{"title":"Ansiktspleie","description":"Her finn du våre beste produkt til ansiktet. Nyt produkt med nøye utvalde planter som gir gode resultat på ansiktshuden. Rens, dagkrem, nattkrem og alle med mange andre gode bruksområder og eigenskapar i tillegg.","products":[{"product_id":"kuldekrem","title":"Kuldekrem","description":"\u003cp\u003eVossabia Kuldekrem er ein vannfri og meget pleiande salve som tek vare på huden i kulde, vind og sol, beskyttar og nærar, og passar bra for både born og vaksne. Den er mjukgjerande, i tillegg til at den førebygger og lindrer frostskadar. Kuldekremen er næringsrik for hud og kropp med plantar som inneheld blant anna \u003cmeta charset=\"utf-8\"\u003egode essensielle fettsyrer (omega 3 bl a). Du får også beskyttelse mot fjellsola då salven inneheld 100% fysisk naturleg solfilter med faktor 8. Uunnværleg for dei alle minste, og for friluftsfolk. Inneheld ikkje vatn.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eMe får stadig spennande og gode tilbakemeldingar frå barnehagar, småbarnsforeldre og i tillegg ivrige friluftsfolk og folk som arbeider ute i hardt og kaldt vær. Kuldekremen til Vossabia er herleg i ansikt og på hender, men bruk den gjerne kvar som helst. Nydeleg som handkrem!\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eInnhald: lanolin, \u003cmeta charset=\"utf-8\"\u003eøko bivoks, øko tistelolje, øko jojobaolje, squalane, tiosol (solfilter med titandioksid og øko tistelolje), naturleg e-vitamin, karotin, øko lavendelolje.\u003c\/p\u003e","brand":"Vossabia","offers":[{"title":"50 ml","offer_id":44150011986096,"sku":"KUL50","price":207.2,"currency_code":"NOK","in_stock":true},{"title":"15 ml","offer_id":44150011953328,"sku":"KUL15","price":135.2,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2130\/0477\/files\/kuldekrem-kul50-2153473.jpg?v=1772863570"},{"product_id":"gavepakke-til-smabarnsforeldre","title":"Eit must for småbarnsforeldre","description":"\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eBabysalve 50 ml\u003c\/strong\u003e, \u003cstrong\u003eRingblomstsalve 50 ml\u003c\/strong\u003e, \u003cstrong\u003eKamillebalsam 50ml\u003c\/strong\u003e!\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eBabysalve for såre stumper, Ringblomstsalve, universalkremen til heile familien både i kvardagen og når uhellet er ute. Kamillebalsam beroliger huden og er fabelaktig for mjukgjering og sart hud!\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDu kan lese meir om enkeltproduktene i pakken i nettbutikken.\u003c\/p\u003e","brand":"Vossabia","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":5805699694631,"sku":"BAB50-KAM50-RIN50","price":623.2,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2130\/0477\/files\/pakketilbod-eit-must-for-smabarnsforeldre-15-rabatt-7322172.png?v=1756156395"},{"product_id":"solkrem","title":"Solkrem","description":"\u003cp\u003eVossabia Solkrem, som med kun nøye utvalde naturlege ingrediensar, beskytter mot UVA og UVB-stråler, gir fuktighet og næring til huden. Den er meget pleiande og tek vare på huden med bivoks, lanolin og gode urter som til dømes økologisk jojoba-, tistel- og kokosolje, og ikkje minst økologisk tindvedolje og ringblomstekstrakt. Solkremen sin solbeskyttande effekt kjem av det naturlege fysiske solfilteret tiosol (finmalt titandioksid som er eit godt mineral som vert blanda med økologisk tistelolje), og det er denne fysiske naturlege solbeskyttelsen forskarar anbefalar som trygg å bruke for folk og miljø. Tiosolen Vossabia brukar er undersøkt og godkjent med god margin i høve nanopartikkelnivået, då Vossabias fokus alltid er på helse og miljø. Solkremen utvikla Vossabia i 2007, og på desse åra har det kome inn svært mange flotte og spennande tilbakemeldingar frå kundar. Mange berømmer solbeskyttelsen, og at den også virker helande på solbrent hud om ein har gløymt å smøre og blitt solbrent. Folk som har problem med soleksem, tørr hud i sol, rennande auge med andre solkremar og elles intoleranser i høve konvensjonelle solkremer, opplever ofte særs gode og effektive resultat med denne solkremen. \u003cmeta charset=\"utf-8\"\u003eDen er særs mild og passar for alle aldre, frå baby og oppover.