Livet i Bikuba – frå innsida 🐝

Livet i Bikuba – frå innsida 🐝

Sjå kva dei tilsette fortel om si første veke i Bikuba!

Heile kuba summar 🐝

Ny plass, same gjeng – korleis har me det no?

Hildegunn, produksjonsleiar

​Korleis har dei første produksjonsdagane i Bikuba gått?
​
– Veldig bra! Me har teke med oss den gode energien. Her er god plass, gode løysingar, godt lys og god luft. Me slepp å bøye oss så mykje og løfte så tungt. Og me har fått ei fantastisk industrioppvaskmaskin!
​
Og dei større avstandane?
​
– Dei gjer meg ingenting. Når ein står og heller og rører, er det eigentleg deilig å gå litt. På veg til lageret får ein helse på folk og sjå litt ut. Det er veldig kjekt å ha sjampoproduksjonen og kundeservice under same tak også. Me er meir samla no.
Livet i Bikuba – frå innsida 🐝

Daniel, sjamposjef og forhandlaransvarleg

​Korleis er det å flytte frå Kveldsro til Bikuba?
​
– Veldig bra. Eg kjem nærare kollegaene mine og står ikkje så mykje åleine. Her er luftig og godt, og betre utsikt. Eg er heilt einig med Hildegunn i at det er kjekt å få alle under same tak. Og så får me fleire skritt og litt meir rørsle gjennom dagen!
​
Og den nye tappemaskina med innmatingsbord?
​
– Du ser jo der at dette går på skinner!
Livet i Bikuba – frå innsida 🐝
Shampoo mit Wildkräutern - VossabiaShampoo mit Wildkräutern - Vossabia
Shampoo mit Wildkräutern
Angebote ab 45,00 kr

Miriam, produksjonsmedarbeidar

​Kva er den største forskjellen for deg?
​
– Me har mykje meir plass rundt oss, men er framleis nær kvarandre. No kan me vere fem som arbeider her, og det går heilt fint. På det gamle kjøkkenet kunne eg tenkje at eg skulle vere kjempelur og lage ein leppepomade, men så var eg berre i vegen for det andre som skulle lagast. No er det plass til fleire hender og fleire ting samstundes. Og det er så vakkert rundt oss! Eg er veldig fornøgd.
Livet i Bikuba – frå innsida 🐝

Andrea, ordrebehandlings-medarbeidar

​
Korleis er den nye arbeidsplassen din?
​
– Åh, utruleg deilig! Det kjennest som me har all plass i verda. Og utsikta er fantastisk.
​
Klarer du å konsentrere deg om klistringa, eller blir det mykje skeivt no?
​
– Haha, heldigvis er det svært få skeive etikettar! Det er deilig å få eit lite, naturleg avbrekk, sjå ut og så vende tilbake til arbeidet. Men me må jobbe litt ekstra for å ikkje berre sjå på dei flotte fjella!
Livet i Bikuba – frå innsida 🐝
Ringelblumensalbe - VossabiaRingelblumensalbe - Vossabia
Ringelblumensalbe
TilbudFrå 195,00 kr

Simon, kundeservice og administrasjon

​Korleis har det vore å få ny arbeidsplass i Bikuba?
​
– Fantastisk. Mykje betre lys, luft og lyd – og utsikt! Ein får litt ro i sjela av å sitje der. Og det er deilig å kunne gå til dei ulike avdelingane utan å måtte ut og inn av fleire hus. Tommel opp!
​
Er det folk som spør på telefon om dei kan kome på besøk?
​
– Ja, det er faktisk fleire som har spurt. Eg har også laga ein liten utsalskrok i resepsjonen her. Så no er det berre å kome!
Livet i Bikuba – frå innsida 🐝

Emil, marknadsføringsansvarleg

​Kva synst du om å flytte arbeidsplassen ut av huset du er oppvaksen i?
​
– Eg synst det er enormt deilig å få huset for oss sjølv igjen, endeleg. Men det er og litt trist, for no må eg begynne å sette på kaffien sjølv om morgonen, hehe.
Det er og ei ubeskriveleg kjensle å sjå kva du og me i Vossabia har fått til! For eg følar at resultat av all den harde jobbinga er dette fantastiske bygget.
Livet i Bikuba – frå innsida 🐝

Linda og Christine, poteter

​Kven av dykk pakkar raskast no i nytt lokale?
​
Christine: ​- Linda var jo ei skravlebøtte i gamle lokalet, men etter me flytta ned i Bikuba har det berre blitt endå meir. Ho pratar i eit sett om den fine utsikten, friske lufta, nydelige detaljar osv. Så her knuser nok eg ho ganske greit.
​
Alle de som har bestilt noko frå oss før, veit at me alltid signerer ordreseddelen med eit hjarte og underskrift på kven som har sendt pakken. Då måtte eg berre spørre dei:
​
Kven lagar dei finaste hjarta?
​
Linda: - Det er Christine. Du kan sjå at ho har skreve mange kjærleiksbrev opp gjennom åra.
​
Christine: - Nei, det må vere Linda. Hennar hjarte er meir kunsterisk.

