Gåvepakke for deg som dusjar og badar! Sjampo og Kroppsbalsam pakketilbod!

Gåvepakke for deg som dusjar og badar! Sjampo og Kroppsbalsam pakketilbod!

Vanlig pris 575,00 kr På salg

Eg er og har alltid vore symjar. Før i tida ein ihuga konkurransesymjar, no ei som iblant kjem med nokre små comeback på MasterNM, men helst ei som elskar å symje og bruke kroppen i vatn. Eg har her satt saman dei to absolutte favorittane som må vere i symjebagen min. Vossabias ville sjampo og kroppsbalsam. Her styrkar og mjukgjer me hår, hud og kropp, og me sikrar at avfallet vårt, som renn ut i elvar og hav, ikkje skadar noko som helst. Naturen får tilbake naturen sin. Vossabia vill urtesjampo er vorte veldig ettertrakta blant anna på grunn av at den etterlet eit mjukt og styrka hår som ikkje treng balsam. Men det dei fleste set pris på er å vite at sjampoen dei brukar er full av sunne urter, som pleier og beskyttar hud, hår, kropp og ikkje minst miljø. Når i tillegg kløen og den tørre hovudbotnen blir borte, så skjønar fleire og fleire kor sentrale urter og gode råvarer rett frå naturen er for oss og den store heilskapen. Naturleg sjampo er ikkje lett å få til utan at den tørkar ut, men takka vere 3 år med arbeid og studier og læring blant anna hjå ekspertar i England er eg no meget nøgd, om eg så må seie det sjølv.Vossabia Kroppsbalsam med ville urter er ein aldeles nydeleg mjukgjerande balsam for heile kroppen! Smør deg inn etter dusjing eller etter du har vore i symjehallen og vorte uttørka av klor eller salt. Du vil oppleve den meget mjuke og deilige konsistensen, du kjenner du treng lite som glir langt over huden din, og du vil også vite at her er johannesurt, rødkløver, ryllik og einer som får tilføre og pleie med sine mangfaldige helsegevinstar, saman med den fantastiske bivoksen som både renser, beskyttar og tilfører fukt.