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eBRUKSANVISNING: Den er meget dryg i bruk, så du kjem langt med overraskande liten mengde, og du smører den lett utover.  🌼☀️ \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eInnhald: lanolin, \u003cmeta charset=\"utf-8\"\u003eøko jojobaolje, øko tistelolje, tiosol (solfilter non-nano titandioksid (naturleg mineral) blanda med øko tistelolje), øko tindvedolje, øko kokosolje, \u003cmeta charset=\"utf-8\"\u003e øko solsikkeolje, \u003cmeta charset=\"utf-8\"\u003ebivoks, øko sheasmør,  naturleg e-vitamin, \u003cmeta charset=\"utf-8\"\u003ekarotin, \u003cmeta charset=\"utf-8\"\u003eøko lavendelolje, Co2 ringblomstekstrakt.\u003c\/p\u003e","brand":"Vossabia","offers":[{"title":"50 ml \/ 10","offer_id":42712118362288,"sku":"SOL10","price":255.2,"currency_code":"NOK","in_stock":true},{"title":"50 ml \/ 20","offer_id":42769913970864,"sku":"SOL20","price":263.2,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2130\/0477\/files\/solkrem-sol10-5039461.jpg?v=1772863569"},{"product_id":"ringblomstsalve-100-ml","title":"Ringblomstsalve","description":"\u003cp\u003eDin universalsalve til kvardagen og ved problem i huden. Og min favorittdagkrem! \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDenne naturlege dagkremen til ansikt og hals kan virke vitaliserande og minske porer og urein hud. Pleiande og helande ved sår og skader. Fungerer ofte meget godt ved eksem, atopisk eksem, kviser\/hudormer\/akner og ulike utslett. Mange menn likar også den lindrande og mjukgjerande effekten etter barbering. Andre tilbakemeldingar frå kundar inkluderer god og rask heling ved kutt, sår, og ikkje minst brannsår, ved sprukken hud (som fingertupper), rosacea i ansiktet, strekkmerker, og til og med hemorroider og åreknuter. Ringblomstsalven er med andre ord heile familiens universal, eller husapoteksalve. Vossabia bruker mykje ringblomst i ulike former i oppskriften, og det sikrer at det blir eit bra innhald av næringsrike ingrediensar som essensielle feittsyrer.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eSalven er superdryg, så ein treng veldig lite om gongen. Bruker du den som dagkrem så skal du ikkje bli klissete, og blir du det har du berre litt for mykje på 😁\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eInnhald: øko bivoks, øko ringblomsturteolje, øko tistelolje, Co2 ringblomstekstrakt, naturleg e-vitamin, øko lavendelolje.\u003c\/p\u003e","brand":"Vossabia","offers":[{"title":"100 ml","offer_id":42287708045488,"sku":"RIN100","price":423.2,"currency_code":"NOK","in_stock":true},{"title":"50 ml","offer_id":42260026130608,"sku":"RIN50","price":263.2,"currency_code":"NOK","in_stock":true},{"title":"15 ml","offer_id":43168398147760,"sku":"RIN15","price":151.2,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2130\/0477\/files\/ringblomstsalve-rin100-2261882.jpg?v=1772863568"},{"product_id":"kamillebalsam-100-ml","title":"Kamillebalsam","description":"\u003cp\u003eDeilig krem for sensitiv, intolerant, hard og tørr, kløande hud. Eller som ein næringsrik 100 % naturleg nattkrem. Kamillebalsam er herleg mjukgjerande på spesielt hard hud, som til dømes hælar, og er difor ein meget populær fotkrem. Den glir lett og mjukar også godt opp ved ekstra tørr hud som ved psoriasis og atopisk eksem. Særs mange tilbakemeldingar på psoriasis, der kundar rapporterar at kløe forsvinn raskt, raudheit og tørrheit vert lindra og betra, og i tillegg er Kamillebalsam betennelseshemmande, bakterie- og soppdrepande. Kan brukast på mange område og plager som til dømes ulike typar kløe, fotsopp, sopp i underlivet, augekatarr, ved kløande hovudbotn, solbrent hud, ved stikk og svie. Info til kundar med psoriasis: ein mannleg kunde frå Hardanger\u003cspan\u003e \u003c\/span\u003emeldte for mange år sidan at\u003cspan\u003e \u003c\/span\u003ehan får dekka inntil 5000 kr i Kamillebalsam frå NAV for sin psoriasis etter at hudlegen har bekrefta i NAV-søknad at denne hjelper hans kraftige psoriasisplager. Etter det har det kome mange tilbakemeldingar om det samme.