Vom 1. bis 14. – und endlich Osterferien 🐣 – Vossabia

Vom 1. bis zum 14. – und schließlich die Osterferien 🐣

Darauf habe ich 15 Jahre gewartet.

Frå éin til fjorten – og endeleg påskeferie 🐣

Påske er den deiligaste tida, synes eg! Overgangen mellom vinter og vår. Ski om dagen og sykkel om ettermiddagen – frå snø til tørr asfalt. Kjenner du den kjensla?

Men, eg må vere ærleg: det er mange år sidan eg faktisk har fått nyte dette skikkeleg.
Det har vore jobb frå før fuglane vaknar til reven bjeffar seint på kvelden. Ingen skilnad på kvardag og helg, på vanlege dagar og heilagdagar. Sånn er det ofte å vere gründer – spesielt når ein står midt i vekst. Det er intenst, men òg fullt av meining. Og det er takka vere dykk ❤️

For berre 5 år sidan var det berre meg her. (Og Heidi, søstera mi, som stadig redda meg!) Då var påskeferien redusert til ein fast tur på påskeaftan – til eit lite paradis på eit nes i Hardanger. Der laga me påskeeggjakt, fiska og baka bollar på bål. Nokre få timar med ro i sjela og kvalitetstid med ungane – før det bar rett tilbake til jobb igjen.
Vom 1. bis zum 14. – und schließlich die Osterferien 🐣
Men no… no er det faktisk heilt annleis.
No er me 14 tilsette! Tenk det. Etter 17 år stort sett aleine (+ Heidi), har det verkeleg begynt å summe i denne vesle bikuben. Og det er så mykje liv, kraft og dyktigheit i kvar ein krok.
Så i år skjer det noko ganske spesielt: eg tek meg fleire dagar fri i påsken!

Det blir hyttepåske ved havet, påskeeggjakt i havgapet – og heile FIRE dagar med ro. Ikkje berre fire timar. Det kjennest nesten litt uverkeleg… og litt vanskeleg å lande i, faktisk 😅
Vom 1. bis zum 14. – und schließlich die Osterferien 🐣
Men det er ikkje berre eg som får nyte påska. Det gjer sjølvsagt denne fantastiske gjengen min òg.
Så medan eg tuslar rundt i fjæra og kanskje plukkar litt tang til både omelett og ansiktsmaske – kva gjer eigentleg dei?
Det har Emil funne ut 👇
Vom 1. bis zum 14. – und schließlich die Osterferien 🐣
Vom 1. bis zum 14. – und schließlich die Osterferien 🐣
Miriam - Produksjonsarbeidar
Kva skal du denne påsken?
- Denne påsken befinner me oss i Digermulen i Lofoten. Her er det vanligvis toppturer og livet på havet som er påske, men i år er det lite snø så det blir båtliv, med fiske og bading.
Kva er påsken for deg?
- Påske for meg er tid med familie og venner. Ein ferie utan faste planar, men tid som fyllast av det som måtte skje 😁

Kva Vossabiaprodukt tok du med deg til Lofoten?
- Me badar i havet kvar dag, og for å få litt spafølelse tok eg med Sitrus kroppsskrubb. Kombinasjonen sukker og salt er heilt magisk og kroppen glødar og blir klar til sommer og sol.
Vom 1. bis zum 14. – und schließlich die Osterferien 🐣
Hildegunn - Produksjonsansvarleg
Kvar finn me deg i påsken?
- I år blir det påske med storfamilien heime i Sogn.
Har du ein fast påsketradisjon?
- Ingen faste tradisjonar her, då eg i mange år jobba turnus som sjukepleiar og var på jobb i påsken 😅 No er påsken for meg fri og tid saman med familien, tur på ski eller beina langs fjorden eller på fjellet ⛰️
Kva Vossabiaprodukt tek du med i sekken på påsketur?
- Er optimistisk og satsar på sol. Difor blir sjølvsagt Solkrem med, men eg skal også teste ut Renate sin nye sololje.

Solkrem (SPF 10 og 20)

Sonnenschutz
Angebot Ab 319,00 kr
Vom 1. bis zum 14. – und schließlich die Osterferien 🐣
Jorunn - Kundeserviceansvarleg

Kvar finn me deg i påsken?
- Me feirar påske på hytta på Hamlagrø kvart år. Heile familien er samla og me elskar den veka me har saman her.

Har du ein fast påsketradisjon?
- Kvart år lagar me til påskerenn og skiskyting, før me leitar etter påskeegg, iført kylling og harekostyme. Det er litt av eit syn 😂

Kva Vossabiaprodukt tek du med i sekken på påsketur?
- I sekken har me alltid solkrem og Panterbalsam. I skapet står Ringblomstsalve og Tindved og nesle. Då har me alt me treng for ei veke i fjellet. Stive og vonde kropper etter mange fall i snøen er ingen problem når ein kan smøre seg med panterbalsam etterpå 🤩

Me tok dette eit steg vidare og køyrde påskespørsmål med dei andre ansatte på film 🎥 Der får de høyre om påskeplanar, kva produkt dei har med seg og nokre ganske upopulære meiningar 😅

Vom 1. bis zum 14. – und schließlich die Osterferien 🐣
Christine - Poteten vår

Kva skal du denne påsken?
- Eg skal vere med familie og venner ☺️

Kva synst du er det beste med påsken?
- Eg har faktisk to ting. Den første er påskeeggjakt med familien. Den andre er 80-tallsfest i Myrkdalen.

Kva Vossabia produkt blir med deg inn i påsken?
- Lett spørsmål, Tindved og nesle sjølvsagt! Det er min faste ansiktskrem, så den blir med meg uansett kvar eg er.
Vom 1. bis zum 14. – und schließlich die Osterferien 🐣
Thale - Produksjonsarbeidar
Kva skal du denne påsken?
- Eg skal trene hest og hund i påsken, og vere med familie og venner i Myrkdalen. Skal også på samme 80-tallsfest som Christine 😉
Har du ein liten påsketradisjon du alltid kjem tilbake til?
- Absolutt. Påskeleikar med familien og påskeeggjakt. Eg er dødsgod å gøyme påskeegg 💪🏻

Kva Vossabiaprodukt tar du med deg inn i påsken?
- Mange seier dei slit med tørrelepper i påsken, but not me. For eg har med meg Myntelepper.
Minzfarbene Lippen
Angebot 99,00 kr
Vom 1. bis zum 14. – und schließlich die Osterferien 🐣
Det ser ut som alle skal kose seg i påsken 🤩 Og det håpar me du skal og! God påske til deg frå alle i Vossabia 🥰
Husk å sjekk ut påskevidoen vår her 👇
Renate Lunde
Beste helsing
frå Renate 💛
Dronningbia i Vossabia 🐝