Reisebrev frå Nord Kypros 💛

Reisebrev frå Nord Kypros 💛

Bølger, bading og Vossabia i bagen

Reisebrev frå Nord Kypros 🌊

I år vart det ein skikkeleg deilig haustferie på Jonatan, søstera mi Heidi og meg. Etter ein sommarferie på berre seks–sju dagar, med både matforgifting og sykkelulukke med sjukehusopphald, gjorde det underverk å kome seg litt vekk. Til varme, kos og kvalitetstid. Og bading. MASSE bading! 💛
​
Me tok turen til vakre Nord Kypros, med toalettveske og bag full av Vossabia. For ein tur utan dei viktigaste Vossabiaprodukta er faktisk ein kjip tur! Rett og slett!
Me skulle bade i havet, nyte sola, leike i sanden og berre henge rundt. Og berre tanken på tørr, salt hud utan Kroppsbalsam, Solkrem, Ringblomstsalve og Kamillebalsam i nærleiken … å herregud, eg får frysningar av berre å skrive om det 😂
​
Vossabia tilfører naturen på huda, og serien vår høyrer naturlegvis like naturleg med på tur som heime. La du merke til at eg fekk til å bruke ordet «natur» tre gonger i éi setning? 😉
​
Så her kjem eit lite reisebrev om glade dagar – og våre faste "må ha" på tur!
Reisebrev frå Nord Kypros 💛

Først: ​ kva er i handbagasjen?

​Altså, handbagasjen min er alltid ganske så full av Vossabia. Mjuke Hender, Deodorant med timian og salvie, Ringblomstsalve og Panterbalsam er i alle fall med i den vesle sekken min.
Og ja: Bringebærlepper og Myntelepper!
​
Eg likar å ha dei viktigaste produkta nær meg heile vegen. Små krukker tek heldigvis liten plass, så her får eg med mykje godt på tur.
Reisebrev frå Nord Kypros 💛
Vel framme fargela Heidi og eg kvart vårt bad med fine Vossabiakrukker. Det blir så heimekoseleg med ein gong, akkurat slik eg likar!
​
Så ikkje berre er dei nyttige på huda, men jammen pyntar dei opp eitkvart baderom også 😉 Og då er det kort veg for Jonatan å finne det han vil ha. Han elskar forresten Mjuke Hender.
​
«Den luktar så godt», seier han.
Reisebrev frå Nord Kypros 💛

Frukost og kveldsmat for ansiktet 😉

​Og krukkene står sjølvsagt ikkje berre der til pynt! Tindved og Nesle er fast i ansiktet mitt kvar morgon, på ferie akkurat som heime. Denne regenererande botaniske buffeten er ekstra deilig når huda har fått mykje sol og saltvatn, så den fekk sjølvsagt vere med til Middelhavet 🌊
​
Og om kvelden? Då var Augebalsam uunnværleg kveldsmat for ansiktet, ofte saman med beroligande Kamillebalsam på ansikt og kropp. Etter ein lang dag med sol, sjø og bading var det sååå godt å smørje seg inn før eg kraup til køys.
​
Éin kveld hoppa eg over Augebalsam. Og kva vakna eg med neste morgon? Hovne auge! Altså … den krukka får bli med på tur, for å seie det slik 😂
Reisebrev frå Nord Kypros 💛

Bading, bading, bading!

​Jonatan hoppa sjølvsagt rett i bassenget ved ferieleilegheita me lånte av mi gode venninne og tilsette, Linda. Og det våte elementet vart den raude tråden gjennom veka.
​
Basseng og sjø. Og etter kvart aller mest sjø!
​
Det er så deilig og moro, for liten og stor, å hoppe i bølgjene, la dei løfte oss opp og ned, dukke og symje – og berre liggje som flytande sjøstjerner og nyte eit 27 grader varmt Middelhav.
Reisebrev frå Nord Kypros 💛
Og så er me jo ein symjefamilie … Jonatan kunne crawl då han var to år, etter å ha vore med meg i bassenget medan eg var symjetrenar fem dagar i veka. Den fine teknikken hans no som sjuåring er ei glede å sjå på for denne dama, som har såååå stort hjarte for symjesporten!
​
Og så betyr symjeferdigheitene mykje for tryggleiken. Ja, eg kunne skrive langt og mykje om kor viktig symjeopplæring er!
​
Men også på ein slik koseferie: Det er så moro og godt å kunne hoppe, dukke og symje i bølgjene saman med ein unge som er ven med vatnet, og som kan symje skikkeleg.
Reisebrev frå Nord Kypros 💛

