"30 års leting etter ansiktskrem er endelig over!" [Les meir i bloggen]

Kamillebalsam og den beste dyrkeboka: DYRK ENKELT av Maria Berg Hestad 🌼💚 15% rabatt
Kamillebalsam og den beste dyrkeboka: DYRK ENKELT av Maria Berg Hestad 🌼💚 15% rabatt
Kamillebalsam og den beste dyrkeboka: DYRK ENKELT av Maria Berg Hestad 🌼💚 15% rabatt

Kamillebalsam og den beste dyrkeboka: DYRK ENKELT av Maria Berg Hestad 🌼💚 15% rabatt

Vanlig pris 629,00 kr 534,00 kr På salg

DYRK ENKELT av Maria Berg Hestad + Kamillebalsam 50 ml = perfekt hagekombo!

Eg er så glad og stolt over å kunne få selge dei fabelaktig gode bøkene til meget dyktige Maria Berg Hestad i Det grønne skafferi. Kanskje de kjenner til den supre og meget jordnære og praktiske bloggen hennar? I bloggen Det grønne skafferi deler ho villig og raust dei beste og mest praktiske tips til å kome i gang, og ikkje minst til å få til, og lukkast med dyrking. 

Kjøkkenhage er verkeleg vegen til det gode liv, om du spør Maria og meg sjølv 😁 og har du ein ledig flekk plen, skråning, eller ein pallekarm, så har Maria dei beste tips til å kome i gang med sjølvdyrking! Maria er ivrig brukar av Ringblomstsalven vår, men i dette pakketilbodet saman med hennar fyrste bok, så er det tilbod på Kamillebalsam saman med Dyrk Enkelt. Kamillebalsam er nemleg også ein suveren salve for "haging" (som burde bli eit nytt verb 😉). Tørre og sprukne fingertuppar kan lett bli daglegdags ved mykje graving i jord og alt som høyrer til haging, men Kamillebalsam fikser det lett! I tillegg til så mykje anna. 

I tillegg er Kamillebalsam basert på ein elska og uunnværleg hageplante, den eittårige kamilleblomen. Mange er nok kjend med den frå eigen hage, og om ikkje så tilrår eg verkeleg å la 2022 bli året du sår kamille. Det er så utruleg enkelt: direkteså ved å strø utover dei små fine frøa der du har ein jordflekk du vil dyrke denne fantastiske planten, og bli overraska over korleis den i starten litt stusselege veksten endrar seg til eit lite hav av kamilleblomar som filtrar seg saman og bortover. Plukk og tørk blomane, så har du helse-te langt etter sesongslutt. Fantastisk! 💚


Her får du 15 % på 190 sider uunnværleg dyrkebok og hagesalven Kamillebalsam 🌸🐝💚

Innhald Kamillebalsam:

Øko kamilleurteolje, øko tistelolje, lanolin, øko hampolje, bivoks, naturleg e-vitamin, eterisk olje av blå kamille.