Kven lagar finast hjarte? Stem med ein knapp ❤️

Team Linda ❤️
Team Christine ❤️
Begge knappane tek deg til nettbutikken. Bestill, og sjå kven sitt hjarte du får!
Ta bilete av hjartet og tag oss på Instagram 📸
Livet i Bikuba – frå innsida 🐝
Har de fått nokre nye pakkerutinar sidan me flytta ned?
​
Christine: - Det har me, og stikkordet er trallar! Me har fått fleire nye, og dei vart tekne i bruk med ein gong. Den eine fyller me med sekker fulle av pakkar. Den andre brukar me når me hentar produkt på lageret, som ligg vegg i vegg. Og den tredje brukar me til å køyre Linda rundt med når ho er sliten.
​
​Linda: – Me har òg fått mykje meir produkt i hyllene, med doble sett av det meste. Då blir det mindre kryssing og krasjing når me pakkar og hentar varer. Rett og slett ein mykje betre arbeidsflyt!
Livet i Bikuba – frå innsida 🐝

Kjell Morten, dagleg leiar

​Kva vart akkurat slik du hadde sett det for deg?
​
– Alt vart betre enn eg hadde venta! Det er noko heilt anna å gå rundt i bygget sjølv enn å berre høyre om det. Her inne kjenner eg stemninga, akustikken og atmosfæren. Alt er så gjennomtenkt, og det gjev ei utruleg god kjensle.
Livet i Bikuba – frå innsida 🐝
– Kor mykje meir effektive me har blitt av å få meir plass, og kor mange stader det gjer seg gjeldande. I oppvasken kan me no vaske sjampopannene i same kum som alt anna. I pakkeavdelinga går arbeidet smidig og enkelt. Og ikkje minst har me fått eit stort og oversiktleg lager under same tak.
​
Så kva betyr det for framtida?
​
– Meir plass og mindre stress. Då får me rom til å utvikle oss og vekse vidare..
Livet i Bikuba – frå innsida 🐝

Marius og Helga, produksjonsmedarbeidarar

​Er det noko de saknar frå det gamle kjøkkenet, sjølv om det var trongt?
​
Helga: - Eg saknar det heimekoselege: plakatane, bileta og sjokoladelageret, hehe. For me var jo faktisk heime hos nokon. Her nede får me heller ikkje med oss livet på tunet på same måte. Kattane som traskar rundt, hønene som rømde i ny og ne, og kollegaene som sprang frå hus til hus for å hente sjampo, emballasje eller kva det no måtte vere.
​
Marius: – Eg saknar faktisk ingenting, for alt er betre her! Me stod tett på det gamle kjøkkenet, og det gav oss ein god kjemi som me har teke med oss hit. Me har lært å jobbe godt saman, sjølv om me ikkje står rygg i rygg lenger.
Livet i Bikuba – frå innsida 🐝
Har noko i arbeidsmetoden dykkar endra seg etter flyttinga?
​
Helga: – JAAA! Me slepp å løfte dunkane no, dei har fått eigne hyller! Det elskar eg. Og som Hildegunn sa, så er oppgradering på oppvaskfronten heilt nydeleg. No er det faktisk kjempekjekt å vaske opp!
​
Marius: – Me har fått eigne stasjonar til alt, så det er meir system og betre oversikt. Og me har eit stort og godt lager rett rundt hjørnet, så me slepp å springe ned i garasjen for å hente ting. Det er utruleg deileg.
Livet i Bikuba – frå innsida 🐝
Å høyre desse svara har gjort meg så glad. Bikuba har vore ein draum i mange år, og no som me endeleg er her, er det ingenting som betyr meir for meg enn å sjå kor lykkelege og nøgde dei tilsette er. Eg har tenkt gjennom kvar krok, kvart vindauge og kvar stikkontakt, og det varmar hjartet mitt at dei legg merke til detaljane og set pris på dei.
​
No summar det i kuba, og eg gler meg veldig til alt me skal skape her saman i åra som kjem! 🐝
Renate Lunde

Varm helsing frå Renate 💛 Og alle biene 🐝 i Bikuba