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cspan\u003eInnhald: bivoks, kamilleurteolje, øko tistelolje, øko hampolje, lanolin, naturleg e-vitamin, eterisk olje av blå kamille.\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e \u003c\/p\u003e","brand":"Vossabia","offers":[{"title":"100 ml","offer_id":42287709454512,"sku":"KAM100","price":423.2,"currency_code":"NOK","in_stock":true},{"title":"50 ml","offer_id":42260076069040,"sku":"KAM50","price":263.2,"currency_code":"NOK","in_stock":true},{"title":"15 ml","offer_id":43233619378352,"sku":"KAM15","price":151.2,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2130\/0477\/files\/kamillebalsam-kam100-6661592.jpg?v=1772863570"},{"product_id":"sommarpakke-15-rabatt","title":"Den komplette sommarpakke ☀️💛🌞","description":"\u003cp\u003eNo er det på tide å hylle sol og sommar skikkeleg! Det gjer me med tilbod på ein heilt herleg kombinasjon naturprodukt til hud og kropp om sommaren:\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eSOLKREM 50 ml - no i pumpeflaske! (du kan velge faktor 10 eller 20, eg legg oppi faktor 20 om eg ikkje får melding om anna :)) + KAMILLEBALSAM 50 ml (fantastisk beroligande after-sun, kløedempande og utruleg mykje meir) og PANTERBALSAM 50 ml (held unna mygg, knott og flått, også kløedempande, god på vondt og verk, hodepine mm)!\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eSolkremen til Vossabia er, som alle produkta, laga med nøye utvalde ingrediensar frå naturens apotek! I Solkremen får du ikkje berre beskyttelse mot solas UVA og UVB-stråler, men du får i tillegg nærande og pleiande ingrediensar som tek vare på huden din og miljøet! Det kjem mykje tilbakemeldingar frå folk som ikkje tåler vanlege solkremar, om at endeleg er det ein solkrem som ikkje gir rennande auge, sår hud osv. Kamillebalsam er heilt nydeleg som after-sun! Den roer ned huden effektivt og lindrar om det er vorte for mykje sol, og til og med blemmer forsvinn raskt ferdighela på kort tid! Kløe, senisitiv hud, psoriasis, oppmjukande effekt, fotkrem, nattkrem, ja, det er svært mange bruksområde på denne favoritten! Panterbalsam er jo uvurderleg på all slags vondt og verk i kroppen, men det artige no om sommaren er at mange kundar dei siste åra har funne ut at den held unna mygg, knott og flått både på folk og hundar! Småkrypa likar nok ikkje dei sterke luktene frå kamfer, eukalyptus og peppermynte blant anna. Men desse plantene gjer underverk på oss! Mot vondt og verk, kløe, hovudpine, hovne bein, treningssmerter, voksesmerter, revmatiske plager og mykje meir.\u003c\/p\u003e","brand":"Vossabia","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":5805700186151,"sku":"PAN50-KAM50-SOL20","price":671.2,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2130\/0477\/files\/den-komplette-sommarpakke-5687706.jpg?v=1756156391"},{"product_id":"augebalsam-30-ml","title":"Augebalsam","description":"\u003cp\u003eEin herleg pleiande augekrem som du får i både 15 og 30 ml. Den er super ved hovne auge og blant anna ved sår hud. Augebalsam frå Vossabia er også ein effektiv og næringsrik nattkrem for heile ansiktet og halsen. Tistelolje og hampolje tilfører huden dei essensielle omega 3- og 6-fettsyrene, som er viktig for hudens vitalitet. Hamp gir synlege resultat alt etter kortvarig bruk, blant anna pga at fettkomponentane gir direkte næring til hudcellene, samtidig med at den fører effektive stoff med seg inn i huden, som GLA og essensielle fettsyrer. Desse regenerer huden og bygger opp hudens naturlege immunforsvar, og hamp etterlet i tillegg huden silkemjuk.