🐝 Vossabia for menn! - Vossabia

🐝 Vossabia for menn!

Mann eller gut, hulemann eller hipster - oppdag kvifor alle slags menn diggar Vossabia! 💚

Männer stehen auf Vossabia! 🙋‍♂️

Tøffe gutar, barske menn, snille gutar og skjønne menn brukar Vossabia! Unge og gamle, for skjønnhet og hudpleie, for hudplager og vondter 🙌
​
For det treng ikkje vere svarte etiketter for at menn skal bruke hudpleie! 🙅‍♂️ Menn er ikkje berre maskuline og einsfarga, men fargerike og morsomme, leikande og tøffe, softe og sterke.
​
Vossabia elsker mangfald av menn, og menn elskar Vossabia med sine fargerike etikettar og produkt, raske effekt, rett frå bier og botanisk buffet 😉 Berre sjekk kva dei fine mennene rundt oss her seier!
Me har ein super samling kjekke karar som arbeidar i Vossabia 👨‍🌾 Og dei poserer meir enn gjerne med favorittprodukta som har gjort livet endå betre for dei! Dei hevdar blant anna at etter Vossabia kom inn i livet er dei meir nøgd med ansiktshuden og utsjånaden 💚 (for gutar og menn er sjølvsagt like oppteken av det som oss damer og jenter).
​
Dei har også stadig hjelp av produkta til ein heil haug med bruksområde for både hud og hår 🧔🏻‍♂️
Männerfavoriten
Den guten som sikkert har brukt aller mest Vossabia gjennom livet sitt er min gode superson Emil! Født og oppvokst med Vossabia, brukt til ekstremt mange ting, ikkje ein dag utan Vossabia i hud og hår no i 22 år! 🤩
​
Favorittane er sjølvsagt dei produkta i pakketilbodet me har kalla nettopp Emils favorittar: Ringblomstsalve, Kamillebalsam og Panterbalsam.
​
Men, det er vel ikkje eit einaste produkt han ikkje brukar. Rose- og rødkløverskrubben diggar han til ansiktsrens, hårserum gir glans, sjampo og kroppssåpe, og ikkje minst Sensuell.
​
Altså, gutta elskar Sensuell! ❤️ Emil gav Sensuell i gåve til heile russegruppa i russetida deira, og det vart sjølvsagt mottatt med jubel 😂 Men, det er ikkje lett å få dei til å fortelle så mykje om den, hehe, men lat oss berre seie at den passar alle! 😆
Sparen Sie 152,00 kr
Emils Favoriten – VossabiaEmils Favoriten – Vossabia
Emils Favoriten
Tilbud 865,00 kr Ordinær pris 1.017,00 kr
Pauschalangebot: Emils Favoriten
Daniel er så fornøyd med kor fin huden i ansiktet har blitt etter han begynte med Vossabia! 💚 Han er spesielt glad i Ringblomstsalve (vår fabelaktige universal delux) og Tindved og Nesle, då han synes begge hjelper mot kviser og gjer huden meir smidig og smooth:

«Eg har fått mykje reinare hud, eg kjenner den er sunnare, og så synes eg ansiktshuden er blitt finare etter eg begynte med Vossabia.» 
Etter barbering er og ringblomst knallbra for Daniel. Det er faktisk mange menn som er hekta på Ringblomstsalve som etterbarberingssalve då den lindrar og heler raude prikkar og sårhet i huden etter bruk av barberhøvel 🪒

Daniel er jo veldig glad i tatoveringar, og har blant anna to enorme tatoveringar over heile ryggen Me har høyrt ein del opp gjennom åra korleis Kamillebalsam og Ringblomstsalve​lindrar sår ny-tatovert hud, men og held huden og tatoveringane fine i tida vidare 👌 Daniel har og oppdaga det:

«Ringblomst og Kamille mjukar skikkeleg opp, held huden smidig der eg er tatovert, og så er dei så dryge og varar lenge på huden. Meir enn andre produkt eg har brukt på tatoveringane.»
Männerfavoriten
Marius er veldig glad i alle Vossabiaprodukta, men når han vart tvinga til å sette favorittstempel på nokon så fekk eg dette svaret:

«Mine favorittar er Tindved og nesl og Panterbalsam! Tindved og Nesle er veldig dryg, det skal lite til og så gir den ein veldig fin glød i huden. Panterbalsam er knallgod for ledd og musklar i samband med konkurransar eller restitusjon, og til forkjølelse og for å opne luftvegane.»

