Eg blir oppriktig glad kvar gong eg går ut i hagen no om dagen. 💛 Eg tek meg sjølv i å stoppe opp fleire gonger om dagen berre for å sjå på ringblomstane mine. Dei står der og lyser som små soler mellom andre blomar og alt det grøne, full av liv og kraft. Eg trur faktisk aldri eg kjem til å bli lei av synet.
Bli med meg ein liten tur ut i ringblomstbedet 🌼 Eg har lyst å vise deg kvifor denne vesle, oransje blomen har fått ein heilt spesiell plass – både i hjartet mitt og i Vossabia. Undervegs her skal du få møte fleire av produkta blomen har funne vegen inn i, og heilt til slutt ventar eit heilt nytt Ringblomstpakketilbod.

Og det er ikkje tilfeldig.
For ringblomst er utan tvil ei av dei plantene eg stolar aller mest på.

🌼 Ringblomst – naturen sin universalplante
Ho har ei heilt fantastisk evne til å støtte kroppen sin eigen reparasjonsprosess. Ho roer ned, lindrar, beskyttar og hjelper huden tilbake i balanse.
Det er difor me brukar den mot alt frå tørre lepper og sprukne hender til skrubbsår, irritert hud, kviser og eksem, solpåverka hud, hodebunn og hår, og mykje meir.

🌼 Støtte huden si eiga reparasjonsevne, slik at skrubbsår, sprekker og små hudskadar ofte gror raskare.
🌼 Dempe irritasjon og betennelse, noko som gjer ringblomst svært godt eigna til sensitiv, sår og reaktiv hud.
🌼 Styrke hudbarrieren, slik at huden held betre på fukt og blir meir motstandsdyktig mot kulde, vind og uttørking.
🌼 Verne mot oksidativt stress, takka vere eit høgt innhald av antioksidantar som hjelper huden å takle påverknader frå både sol, forureining og kvardagsliv.
🌼 Gi næring til hodebunn og hår, der ringblomst verkar roande på tørr, irritert og kløande hodebunn, samstundes som den støttar ein sunn hudbarriere rundt hårsekkane. Ein hovudbotn i balanse er det beste utgangspunktet for sterkt, glansfullt og sunt hår.
Det er nettopp difor ringblomst har fått vere med i så mange av produkta våre. Eg prøver alltid å spørje meg sjølv: Vil ringblomst gjere dette produktet endå betre? Svaret er overraskande ofte ja.

🌼 Ringblomstpakken – fire små favorittar med stor kraft
For å feire ringblomstsesongen har eg sett saman ei heilt ny pakke der du får bli kjent med fire produkt der ringblomst får utøve sin kraft.
💛 Ringblomstsalve (15 ml)
Dette er familiens vesle husapotek som har vore med tusenvis av familiar sidan 2004. Perfekt til tørr hud, kviser, eksem, skrubbsår, småsår, etterbarbering, sprekker, såre hender, utslett, insektstikk, irritasjon og mykje mykje meir.
Ei salve mange rett og slett ikkje vil vere forutan. Og perfekt til både velvere som ansiktskrem og til hudutfordringar av alle slag.
★ ★ ★ ★ ★— SvanhildBruker Ringblomstsalven til ALT." Såre lepper, skrubbsår, utslett, allergiske reaksjoner, hemorider, betente kviser, kløestillende, og inngrodde tånegler. Har den alltid med meg da jeg mer eller mindre har blitt avhengig av den.
★ ★ ★ ★ ★— JakobSuper salve ! " Kjøpte denne for atopisk eksem - og i løpet av rett over ei veka var nesten alt borte. Har forsøkt mange andre før dette uten resultat.