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eArnikatinktur motvirkar hevelsar under augene, medan granatepleolje minskar dei fine linjene i området og har dokumentert effekt mot danning av rynker. Dette er pga det høge innhaldet av antioksidantar. Samansettinga av ingrediensar er mild på huden, og tilfører næringsstoff som er avgjerande for å motvirke for tidleg aldring av huden. Smør på rein hud om kvelden.Nokre tilbakemeldingar frå kundar gjennom 10 år: - raudheit i huda rundt augene borte- motverkar og betrar hovne, posete auge- pigmentflekkar har blitt mindre\/borte- god på eksem rundt augene- lindrar såre auge og fungerer godt i forhold til rennande auge og intolerant hud- linjer og rynker blir mindre (også andre stader enn rundt augene, for eks mellom brystene).\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003einnhald: bivoks, øko. tistelolje, øko. hampolje, øko. granatepleolje, squalane, arnikatinktur, naturleg e-vitamin.\u003c\/p\u003e","brand":"Vossabia","offers":[{"title":"30 ml","offer_id":42287699591344,"sku":"AUG30","price":412.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true},{"title":"15 ml","offer_id":11731391021098,"sku":"AUG15","price":239.2,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2130\/0477\/files\/augebalsam-aug30-2204408.jpg?v=1772863570"},{"product_id":"rose-og-raudkloverskrubb-til-ansikt","title":"Rose- og raudkløverskrubb til ansikt","description":"\u003cp\u003eLuksusskrubb til ansikt og hals med handplukka ville blomar av rynkeroser (Rosa Rugosa) og raudkløver på Voss. \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eSkrubb ansiktet jamnleg med denne 100% naturlege skrubben laga av dei pleiande og næringsrike blomane på raudkløver og rose, malt saman med økologisk rismjøl. Dette gir ein mild, men effektiv skrubb og rens av ansiktshuden, fjernar smuss, forureining og døde hudceller. Skrubb med rose og rødkløver gir huden glød og vitalitet blant anna.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eRose aukar sirkulasjon, kraft i huden, er beroligande og dufter himmelsk. Eg skjønar godt at kinesarane har skatta rose som ansiktsurt i uminnelege tider!\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eRaudkløver passar og godt til ansiktspleie, då den er rensande, styrkande og svært næringsrik. \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eBruk som skrubb ca 2 gonger i veka:\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eta ein liten mengde pulver (ca 1 ts) i handa eller i eit eggeglass t.d., bland med anten vatn rett i handa, eller med olje, naturell jogurt eller honning. Masser inn i huden med sirkelbevegelsar. Skyll av med lunka vatn. Smør deg så inn med ein næringsrik og god salve for eks.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eBruk som dagleg ansiktsrens:\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eta ca 1 ts (eller mindre) i handa, bland med litt vatn frå springen og vask ansiktet lett med denne deilige grauten av blomar og rismjøl. Skyll. \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eBruk som ansiktsmaske:\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eBland ein liten mengde pulver med for eks honning (som renser, nærer og gir fukt til huden), påfør huden og slapp av medan maska får virke i ca 20 min. Vask av ved å skrubbe lett med lunka vatn. \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eInnhald: **roseblomar (Rosa Rugosa), ** raudkløverblomar, * rismjøl, Rose de mai eterisk olje\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e*frå økologisk landbruk\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e** frå ville vekstar på garden\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eMengde: 100 ml\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eHaldbarheit: minst 12 mnd\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e \u003c\/p\u003e","brand":"Vossabia","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":29555476463658,"sku":"ROS100","price":263.2,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2130\/0477\/files\/rose-og-raudkloverskrubb-til-ansikt-ros100-6387850.jpg?v=1772863568"},{"product_id":"emils-favorittpakke-no-pa-tilbod","title":"Emils