Eine duftende Reise nach Narnia... 🌿✨ - Vossabia

Eine Duftreise nach Narnia... 🌿✨

Vom Glockenblumenwald zum Parfümlabor – dies ist der Beginn von etwas Neuem

Ei duftreise til Narnia – og starten på noko heilt nytt 🌿✨

Desse siste dagane! For ei reise. For ei ny opning inn i ei verd eg eigentleg har vore ein del av heilt sidan 2004 – utan heilt å vite det.

I helga var me i New Forest i England på parfymekurs. Men dette var så mykje meir enn eit introduksjonskurs i parfymemaking. Det kjennest som starten på neste kapittel i Vossabia si utvikling – ei vidareutdanning inn i duftenes verden, der me no tek alt me har gjort intuitivt i over 20 år… og løftar det opp i bevisstheit, kunnskap og endå djupare forståing.
For det gjekk opp for meg der, rundt arbeidsbordet saman med parfymemakar Gilbert: Eg har jobba med duftkomposisjon heilt sidan det første produktet vart laga. Eg har berre ikkje kalla det det.

Og kanskje endå meir interessant – Gilbert fortalde at det er langt vanskelegare å skape harmoniske og balanserte dufter i naturkosmetikk enn i tradisjonell parfyme. Og aller vanskelegast? Duftlys. (Det forklarar kvifor eg nesten aldri likar dei… 😅)

Hos oss har duft alltid hatt ei djupare meining. Me har valt eteriske oljer for helse, energi og effekt – men alltid også for korleis dei spelar saman. Kva dei skapar. Kva dei gjer med oss. Korleis dei kjennest i møte med bivoks, planteoljar og hud.

Og no… no tek me dette vidare.
Eine Duftreise nach Narnia... 🌿✨

Ei reise gjennom duft – frå første til siste stund

Heile turen vår vart ei samanhengande duftreise der me trente nasane våre til å lukte. Sånn djupt og ordentleg. Me trente hjernen til å setje ord på det me kjente.
Me skjerpa sansane – og vart meir bevisste enn nokon gong på kva duft faktisk er.

Me vandra i blåklokkeskogar, med fasanar og små hjortedyr rundt oss.
Me gjekk gjennom blømande ramsløkskogar, og me la oss ned og berre var der.
Me køyrde med vindauga nede på smale vegar innramma av all verdas grønfargar i skogane, og fanga duftene av treslag, brennesle, kusymre og vår i grøftekantane.
Me besøkte biodynamiske gardar der jord, blomar, valurt, klengemaure, eik og animalske tonar vevde seg saman til noko levande og ekte.
Og så var det dei eldgamle skogane… åååå, himmel! New Forest altså!!
Eine Duftreise nach Narnia... 🌿✨
Det var så magisk, så sterkt for både mor og to ungdomar på tur. Som å tre inn i Narnia.
Fugleliv som i ein jungel. Blomar i blått, gult, kvitt og rosa, med grøne blad som eit teppe over skogbotnen.

Gamle eiketre, mektige bøketrær, kristtorn – og barlind som kan vere opp mot 1000 år gamle. Det var kjempesequoiaer på over 150 tonn som ruva opp i himmelen, innført frå Amerika for mange mange hundre år sidan.

Ville hestar og esel som stoppa trafikken, først overraskelse og forundring – så smil og latter… og eit heilt eige og unikt duftinnslag i landskapet.
Midt i alt dette kjende me det så tydeleg: Vossabia høyrer heime her.
Eine Duftreise nach Narnia... 🌿✨
Frodigheita. Villheita. Naturen i full utfalding. Å, gu så perfekt for oss! Midt i ein eksplosiv vår, som var komen mykje lenger enn den forsiktige vårstarten heime.

Det var som om produkta våre passa naturleg inn i New Forest – ikkje berre visuelt, men energetisk, sanseleg og levande.
Rosmarin-Haarserum
Angebot 279,00 kr
🌿 Opplev dufta sjølv
👉 Utforsk Rosmarin Hårserum
👉 Opplev Tindved & Nesle
👉 Sjå Augebalsam
👉 Les meir om Ringblomstsalve

Frå vill natur til parfymelab


Alt me opplevde ute, tok me med oss inn i verkstaden.

Der lærte me:
– om råvarer og duftstesoff
– om hjernen og luktesansen
– om top-, midt- og basenotar
– om akkordar og komposisjon

Men det viktigaste av alt?

Å utvikle sjølve luktesansen. Å kjenne. Å skildre. Å forstå.

