đŸŸ Vossabia til dyr? Ja – og kundane elskar det

đŸŸ Vossabia til dyr? Ja – og kundane elskar det

Har du smurt Vossabia pĂ„ dyr? đŸ¶đŸ„

Har du vore freista til Ă„ smĂžre potane, snuten – eller eit sĂ„r – pĂ„ hunden, katten, hesten eller kua di med Vossabia? DĂ„ er du verkeleg pĂ„ rett spor. Faktisk gĂ„r du i meget gamle spor.
 
Urtepleie til dyr er ei eldgamal og heilskapleg helsetilnÊrming, brukt i alt frÄ oldtidas Egypt, til tradisjonell kinesisk medisin og i urbefolkningar verda over. 
 
Og det fine er: mange av dykk kundar har allereie testa – og fĂ„tt sĂ„ gode erfaringar – at me no kjenner det er pĂ„ tide Ă„ lĂžfte dette fram endĂ„ meir 💚

👉 Difor blir det to veker med fokus pĂ„ urter og dei firbeinte:
  • Denne veka: me tek for oss nokre urter og produkt til hund, katt, sau, kyr, alpakka og til og med hĂžne (!)
  • Neste veke: fullt hundefokus, med gode konkrete tips og til og med eit par overraskelsar đŸ¶âœš

Kvifor fungerer Vossabia sÄ godt til dyr?

Fordi urter som blant anna kamille og ringblomst virkar:

  • lindrande
  • betennelsesdempande 
  • sĂ„rhelande
  • hudstyrkande

Og fordi dyrehud – akkurat som vĂ„r – trivst best med rein, uforstyrra naturpleie 💚

Kva produkt fĂ„r me mest tilbakemelding pĂ„ til dyr? đŸ¶đŸ„đŸŸđŸ‘đŸ”đŸ–đŸŽ

đŸŒŒ Kamillebalsam

Kamille er ei klassisk legeurt kjend for sine beroligande og betennelsesdempande eigenskapar.
 
Den har ei heilt spesiell evne til Ă„ roe ned irritert, klĂžande og sensitiv hud, og sjĂžlv dyr med sart hud toler denne planten godt.

I Kamillebalsam gir kamille lindring ved klĂže, sĂ„r, betennelse og irritasjon, og stĂžttar hudas eigen evne til Ă„ finne balanse igjen. Nettopp difor har denne salven blitt ein favoritt hos mange dyreeigarar – brukt pĂ„ alt frĂ„ hunde-poter og fuktige hudfolder til sĂ„rheling og irritasjon hjĂ„ bĂ„de kjĂŠledyr og husdyr.

I Kamillebalsam er det og lanolin som kan vere til god hjelp ved:

  • tĂžrr, flassande hud
  • sprukne poteputer
  • tĂžrre og irriterte Ăžyreflipper
  • trykkhud pĂ„ albogar hjĂ„ hundar som ligg mykje pĂ„ hardt underlag
  • sensitiv hud rundt endetarmsomrĂ„det ved langvarig irritasjon

Saman med kamille sine lindrande eigenskapar gjer dette Kamillebalsam til eit mildt, men effektivt val nĂ„r dyrehuda treng ekstra omsorg đŸŸđŸ’š


⭐⭐⭐⭐⭐
«Utslettene ble helt borte»
Den stÞrste overraskelsen kom da jeg smurte det pÄ hunden min
 utslett i Þrer og lyske er nÄ helt borte.
- Ingrid L.

 


⭐⭐⭐⭐⭐
«GÄr normalt igjen»
Etter noen dager med Kamillebalsam gÄr hun normalt igjen, og huden er myk og smidig.
- Kari S.

 


⭐⭐⭐⭐⭐
«Hund med kattemjuke poter»
Beste potesalve jeg har brukt – Golden Retrievere med kattemjuke poter.
- Mona H.

