco er ein profesjonell og heilt utruleg dyktig birøktar, med pollinering som spesialfelt – ein skikkeleg pollineringspioner! Snakkar du med han, lærer du alltid noko nytt, og får dei herlegaste historiane med på kjøpet.
​
Visste du til dømes at honningbienes evne til pollinering er verdt rundt 150 millionar kroner for fruktbøndene i Noreg? Det er halvanna gong verdien av all honningen som blir produsert i landet! Så det er ikkje birøktaren som tener mest på pollineringa, men fruktbøndene, som er heilt avhengige av det vakre samspelet mellom blomar og bier som birøktaren kan tilrettelegge for 🌸
​
Og her kjem det litt paradoksale: denne spennande bie-pioneren har dei siste åra satsa på tindved – ein av dei ytst få plantane som IKKJE treng bier for å bere frukt 😄
🍊 Noregs einaste tindvedbonde
Han oppmodar gjerne fleire til å dyrke tindved, om det finst nokon der ute som er like galen som han 😅 For litt galen må ein nesten vere for å stå i det! Som han seier sjølv: tindvedproduksjon er veldig kjekt, men også utruleg krevjande og vanskeleg – så kanskje er det nettopp difor han er den einaste i Noreg som held på med det, hehe 😉
​
Han fann til slutt ut at sveisehanskar er det einaste som nesten 100 % held tornene unna i innhaustinga, og det trengst sterke greinsakser for å klippe heile greiner av dette harde treet. Så går greiner og bær rett på frysen, der dei ligg nokre dagar før bær og blad blir dunka av. Deretter ventar siling og rensing, før han endeleg sit att med eit salbart produkt.
​
Det går frå arbeid i +25 grader ute til −25 på frysen, men etter alt strevet (og no har me berre så vidt snakka om innhausting og rensing!) sit han att med eit produkt så unikt at det ikkje er rart både Vossabia og Michelin-restaurantane er ville etter det 🧡
🍊 Noregs einaste tindvedbonde
Men historia sluttar ikkje når Marco har fått bæra av greinene. Når dei intenst oransje smaks- og næringsbombene kjem heim til Vossabia, tek me over neste del av foredlinga. Eg legg bæra på alkohol og lèt dei stå og trekkje i halvannan månad. Sakte blir smak, farge og verdifulle plantestoff trekte ut, før tinkturen er klar til å bli ein del av Tindved & Nesle.
​
Og dette er noko av det verkeleg spesielle med produktet: Me bruker tindved i to ulike former. I tillegg til tinkturen eg lagar av Marco sine heile bær, bruker me økologisk tindvedolje.
​
Kvifor begge delar? Fordi olje og tinktur hentar ut ulike sider av bæret. Den alkoholbaserte tinkturen kan trekkje ut mellom anna polyfenol, flavonoid og organiske syrer – vass- og alkoholløyselege plantestoff som ikkje i same grad følgjer med olja.
​
Tindvedolja gir oss på si side dei feittløyselege skattane, som dei verdifulle feittsyrene – inkludert den sjeldne omega 7 – karotenoid og vitamin E ⭐️
🍊 Noregs einaste tindvedbonde
Når me bruker både olje og tinktur, får me altså med oss ein breiare del av det kjemiske mangfaldet i tindvedbæret enn om me berre hadde brukt olja. Det er slik eg likar å arbeide med plantar: ikkje berre hente ut éin liten del, men la fleire sider av planta få spele saman.
​
Det er med på å gjere Tindved & Nesle til den botaniske buffeten den er 💛
Og så var det dei litauiske tindvednerdane! 🤓 Dei som heilt tilfeldig køyrde forbi feltet, og bråstoppa då dei fekk auge på dei flotte tindvedtrea, og spurta opp til Marco. Dei introduserte seg, og det viste seg at dei dyrka og analyserte tindved i sitt eige laboratorium – og lurte på om dei fekk ta prøver for å samanlikne næringsnivåa. Nokre veker seinare kom ein e-post frå Litauen:
«Dette er den mest næringsrike tindveden eg har sett i heile mitt liv!» 😱
​
Og akkurat den tindveden finn du i produkta våre 😉
🍊 Noregs einaste tindvedbonde
Men det var fleire fantastiske ting me oppdaga i Lærdal forrige dagen.
Tindvedfeltet var proppfullt av brennesle! 🌿
​
For ei glede! Nydeleg, frisk brennesle som var nyleg kome opp att etter sommarslått. Sjølvsagt byrja eg straks å plukke med meg av den og – og bestemte med det same at eg måtte sende ein ny Vossabiagjeng nedover nokre dagar seinare for å hauste endå meir. Me får aldri nok nesle nemleg!
​
Og så vart eg så glad når eg såg desse to superplantane saman: tindved og brennesle. To av dei viktigste ingrediensane i eit av våre mest populære, og utan tvil mest komplekse produkt – stod her og voks side om side, skulder mot skulder, i same feltet i Lærdal. Er ikkje det litt magisk? 🥰
Spar 143,00 kr
Das perfekte Set fürs Gesicht 💗 Reinigungsgel, Tages- und Nachtcreme - VossabiaPerfekt pakke til ansiktet 💗 rens, dag- og nattkrem - Vossabia