favorittar","description":"\u003cp\u003eDen tøffe ungdomen min er fødd samstundes med Vossabia, dei er begge fødd i 2004! :) Emil har sjølvsagt kun fått sunne saker på hud og kropp heile sitt liv, og han berre elskar mammas produkter (smelt ;) ). Sjølv om han brukar dei fleste har han hatt nokre favorittar heile tida, og dei er alle i dagleg bruk av både han og resten av oss her:\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eRINGBLOMSTSALVE - i ansiktet, på hender, mot kviser, sår og skader. Han lærte kor ufatteleg fort den heler alvorlege sår etter han tryna på sykkel og skrelte av det meste av huden i panna. Etter ei veke var han sitt nydelege seg att, med arrfri hud heilt hela.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003ePANTERBALSAM - på vonde musklar etter hard trening, voksesmerter, kramper og hodepine. Eller stive vonde skuldre og rygg for eks. Han likar og godt at den held unna mygg og knott og flått! :)\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eKAMILLEBALSAM - på føtter, hender, kløe, betennelse, fotsopp, augekatarr, vepsestikk og bistikk og brennesle og solbrent hud osv :)\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e \u003c\/p\u003e","brand":"Vossabia","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":44742422429872,"sku":"RIN50-PAN50-KAM50","price":671.2,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2130\/0477\/files\/emils-favorittar-rin50-pan50-kam50-6206390.jpg?v=1773940626"},{"product_id":"solkrem-augebalsam-perfekt-i-sol-og-vind","title":"Solkrem f. 10 + Augebalsam = perfekt i sol og vind ☀️","description":"\u003cp\u003eDet er nesten flaut, men det tok meg 13 år før eg oppdaga denne kombinasjonen! Eg utvikla både Solkrem og Augebalsam under morspermisjonen med Ylva i 2007-2008, og fyrst no gjekk det opp for meg at SOLKREM + AUGEBALSAM er perfekt i sol OG vind, der vinden skikkeleg rusker og augene hovner litt opp. \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eSOLKREM med naturleg fysisk filter (\u003cstrong\u003eikkje-nano\u003c\/strong\u003e titandioksid, sunt og heilt ufarleg for folk og miljø), veldig pleiande planteolje, bivoks og beskyttande lanolin. Her får du eit skikkeleg kinderegg av ein solkrem som ikkje berre beskytter godt mot UVA og UVB (faktor 10 beskytter også lenge og godt når det er naturleg fysisk filtet! 👍☀️), men som også pleier og gir næring til huden, og mange melder om god hjelp på soleksem også.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eAUGEBALSAM som me elsker rundt augene (eller øynene for dei bokmålsfolk som ikkje skjønar det fine ordet auge 😉) om kvelden, då den er stappfull av supermat med planteoljer rik på antioksidanter (granateple), essensielle fettsyrer (hamp bl a), mineral og vitamin frå blant anna solblom (arnika) som også er DEN superplanten på å forhindre\/redusere\/minske HOVNE AUGE! Og difor: dette gjer den til superkombo med solkrem i d-vitaminrik solskinn og rivande vind! 💚\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eOg korleis kunne eg ikkje sjå denne perfekte kombo, når det til og med ligg ein slik kundeanmeldelse på sida til Augebalsam:\u003c\/p\u003e\n\u003cdiv class=\"spr-review-header\"\u003e\n\u003ch3 class=\"spr-review-header-title\"\u003e5 stjerner! Øyesalve som virker\u003c\/h3\u003e\n\u003cspan class=\"spr-review-header-byline\"\u003e\u003cstrong\u003eEva B F\u003c\/strong\u003e\u003cspan\u003e \u003c\/span\u003eon\u003cspan\u003e \u003c\/span\u003e\u003cstrong\u003eJul 18, 2020\u003c\/strong\u003e\u003c\/span\u003e\n\u003c\/div\u003e\n\u003cdiv class=\"spr-review-content\"\u003e\n\u003cp class=\"spr-review-content-body\"\u003e\u003cem\u003eDen 30. mai gikk jeg på randonee tur i høyfjellet i strålende sol og masse snø. Solkrem og svette randt ned i øyene og solen ble reflektert overalt i snøen.