Helen Keller kalla luktesansen “the fallen angel of our senses”, og eg trur ho har rett. For dette er ein sans dei fleste av oss nesten har gløymt – men som rommar enorm glede, djupne og tilknyting. Og det fine?

Me kan trene han opp igjen.
Eine Duftreise nach Narnia... 🌿✨

“Do a daily dip”


Eit av dei beste råda me fekk var enkelt: Do a daily dip!

Stikk nasen nedi noko kvar dag. Ein krem. Ein eterisk olje. Ein blomst. Ein kopp te.

Kjenn etter og prøv å setje ord på det du opplever. Det er nesten som å lære eit nytt språk.
Og det gjer noko med korleis du opplever verda.
Eine Duftreise nach Narnia... 🌿✨

Duft som musikk 🎶


Vossabia har ein skala der me lagar vår unike duftmusikk. Me lagar tonar og akkordar – og produkta er melodiar som spelar saman i vår natur, eng, blomst og skogmusikk.

Nokre er meir diskrete
– som Skogdeo, Kroppsbalsam og Sjampo

Andre spelar på kraftigare notar
– som Skogen på Kroppen, Sensuell (verdens beste glidemiddel 😉) og oljeparfymen Essensiell Sensuell, perfekt bak øyrene, i halsgrop, bryst… eller litt på puta. Forførande sitrus smelta saman med woody, musky patchouli – ein rik, djup og heilt unik duft.

Eller kva med Mjuke hender? Du møter først ei dempa, fløyelsmjuk rose som blir elegant løfta av lett aromatisk og balanserande lavendel. Så smeltar blomane saman og omfamnar deg når du smører inn hendene. Kanskje kjenner du då basen med bivoks, sheasmør og kokos som legg seg som eit mjukt og nærande slør mot huden og får duftene til å kjennast som ein del av deg.
Eine Duftreise nach Narnia... 🌿✨

Sanddorn und Brennnessel fürs Gesicht

Og så har du desse to som kvar dag rører noko ekstra i meg…

🌿 Rosmarin Hårserum
🌿 Tindved & Nesle

Desse gir meg alltid ei djupare pust – ofte etterfulgt av eit lite sukk eller stønn 😅

Tindved & Nesle var spesielt kompleks å utvikle, spesielt i duftprofilen som også skulle bygge opp under helse og effekt som eg heilt spesifikt var ute etter at den skulle bidra med. Resultatet bryt med det forventa:

Ei djup og levande naturduft der blømande rose og krydra rosmarin blir transformert – forma av tindvedens særeigne signatur – frisk, syrleg og varm på same tid – og det grøne djupet frå nesle og hamp. Uforutsigbar. Naturleg. OG: djupt vanedannande 🧡 Det blomstrande forma av det jordnære. Nesten mystisk.

🌿 Finn di duftoppleving

👉 Prøv Rosmarin Hårserum
👉 Oppdag Tindved & Nesle
👉 Utforsk Essensiell Sensuell
👉 Sjå Mjuke Hender

Vegen vidare 🌿✨


No er me i gang. Me skal vidareutdanne oss innan parfyme – og allereie i sommar skal me på neste steg: Pro parfymemakarkurs.

Målet?

Å utvikle naturlege, trygge, etiske og sunne parfymar
– som eit alternativ til den syntetiske parfymeindustrien.

Heilt i tråd med Vossbias konsept om heilskapleg helse der me sidan starten på 2000-talet har hatt mål om å tilby naturlege, trygge og sunne alternativ til det som dominerar marknaden.

For målet har heilt tida vore å bidra til eit skifte.
Eit nytt syn på kosmetikk. At forbrukaren skal be om og etterkvart forlange kosmetikk og parfyme som gjer KUN GODT for folk, natur og planet.

Samtidig vil me bevare det magiske: Duft som kjensle. Minne. Oppleving.
Eine Duftreise nach Narnia... 🌿✨
Eg sit her no og sniffar dagleg på parfymen eg laga i England – og eg diggar resultatet! Frisk, vårleg, floral og lett... så no er eg ho litt rare som går og luktar på seg sjølv heile dagen 😂
Emil sin vart og balansert og nydeleg maskulin, og Ylva sin parfyme søt og fyldig med hint av cola. Og begge fulle av liv og nyansar.

Og: Dette er berre starten.

Me håpar du vil vere med oss vidare på denne duftreisa
– og kanskje oppleve produkta våre med heilt nye sansar.

Kanskje tek du ein “daily dip” allereie i dag?
Renate Lunde

Med varm helsing frå oss i Vossabia 💛 Renate & gjengen 🐝