FRI FRAKT KAMPANJE 24.11–04.12, for alle som handler for over 600kr 🐝 Skriv FRIFRAKT i feltet for rabattkode, eller trykk her.

Solkrem faktor 20, 50 ml pumpeflaske

Solkrem faktor 20, 50 ml pumpeflaske

Vanlig pris 225,00 kr På salg

Vossabia Solkrem, som med kun nøye utvalde naturlege ingrediensar, beskytter mot UVA og UVB-stråler, gir fuktighet og næring til huden. Den er meget pleiande og tek vare på huden med bivoks, lanolin og gode urter som til dømes økologisk jojoba-, tistel- og kokosolje. Solkremen sin solbeskyttande effekt kjem av det naturlege fysiske solfilteret tiosol (finmalt titandioksid som er eit godt mineral som vert blanda med økologisk tistelolje hjå Urtegaarden i Danmark), og det er den solbeskyttelsen forskarar anbefalar som trygg å bruke. Tiosolen Vossabia brukar er undersøkt og godkjent med god margin i høve nanopartikkelnivået, då Vossabias fokus alltid er på helse og miljø. Solkremen utvikla Vossabia i 2007, og på desse åra har det kome inn svært mange flotte og spennande tilbakemeldingar frå kundar. Mange berømmer solbeskyttelsen, og at den også virker helande på solbrent hud om ein har gløymt å smøre og blitt solbrent. Folk som har problem med soleksem, tørr hud i sol, rennande auge med andre solkremar og elles intoleranser i høve konvensjonelle solkremer, opplever ofte særs gode og effektive resultat med denne solkremen. Den er særs mild og passar for alle aldre, frå baby og oppover.

BRUKSANVISNING: Den er meget dryg i bruk, så du kjem langt med overraskande liten mengde, og du smører den lett utover. Men, om du synest du treng å smøre den endå lettare utover og i tillegg få fin glans i huden, så anbefaler me å smøre den saman med eit pump Hårserum (faktisk!) eller ein liten dæsj deilig Kroppsbalsam. Då glir den endå lettare og meir smidig, og det kvite solfilteret blir endå lettare smurt inn og blir borte 🌼☀️ 

Innhald: lanolin, øko tistelolje, øko solsikkeolje, øko jojobaolje, tiosol (solfilter med finkorna ikkje-nano titandioksid (naturleg mineral) blanda med øko tistelolje), øko kokosolje, øko sheasmør, bivoks, naturleg e-vitamin, Co2 ringblomstekstrakt, øko lavendelolje, karotin.

Kundetilbakemeldingar

Based on 7 reviews Skriv ei anbefaling