 


⭐⭐⭐⭐⭐
«Hevelse og betennelse forsvinn»
NĂ„r sauene fĂ„r sĂ„r, sopp eller irritasjon sĂ„ vasker me dei – og sĂ„ smĂžrer me med Kamillebalsam, og hevelse og betennelse forsvinn. Herleg!
- Jorunn, som jobbar hjÄ Vossabia


Og ja – sĂ„ har me ogsĂ„ historia om hĂžna som vart bitt av hund og grodde fint med kamillete og Kamillebalsam 🐔💚:
 
💬 Aina J fortel:
“Har ogsĂ„ brukt kamillebalsam pĂ„ en av sĂžsteren min sine hĂžner (!). Vi hadde en kjedelig opplevelse i ferien, hunden vĂ„r stakk av og bet en av hĂžnene hennes.
 
Vi ringte til dyrlege og var klar til Ä avlive hÞna, det var et ganske dypt bitt i pompen, men siden den spiste/drakk/gikk rundt, bestemte vi oss for prÞve Ä pleie sÄret.
 
Vi skylte det i kamillevann og smurte godt med kamillebalsam etterpÄ. Vi sjekket flere ganger daglig, men var ingen tegn pÄ infeksjon.
 
Utrolig nok hadde sĂ„ret grodd etter 2 uker, og bĂ„de hĂžna og vi gĂ„r lykkelige rundt igjen (har ogsĂ„ bilde av dette, men det er ikke noe hyggelig skueđŸ˜…đŸ€ą)🙏🐔”

Her pÄ tunet har me ogsÄ behandla hÞner med vÄre gode naturprodukt. Her fekk ei skadd hÞne sÄrbehandling med stor suksess med Kamillebalsam.

đŸŒŒ Ringelblumensalbe

NÄr det handlar om sÄr og hud som treng ekstra stÞtte, er det éi plante som gÄr att i gamle urtebÞker:

Ringblomst til dyr – naturens sĂ„rhelar
 
Det er mange fordelar ved Ă„ ta i bruk ringblomst til dyr – men det er sĂŠrleg Ă©in ting blomen er kjend for: sĂ„rheling.

Ringblomst har ei lang historie som ei av dei viktigaste sÄrurtene i naturmedisinen. Den kan brukast ved kutt, skrubbsÄr, lette brannskadar, utslett, solbrenthet, insektstikk, og bidreg til Ä stÞtte og framskunde hudas eigen helingsprosess.

Dei milde betennelsesdempande eigenskapane kan lindre smerte, raudheit og hevelse, medan dei antimikrobielle eigenskapane hjelper til med Ă„ verne huden mot uĂžnskt bakterievekst.
 
Brukt pÄ:
  • Hest: sĂ„r, eksem, etter insektstikk
  • Kalv og sau: sĂ„r pĂ„ bein og jur
  • Hund og katt: eksem og sprukken hud

 


⭐⭐⭐⭐⭐
«Brukes pÄ all tÞrr hud»
Lukter godt og er mykgjĂžrende.
- Randi H.

 


⭐⭐⭐⭐⭐
«SÄr grodde pÄ rekordtid»
Hesten min hadde Ă„pne sĂ„r etter insektstikk – det grodde pĂ„ rekordtid.
- Siri M.


I fjĂžset hjĂ„ sambuaren min Olav har Ringblomstsalve og Kamillebalsam fast plass 🌿

Han driv Þkologisk melkeproduksjon med rundt 80 dyr fordelt pÄ kalvar, kviger, kastratar og melkekyr, og det blir stadig smurt inn store dyr med Vossabias anvendelege urtesalvar pÄ til dÞmes opne sÄr som gror sakte pÄ kalvane sine knÊr, pÄ betennelsar, og ved begynnande jurplager.
 
Og han er ikkje den einaste. Det er blitt ein del bÞnder som bruker Vossabia pÄ husdyra sine pÄ same mÄten som Olav, og det varmar alltid hjartet mitt.
 
