Solbeskyttelse for HUD og HÅR: 15%: på Solkrem SPF 20 på pumpeflaske og Hårserum med naturleg solbeskyttelse ☀️

Solbeskyttelse for HUD og HÅR: 15%: på Solkrem SPF 20 på pumpeflaske og Hårserum med naturleg solbeskyttelse ☀️

Vanlig pris 430,00 kr 365,00 kr På salg

Er du og mykje ute i sola? Det er ikkje berre huden som treng beskyttelse på ein sunn og god måte, men også håret får køyrt seg i mykje sol. Så difor Solkrem OG Hårserum no i ei solpakke! 😁☀️🌼

Den herlege SOLKREMEN vår, utvikla med kun nøye utvalde ingrediensar i 2007 (etter å ha blitt overtydd av forskingsstudier om kor mykje crazy usunt for folk og miljø som er i konvensjonelle, kjemiske solkremar - den dag i dag). Så då tok eg saken i eigne hender, og det er ei glede av SÅ mange får stor nytte og glede av Vossabia solkrem på både solbeskyttelse (og blir gylden brune) og folk melder at soleksem, svie i auger, rennande auge, utslett mm blir borte. Naturen kan verkeleg fikse saker i sola også 💚 Les meir om solkremen på sidene for Solkrem faktor 10 og faktor 20, og ikkje minst i bloggen. (P.S. med naturleg fysisk solfilter treng man ikkje så himla høg faktor, og høge faktor solkremar er dessuten heilt fullstendig FY her på garden pga deira innhald). Sunnare å smøre seg fleire gonger med sunne saker enn 1 gong med usunne saker...

SÅ: Hårserum med nesle og jasmin, og så kokos og JOJOBA! Desse to sistnemnde er så bra for håret, då supermatinnhaldet inkludert høgt nivå av vitamin E samt andre viktige antioksidanter kan hjelpe mot solskader! Jojoba er også perfekt som after sun i hår som har vore lenge utsatt for solstråler, så saman med delux solkremen vår blir dette ein pakke som verkeleg tek vare på og beskytter hud OG hår. Hårserumet er fantastisk for hår og skjegg! Ut i sola? Ta ein par tre pump med Hårserumet i handa, dra det forsiktig og lett utover i håret, så beskytter du det fine håret ditt og! Eller i alle fall dra litt igjennom etter soling 🤩🌞 Les meir om Hårserumet på sida for produktet 💚