\u003c\/em\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003eNeste dag var jeg så hoven og rød rundt øynene at det var vanskelig å se til siden. Hevelse, flass og rødhet forsvant ikke før jeg mottok augensalve fra Vossabia. To netter med den og alt ble bra . Magisk!\u003c\/em\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003c\/div\u003e\n\u003cmeta charset=\"utf-8\"\u003e\n\u003cp\u003e\u003cspan\u003eINNHALD: \u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cspan\u003eSolkrem faktor 10: bivoks, lanolin, øko tistelolje, øko solsikkeolje, øko jojobaolje, øko kokosolje, øko sheasmør, tiosol (solfilter med finkorna titandioksid (naturleg mineral) i ikkje-nanoform blanda med øko tistelolje), naturleg e-vitamin, Co2 ringblomstekstrakt, øko lavendelolje.\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cspan\u003eAugebalsam: bivoks, øko. tistelolje, øko. hampolje, øko. granatepleolje, squalane, arnikatinktur, naturleg e-vitamin.\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Vossabia","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":39367900725424,"sku":"SOL10-AUG15","price":420.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2130\/0477\/files\/solkrem-f-10-augebalsam-perfekt-i-sol-og-vind-4283182.png?v=1756156380"},{"product_id":"pakketilbod-til-familien-ringblomstsalve-100-ml-sjampo-250-ml-panterbalsam-50-ml","title":"Familiepakka 💚Ringblomstsalve, Sjampo, Panterbalsam","description":"\u003cp\u003eEtter innspel frå kunder blir det no eit supert familietilbod med 100ml RINGBLOMSTSALVE, SJAMPO og 50ml PANTERBALSAM. Dette er mange familiars favorittar, som det går unna av, og det er ikkje rart! Denne gode samlingen passar alle aldre, til utruleg mange ting som oppstår eller er behov for i det daglege. \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eRingblomstsalven til ansiktet, og der gjer den jo underverk ofte for ungdomen sine kviser og hudormer, eller store porer, utslett, eksem, atopisk, rødhet i huden, tørre hudparti, etter barbering, såre brystvorter... ja, og mykje meir som me stadig får tilbakemelding om. Til og med rynker 😁 Min faste dagkrem og sårsalve og handkrem osv... 😅💚\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eSjampo med ville urter! Kjerringrokk, nesle, ryllik, einer... Det er klart sjampoen funker superbra for mange når det er slike superurter i store mengder i sjampoen. Og hodebunnen! Få bort kløe, tørrhet, flass, skorper og eksem, og ikkje minst: gje næring og pleie til hår og hodbunn med denne sjampoen! Og så trenger man ikkje balsam, kor bra er ikkje det!?\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003ePanterbalsam! På all slags vondt og verk, tett nase, senebetennelse, kramper, mot mygg og knott og flått, på insektsstikk, kløe, negleband, hodepine og smerter i ledd og etter operasjoner... Ja, dette og mykje meir får eg kvar veke masse tilbakemeldinger på (no i over 17 år), og den er alltid med i veska, lomma, bilen og på disken her og der. \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eLes meir om produkta og innhald på deira enkeltsider i nettbutikken, og der kan de og lese meir kundetilbakemeldingar 🌼💚🐝\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e \u003c\/p\u003e","brand":"Vossabia","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":40285832020144,"sku":"SJA250-RIN100-PAN50","price":799.2,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2130\/0477\/files\/pakketilbod-til-familien-ringblomstsalve-100-ml-sjampo-250-ml-panterbalsam-50-ml-3015001.png?v=1756156379"},{"product_id":"tindved-og-nesle-regenererande-ansiktsbalsam-50-ml","title":"Tindved og nesle til ansikt","description":"\u003cp\u003e\u003cmeta charset=\"utf-8\"\u003e\u003cstrong\u003eEin eksklusiv hudbalsam som eg kallar ein ekte BOTANISK BUFFET for huden! \u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cem\u003eOppsummert inneheld Tindved og Nesle planter som kan bidra til å *redusere rynker og linjer, *gje elsastisitet og fukt, *ved eksem, *pigmentforstyrrelser, *urein hud\/kviser, *auke blodsirkulasjon og fremje hudens eigne naturlege reperasjonsprosessar\u003c\/em\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eSnakk om salve stappfull av supermat til hud og kropp, med plantar som alle er nøye vald ut til å få vere med i krukka pga deira rike innhald av antioksidantar, vitamin-C, A, og B i tillegg til knallviktige essensielle fettsyrer (omega 3, 6, 9 og den sjeldne omega 7).