❄️ Kuldekrem (15 ml)
Namnet lurer mange. Ja, den er heilt fantastisk som kuldekrem. Men den er minst like god resten av året.
Mange brukar den som ei rik ansiktskrem når huden er ekstra tørr, som handkrem, på tørre albogar og hælar, eller når huden treng ekstra omsorg. Fleire kundar fortel òg at han har blitt ein favoritt ved tørr og eksemutsett hud, og sjølvsagt ved kuldeeksem.
Og sidan den inneheld naturleg solfaktor (ca. SPF 8), er den heilt perfekt på vinterfjellet, tidleg vår og seinsommar.
★ ★ ★ ★ ★— Grethe S.Jeg husker ikke sist huden i ansiktet mitt har vært så fin" Jeg har rosacea, og huden reagerer på sol og vind. Jobber i barnehage, så er ute i all slags vær. Har brukt kuldekremen som dagkrem hver dag i hele 2026 - i tillegg til solkrem nå på våren. Anbefales!
★ ★ ★ ★ ★— Anne Helene M.Desidert den beste kuldekremen jeg noen gang har prøvd!" Er mye ute i arbeids medfør (barnehageassistent), så den har blitt brukt flittig i vinter 😊 ikke bare er den drøy i bruk, deilig på huden og sitter lenge, den har en lett, behagelig lukt som jeg ikke har funnet i andre kuldekremer.

🌿 Sitrongras Hårserum
Dette er mykje meir enn eit hårserum.
Ringblomst spelar ei viktig rolle også her. Ho roer hovudbotnen, medan ryllik, rosenrot, rosmarin og sitrongras utfyller kvarandre i ei kraftfull urteblanding som gir næring til både hud og hår.
Serumet gir glans, mjukleik og næring, og er nydeleg både som kur før hårvask eller over natta, som pleie i hårtuppane, til styling eller som skjeggolje. Mange fortel at ein hovudbotn i balanse over tid også gir sterkare og friskare hår.
★ ★ ★ ★ ★Lukter friskt og godt." Jeg bruker den i hodebunnen kvelden før hårvask når jeg husker det. Bruker den også i ansikt og på hender/kropp, da jeg er plaget med eksem . - Ann-Marie
★ ★ ★ ★ ★— LivFin for tørre tupper og gi håret ekstra glans" Brukte den først bare i hodebunnen på grunn av kløe som forsvant etter daglig bruk i en uke.

🍃 Myntelepper
Sidan den gong har ho blitt prisvinnar, favoritt hjå titusenvis av kundar og ein fast følgesvein i lommer, vesker og sekkar over heile landet.
Ringblomst er sjølvsagt med her òg, saman med bivoks, og økologiske planteoljer som held leppene mjuke, sterke og godt beskytta – året rundt. Og den reparerer raskt om du treng: munnsår, herpes, sprukne lepper…
★ ★ ★ ★ ★— CamillaElsker den!" Dette er desidert den aller beste leppepomaden jeg har hatt! Nydelig lukt/smak og konsistens.
★ ★ ★ ★ ★— HanneFavoritt!" Gir langvarig fukt og en deilig kjølende følelse på leppene. Bestiller flere om gangen igjen og igjen og ingen andre leppepomaden duger etter at jeg prøvde denne.


Du treng ikkje stor gard
Det aller beste? Alle kan dyrke ringblomst. Du treng ikkje å bu på gard eller ha stor hage. Ein liten balkongkasse held lenge. Så frø om våren, og du får blomar som kjem om att og om att gjennom heile sommaren og heilt til oktober. Dess meir du plukkar, desto fleire blomar lagar planten.
Og så kan du bruke dei til så mykje!
🌼 Ha kronblada i salat.
🌼 Dryss dei over maten eller som kakepynt
🌼Lag ringblomsthonning ved å la blomane trekke i 4 veker i honning.
🌼 Lag super-te.
🌼 Lag tinktur.
🌼 Trekk dei i olje.
🌼 Lag di eiga salve eller såpe med ringblomst.
🌼 Eller lag middag med ringblomst! 👇🏻

Ringblomstrisotto (4–6 personar)

1. Steik sjalottløk og kvitlauk mjukt i olivenolja.
2. Rør inn risen før du tilset kvitvin.
3. Spe deretter med varm kraft, litt om gongen, medan du rører.
4. Når risen er nesten ferdigkokt, blandar du inn dei tørka ringblomstkronblada.
5. Server med friske kronblad på toppen – og gjerne ein god salat ved sidan av.
💛 Vakkert, enkelt og ein nydeleg måte å ta med litt meir natur inn på middagsbordet

Eg har ei kjensle av at ringblomsten framleis har mange hemmelegheiter att å vise oss – og eg gler meg til å utforske dei saman med dykk.
💛


Med djup takksemd frå Renate 💛Dronningbia 🐝 i Vossabia