🍊 Kva gjer eigentleg tindved for huden din?

​
Det er ein grunn til at både Michelin-kokkane og eg er ville etter dette bæret. Tindved er nemleg ikkje berre vakkert, vilt og vanskeleg å hauste – det er eit av dei mest innhaldsrike bæra me kjenner!
​
Det har vore brukt i tradisjonell kinesisk, tibetansk og mongolsk medisin i over 2000 år. Det latinske namnet Hippophae skal tyde «skinnande hest», fordi dei gamle grekarane gav tindved til hestane og meinte det gav dei blank og vakker pels. Segna fortel til og med at tindved var føda til den vengja hesten Pegasus 🐎✨
​
Og eventyret stoppar ikkje der: Tindveddrikk skal ha vore brukt av kinesiske utøvarar under OL i Seoul i 1988, og tindvedjuice har også vore ein del av kosthaldet til russiske kosmonautar på grunn av eigenskapane i bæret til å motstå stråling frå sola. Forskarane har vore særleg interesserte i den uvanleg rike blandinga av antioksidantar i bæret – ikkje minst under ekstreme påkjenningar.
🍊 Noregs einaste tindvedbonde
For dette vesle, knalloransje bæret er ei skikkeleg næringsbombe:
​
☀️ Vitamin A og E – og svært store mengder vitamin C. Enkelte analysar viser mange gonger meir vitamin C per 100 gram enn appelsin!
​
🌿 Mineral som sink, selen og kopar
​
🧡 Omega 3, 6 og 9 – og den sjeldne omega 7, som det finst svært få gode plantekjelder til
​
✨ Karotenoid, polyfenol og flavonoid – ei heil skattkiste av antioksidative plantestoff
​
​Olja og tinkturen hentar altså ut ulike skattar frå bæret, som sagt, og i tinkturen får me trekt ut polyfenolar og flavonoidar som er kraftige antioksidantar som igjen bidreg til å verne huden mot oksidativt stress – altså belastninga huden møter frå mellom anna sol, forureining og heilt vanleg kvardagsliv. Slik gir den lokale tindvedtinkturen produktet ein viktig antioksidantdimensjon som ikkje kjem frå tindvedolja åleine.
​
Denne kombinasjonen bidreg til å pleie og styrkje hudbarrieren, halde huden mjuk og smidig og gi den heilt særmerkte, gnistrande tindvedgløden ✨ Er det rart eg blir litt nerdete glad? 😍
🍊 Noregs einaste tindvedbonde