Og sĂ„ er det sĂ„ godt for bĂ„de bonde og storfe at berre sunne saker – 100% naturleg – mĂžter dyrehuda.🌿💚

đŸŸ Kuldekrem

Det er berre gode ingrediensar i Kuldekremen vÄr, blant anna lanolin:
 
Lanolin er eit naturleg fettstoff som liknar dyrehuda sitt eige beskyttande lag. Det er kjent for Ä binde fukt, mjukgjere og reparere tÞrr og sprukken hud, og bÄde hund og katt toler lanolin godt, og det gjer naturlegvis og husdyra vÄre.

I Kuldekrem gir lanolin effektiv beskyttelse av tĂžrre og sprukne poteputer, og legg ei mjuk barriere som skjermar mot kulde, snĂž, is, varm asfalt og rĂžft underlag.
 
Difor er den svĂŠrt populĂŠr bĂ„de fĂžrebyggande fĂžr tur og pleiande etterpĂ„. Perfekt for hundar og kattar som gĂ„r mykje ute – spesielt vinterstid.

🐝 Panterbalsam

Insekt, knott, flÄtt og klÞe

Mange brukar Panterbalsam pÄ bÄde folk og fe for Ä halde unna insekt, og det er veldig kjekt at den svarte boksen ogsÄ funkar sÄ godt for dyra. Kundar melder om bÄde insektsavvisande effekt og lindring dersom det allereie har kome stikk:

  • mange har fortalt om stor endring for hestar som ofte blir stukken mykje om sommaren
  • hund i flĂ„tt- og knottsesong: ha litt Panterbalsam i pelsen rundt nakken, eller pĂ„ halsbandet, og smĂ„krypa held meir avstand. 

Og sÄ er det nokon som har testa Panterbalsam pÄ vondt og verk pÄ dyr, med godt resultat.


Natalie: KjĂžpte en pakke med tre produkt for Ă„ teste det ut, og jeg elsker dem!! FĂžles helt fantastisk ut pĂ„ huden og var god pĂ„ bĂ„de store, smĂ„ og pelskledde❀

💚 Vil du vere med og dele dyrehistoria di?

Me veit at mange sit pĂ„ smĂ„ og store kvardagsaugeblikk med dyr og Vossabia – og dei historiane betyr meir enn du trur đŸŒżđŸŸ
 
NÄr de deler, hjelper de andre Ä kjenne seg trygge pÄ Ä bruke urte- og bivoksbasert naturpleie ogsÄ til dyra sine.

SĂ„ om du har lyst, blir me skikkeleg glade om du vil dele litt 💚
 
✹ Fortel oss gjerne:

  • kva dyr har du?
  • kva Vossabiaprodukt brukar du pĂ„ dyret ditt?
  • har du eit bilete frĂ„ kvardagen – frĂ„ fjĂžs, tur eller sofakrok?


👉 Du kan svare direkte pĂ„ post@vossabia.no
 
👉 eller dele bilete i sosiale medium og tagge oss @vossabia

 


Som ein liten takk trekkjer me neste veke ein vinnar av eit Vossabia-dyrenett med produkt verdt 1000 kr đŸŸâœš


đŸ¶ Og neste veke


DĂ„ blir det FULLT HUNDEFOKUS 💛
 
EndĂ„ fleire kundehistorier, konkrete urtetips til hundar, litt om tannhelse og urter – og ei hyggeleg overrasking nĂ„r me introduserer ein ny ven av Vossabia.

FĂžlg oss gjerne i sosiale medium om du vil vere med vidare – der deler me bĂ„de tips, erfaringar og glimt frĂ„ livet med dyr 🌿🐝

Facebook Instagram Snapchat TikTok

Gled deg – og takk for at du er ein del av Vossabia-universet 💚

Renate

Beste helsing,
Renate i Vossabia 🐝