Panterbalsam er altså fast inventar hjå spreke Marius. Han er syklisten vår og trenar ekstremt mykje for å verte proff, og det er ikkje langt unna no altså 🚴
​
Såre musklar blir fort smidige og mjuke att med denne sterke venen smurt og massert inn i musklar og ledd 💪
Pantherbalsam
Simon i kundeservice er heilt hekta på sjampo og hårserum. Han er pensjonert konkurransesymjar, og som så mange symjarar er han god til det meste. Det gjeld også Simon frå Stord 🤩

Sjampo med ville urter har gjort underverk for Simon sin hodebunn, og håret hans skin meir enn før 🫶 Det er forresten fleire menn (og damer) som kommenterer at dei får meir fall i håret etter jamnleg bruk av vår ville sjampo, og hodebunnsplager merkar både unge gutar og eldre menn rask effekt på. Så: det er berre å slutte med hode&skulder sjampo og prøve ut naturleg pleie frå nesle og kjerringrokksjampoen vår på flass i staden 🌱💚
Etter han har dusja brukar han alltid favoritten Sitrongras hårserum. Den gir han fukt, glans og utruleg god næring. I tillegg synst han den dufter nydeleg 💫
​
Me har gjennom åra fått mange positive tilbakemeldingar på hårserum i skjegget! For å stelle og styrke det, men også til styling 🧔🏻
Zitronengras-Haarserum - VossabiaZitronengras-Haarserum - Vossabia
Zitronengras-Haarserum
Tilbud 289,00 kr
🐝 Vossabia for menn!
🐝 Vossabia for menn!
Bendik er ein av dei nyaste karane i Vossabia, og favoritten hans er heilt klart: Skogen på kroppen! 🌲
​
Til dagleg lagar han mest sjampo og kroppssåpe, men er også med i salveproduksjon 💪🏻 Det er kanskje ikkje så rart at nettopp Skogen på kroppen har blitt favoritten.
​
Det startar nemleg ute i skogen. Bendik haustar einer som han tek med heim, og sett på koking, så det er klart til morgendagen. Dagen etter blir det laga kroppssåpe med den nykokte eineren saman med friske sitrusdufter 🍋 Heile huset vert fylt av den herlege blandinga av skog og sitrus. Ei lukt som nesten må opplevast 🌟
​
Då er det ekstra stas å ta med seg den same naturkjensla inn i dusjen etterpå.💚
🐝 Vossabia for menn!
Kamillebalsam har det kome enormt mykje tilbakemeldingar frå menn i alle aldre på. Når Jonatan rulla i brennesle 2 år gamal, endte han med å sitte og smøre seg inn med Kamillebalsam sjølv då han kjente den raske lindrande effekten.
🐝 Vossabia for menn!
🦷 Tannlege Erik Barman (faktisk verdas beste holistiske tannlege) bruker den på seg sjølv i ansikt og føtter, på bistikkene (han røkter biene mine no, då eg er meget allergisk mot bistikk og berre ender på legevakten 😣), og så bruker han Kamille på pasienter mot sopp og betennelser i munnen.
Olav, min kjære økobondesambuar, brukar Kamillebalsam på både kalvar, kyr og seg sjølv! (Ringblomstsalven måtte han forresten begynne med med ein gong me vart saman, slik at han fekk bort eksemen i ansiktet sitt. Og så elsker han Sensuell då…hehe 😉)
Olav und Kamillenbalsam
👉 Første rapport om ​Kamillebalsam sin fantastiske effekt mot psoriasis kom frå ein eldre mann i Hardanger. Han var og den første som fortalte meg at han fekk dekka ein større sum gjennom NAV årleg for å bruke Kamillebalsam på psoriasisen sin, noko som er heilt utruleg bra og eit meget vanskeleg nålauge å kome gjennom!

👉 Ein av dei finaste tilbakemeldingane på Panterbalsam kom frå sonen til ein eldre kar på 81 år:

«Min far på 81 sliter med smerter av helvetesild på ryggen. Etter og brukt mye forskjellige kremer fra helsehuset han bor på fikk jeg de til å prøve panterbalsamen fra Vossabia. Han sier selv at smertene er borte og at han ikke vil smøres med noen annen salve. Skal også prøve den på beina hans etter hvert 🙂»
Männerfavoriten
🎖 Når Emil var i militæret på Skjold i Nord-Norge, var det mange medsoldatar og befal som som oppdaga Vossabia, og då var det jubel og etterspurnad som bare det 😄
​
Han måtte støtt og stadig få sendt opp store leveringar med Vossabiaprodukt
​
❄️ I kulden om vinteren var Kuldekrem heilt super, og om sommaren ute i sola ☀️ var det solkrem, men aller mest var det universalen Ringblomst til all barberingen og tørr hud.
​
Men mest etterspurte var nok Panterbalsam 🦟 Spesielt etter at Emil stod ute i myggland i nord utan mygg og knott på seg, medan resten av soldatane vart plaga og stukken. Panterbalsam 💛🖤 elska av menn og kvinner, hata av mygg og knott! 😂
🐝 Vossabia for menn!
Så, om du er ein hulemann eller hipstermann - Vossabia er perfekt for deg uansett! Ung og gamal, mann og gutunge – Vossabia gir deg naturen på huden og rein glede til kropp og sinn! 💚 Smør deg inn med urter og bivoks og kjenn forskjellen! 🌱🐝
Renate Lunde
Med djup takksemd frå Renate 💛 Dronningbia i Vossabia 🐝