💛 Tindved i to av favorittane mine

​
Denne herlege kraftplanta finn du i to produkt eg ikkje kan vere utan:
​
🌿 Tindved & Nesle til ansikt – ansiktsbalsamen eg gav kallenamnet Ein botanisk buffet då eg utvikla den i 2017. Her spelar tindvedolje og tinktur laga på Vossabiagarden av tindvedbær, saman med brennesle, nypefrøolje, granatepleolje, hampolje, tistelolje og squalane.
​
Eg sette saman produktet for å gje tørr og moden hud rikeleg med pleie, vern, spenst og glød – og for å støtte huden når han er prega av sol, kulde, stress og kvardagsliv. Eg bruker den kvar einaste dag og kjenner meg rett og slett vakrare og friskare i huden! Og det kulaste er at det er ikkje berre kvinner på min alder, med moden hud, som likar denne glødande næringsbomba. Unge menn og kvinner, ungdomar, og menn og damer langt meir oppi åra enn meg, fell for den! 💛
​
☀️ Vossabia Solkrem – visste du at det er tindvedolje i solkremen vår også? Det er det som gir solkremen den vakre, gylne guloransje fargen. Tindvedolja tilfører feittsyrer og antioksidantar som pleier huden medan mineralfiltera vernar mot solas UVA og UVB-stråler.
​
Slik likar eg aller best å utvikle produkt: Dei skal ikkje berre gjere éin jobb, men gje huden både vern og skikkeleg god pleie på same tid.
🍊 Noregs einaste tindvedbonde

💬 Kva kundane seier

​
Og det er slett ikkje berre eg som er forelska 🥰Kundane elskar Tindved & Nesle – her har eg samla ei lita oppsummering av hundrevis av tilbakemeldingar:
​
Naturleg glød – som alternativ til foundation
​
Perfekt for tørr, sensitiv og eksemutsett hud – og urein kvisehud!
​
Langvarig fukt – heile dagen
​
Mange melder at den også passar folk med rosacea, atopisk hud og intoleransar
🍊 Noregs einaste tindvedbonde

Og solkremen? Den er så mjuk og deilig å smøre på. Superdryg i bruk – pump ut ein strek og smør godt – og den gir god beskyttelse, masse næring og viktig pleie på same tid. For slik likar eg best å utvikle produkta - dei skal ha mange eigenskapar og gjere mykje godt for deg og meg. Jonatan og eg nyt sola med den, og me er ikkje dei einaste 😎

Sonnenschutz - VossabiaSonnenschutz - Vossabia
Sonnenschutz
TilbudFrå 329,00 kr

🍹 Bonus: tindved i glaset – ein Tindved-sour!

​
Me gir ikkje berre tindved til huden. Her på garden har me gjerne nokre dropar av tindvedtinkturen i vassglaset også – og får kjenne den intense, syrlege tindvedsmaken frå innsida!
​
Slik får me også glede og nytte av dei vass- og alkoholløyselege plantestoffa som tinkturen trekkjer ut frå bæret. Og denne tinkturen kjem me snart til å selge igjen og.
​
Og sidan me no snakkar så varmt om dette vidunderbæret, kjem her ein liten dansk godbit til deg 🥂 Tindved er nemleg ikkje berre fantastisk i hudpleia – det er ein reinaste fryd i glaset òg! Skal du kose deg litt ekstra denne helga, må du prøve ein tindved-sour:
🍊 Noregs einaste tindvedbonde

🎪 Me sjåast på Dyrsku'n!

​
Og heilt til slutt – ei skikkeleg gladmelding! Denne helga, 11.–13. september, står me på Dyrsku'n i Seljord, i det store matteltet rett ved hovudinngangen 🥳 Eg, Ylva og Hildegunn gler oss heilt vilt, og me har med oss både gode marknadstilbod og massevis av god stemning i bagasjen 🐝💛
​
Kjem du innom, MÅ du stikke bort og sei hei til oss – det hadde gledd oss heilt enormt!
Les meir om Dyrsku'n
Renate Lunde

Med djup takksemdfrå Renate 💛Dronningbia 🐝 i Vossabia