\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDette er næring som trengs for å gje meir elastisitet og fukt til huden, noko som betyr meir fleksibilitet i alle typar vev. Rik pleie med kun det beste frå naturen! Om då sluttresultatet blir ei frisk, glødande og sunn hud som held seg ung lenger, så er det ikkje meg i mot 😉 Alle plantane valt ut til denne nattkremen er kjent for sitt høge næringsinnhald og sine eigenskapar knytt til regenerering av huden (gjenoppbygging, redusere rynker og linjer, cellefornying, ureinheiter mm). Og dette er absolutt mat utanfrå og inn - difor altså ein botanisk buffet. Som alle Vossabiaprodukt. Her handlar det alltid om å gje eit supersunt tillegg til det å ete sunt og «smøre huden innanfrå» med næringsrike matvarer.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eMed Tindved og Nesle nattkrem (perfekt om natta og super om dagen og når som helst!) får du dei beste matvarer utanfrå og inn, med blant anna dyrebar økologisk granatepleolje, økologisk olje av nypefrø, økologisk hamp- og tistelolje, og ikkje minst dei knalloransje tindvedbæra. Tindved er med her både som eksklusiv øko-olje av bæra, samt som tinktur av tindved. Tindvedbæra i tinkturen er hausta på en gard i Lærdal og deretter behandla og foredla med ærefrykt i ein lang prosess frå dei heng på dei meget stikkete buskene til tinkturen kjem i krukka. Tinktur har me og laga av fantastisk brennesle frå garden vår, plukka gjennom sommaren som var, og nesle: ein av dei mest næringsrike plantane i norsk flora 💚\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eHuden tek villig i mot denne botaniske supermatbuffeten, eg digger den for lengst etter lang prøvetid her! 🤩 Som nattkrem får den verkeleg jobbe med å styrka og næra hudens naturlege prosessar gjennom natta, men eg må innrømme at eg i blant også bruker den på dagen 🤩 Det er forresten ikkje berre moden hud som vil elske denne herlege saken, men også ung hud, urein hud, eksemhud og ved andre forstyrrelser i huden. Men, eg digger den også av velværegrunnar, SÅ nydeleg å ha på huden.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eTindved og Nesle nattkrem er ganske rødlig\/oransje i fargen, og det er pga knallrød nypefrø- og tindvedolje og deira høge innhald av vitamin A (som fremjer danning av kollagen blant anna). Salven er superdryg, og lite trengs om gongen, så du skal ikkje bli klissete eller oransje, då har du alt for mykje på 😅 Men, den gir deg ein skikkeleg nydeleg glød (takk nypefrø og tindved 💚).\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eOppdag også den nydelege duften av økologisk rose og rosmarin! Så harmonisk, balanserande og ikkje minst så er desse to også med på å styrke, pleie og gjenoppbygge huden. \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eLes meir om blant anna tindved her på botanikar Rolv Hjelmstad (min superurtelærar) sitt urteleksikon: https:\/\/www.rolv.no\/urtemedisin\/medisinplanter\/hipp_rha.htm\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eInnhald: tistelolje*, nypefrøolje*, granatepleolje*, tindvedolje*, squalane, hampolje*, bivoks, tindvedtinktur**, nesletinktur**, rosmarin antioksidant, eterisk rose de mai-olje*, eteriske rosmarinolje*\u003cbr\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp data-mce-fragment=\"1\"\u003e *frå økologisk landbruk\u003c\/p\u003e\n\u003cp data-mce-fragment=\"1\"\u003e**frå vekster plukka på garden her og omegn\u003c\/p\u003e\n\u003cp data-mce-fragment=\"1\"\u003e\u003cstrong\u003eSlik bruker du Tindved og Nesle:\u003c\/strong\u003e \u003cbr\u003esjå kor lite du trenger om gongen, ta bittelitt, smør ut i handa og masser inn i ansiktet. \u003cbr data-mce-fragment=\"1\"\u003eSjekk kor fin glød du får i huden, og du blir IKKJE oransje sjølv om salven er knalloransje (blir du oransje har du tatt for mykje på!)