Solkrem på ein kropp som aldri står stille 😂

​Solkrem må til på stranda. Men det er ikkje berre berre å få solkrem på ein liten kropp som ikkje kan stå i ro meir enn to sekund, som rullar seg i sanden heile tida, og så spring rett i sjøen att 🤣
​
Med litt tolmod fekk me likevel smurt han inn med den deilige solkremen vår. Den utvikla eg for 19 år sidan, då systera hans, Ylva, vart fødd i 2007.
​
Og det er ganske kult å tenkje på. Då eg utvikla solkremen i 2007, fanst det berre nokre få naturlege solkremar å få tak i her i landet, og det kun frå få utanlandske merke. Så langt me har klart å finne ut, var min solkrem faktisk den fyrste norske naturlege solkremen! Ganske stolt av det!
Reisebrev frå Nord Kypros 💛

Det synest Jonatan også er ganske stilig – at mamsen laga solkremen då storesystera hans var baby, og at han no blir smurt med den før han kastar seg ut i bølgjene. Og me er slett ikkje dei einaste som likar å ha den med på ferie 💛

Sonnenschutz - VossabiaSonnenschutz - Vossabia
Sonnenschutz
TilbudFrå 329,00 kr

Mine MÅ-HA i strandveska!

​På stranda måtte eg også ha med Kroppsbalsam til å smøre den tørre, salte huda etter at badinga var ferdig. Ringblomstsalve til ansiktet. Og Panterbalsam – den får alltid vere med, også der når den irriterande minimyggen la sin elsk på meg!
​
Det er noko med å ha akkurat det ein treng innan rekkevidde. Slepp eg å leite etter det, eller oppdage at det ligg att heime, kan eg berre halde fram med det eg kom for: å kose meg og slappe av.
★ ★ ★ ★ ★

Brukte Panterbalsam på leppene når jeg merket at en « mega blemme» var på vei. Sol , sommer ferie og Tyrkia… Tenk den bare forsvant!!! Vanligvis ville dette blitt et stikkende og verkende sår. . Lykkelig var jeg da ferien kunne fortsette uten « veranda leppe». Takk for et mirakel produkt. 🥰

— Eva S.
★ ★ ★ ★ ★

Nødvendig turfølge, solkrem, panterbalsam og lepomade! Huldrelepper er min nye favoritt, fin farge og fantastisk duft av gran!

— Berit M.
Reisebrev frå Nord Kypros 💛

Frå svett og shabby til fresh friskus!

​Heidi og eg las, bada, sola oss om kvarandre. Og svetta i sola! Me drog ofte rett på restaurant etter mange timar på den heite stranda. Så då var det gull å ha deodoranten i strandveska, skal eg love deg.
På eit augeblikk gjekk eg frå å føle meg svett og shabby til fresh friskus 😂
Spar 46,00 kr
Mood Deoane 💫 – 4 Favoriten in Mini-GrößeMood Deoane 💫 – 4 Favoriten in Mini-Qualität - Vossabia
Mood Deoane 💫 – 4 Favoriten in Mini-Größe
Tilbud 374,00 kr Ordinær pris 420,00 kr
Reisebrev frå Nord Kypros 💛
★ ★ ★ ★ ★

Alle meine Lieblingsprodukte in Reisegröße – perfekt für den Urlaub. Sie sind langanhaltend und halten daher lange. Deo im Tiegel war anfangs etwas ungewöhnlich, aber jetzt ist Sensual einer meiner Favoriten. 🤩🤩

— Marianne K.
Med litt Bringebærlepper på i tillegg vart Heidi og eg klare på eit blunk. Til sjølv den fine golfresorten rett ved oss!
​
Der var det så pent og fint, med bryllaup kvar dag og ein ekstremt flott golfbane som nesten fekk meg til å få lyst til å begynne med golf sjølv!
​
Så det var jammen bra me hadde både deo og anna med i strandbagen, slik at me kunne gå rett frå strandhandklede til fine dining 🤩
Reisebrev frå Nord Kypros 💛
Me kunne ikkje anna enn å smile frå øyre til øyre, alle tre, slik som me slappa av og kosa oss på tur.
​
Etter den korte og uheldige sommarferien var dette akkurat det me trong. Tid saman. Varme. Bølger. Bøker. Latter. Og ein liten kropp som helst ville vere i vatnet heile dagen.
​
Med Vossabia i bag, sekk, koffert, bil og lommer!
​
Våre faste følgesveinar. På tur, like mykje som heime 💛
Renate Lunde
Varm helsing frå
Renate 🥰