\u003c\/p\u003e","brand":"Vossabia","offers":[{"title":"50ml pumpe","offer_id":42260030554288,"sku":"TIN50","price":359.2,"currency_code":"NOK","in_stock":true},{"title":"50 ml krukke","offer_id":43712036274352,"sku":"TIN50K","price":359.2,"currency_code":"NOK","in_stock":true},{"title":"15ml krukke","offer_id":42260030587056,"sku":"TIN15","price":180.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2130\/0477\/files\/tindved-og-nesle-til-ansikt-tin50-9610083.jpg?v=1772863569"},{"product_id":"perfekt-pakke-til-ansiktet-i-nydeleg-gaveboks-rens-dagkrem-og-nattkrem","title":"Perfekt pakke til ansiktet 💗 rens, dag- og nattkrem","description":"\u003cp\u003eHer er verkeleg det du treng for perfekt pleie til ansiktet! 🌸 RENS, DAGKREM OG NATTKREM 💕\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003ePeeling og rens med Rose - og rødkløverskrubb, som kjem i aromatisk og praktisk pulverform. Denne er så utruleg god og effektiv, og ikkje minst full av rose og rødkløver frå engene her, som gir næring og vitalitet til ansiktshuden. Du kan lage deg ein deilig skrubb ved å tilsette vatn, enkelt og greit! Ta ei ca ts-mengde i handa, og skvett oppi litt vatn så det blir som ein velling\/tynn graut, og lag sirkelbevelgelsar og skrubb ditt fine ansikt. Skyll med lunka vatn når du kjenner det er nok. Varier gjerne med å blande skrubben med naturell jogurt, eller ein god avkjølt urtete, eller kva med å blande med honning og lage seg ei maske først, som du så skrubber av etter 20 min avslapping. \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eSom DAGKREM er eg hekta på RINGBLOMSTSALVE, og den har vore fast kvar morgon i snart 19 år! Huden vart raskt mykje meir smidig, jevn, mjuk og ikkje minst utan hudormer og kviser. Det er også mykje tilbakemeldinger frå mange som får god og rask nytte ved eksem, rosacea, rødhet, tørre flekkar mm. Ta bittelitt, smør ut i hendene, og deretter masser ansiktet inn med liten mengde superdryg ringblomstsalve. \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eJa, så er jo ringblomstsalven familiens universal, så få den på alle dine ved tørr hud, eksem, sår og skader, brannsår, solbrenthet, sprukne fingertupper, tørre leggar, etterbarbering og uendeleg mykje meir. Elsk på denne universalsalven! 🧡\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eNATTKREM! Favoritten over alle er TINDVED OG NESLE - regenererande nattkrem. Stappfull av supermat frå planter rik på vitamin C og A, samt masse anitoksidanter og heile spekteret av essensielle fettsyrer. Her får du altså det beste av det beste! Nyperose, tindved, granateple, nesle, hamp.. ja, her er det berre å nyte og kjenne kor godt det gjer å påføre denne smidige deilige saken, men og kor godt det gjer å få på slik supernæring som folk opplever effekt på alt frå kviser til rynker med. Den er altså perfekt om natta, men superduper når som helst, og eg brukar den i blant som dagkrem også (varierer med Ringblomstsalven). \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eRose og rødkløverskrubb 100 ml\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eRingblomstsalve 50 ml\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eTindved og Nesle 15 ml\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eSjå ingrediensliste under enkeltprodukt på sine respektive sider.\u003c\/p\u003e","brand":"Vossabia","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":42208072335536,"sku":"RIN50-TIN15-ROS100","price":564.8,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2130\/0477\/files\/perfekt-pakke-til-ansiktet-rens-dag-og-nattkrem-rin50-tin15-ros100-7792122.jpg?v=1773940626"},{"product_id":"renates-daglege-botaniske-ansiktpleie","title":"Renates botaniske ansiktsrituale","description":"\u003cp\u003e\u003cmeta charset=\"utf-8\"\u003e\u003cspan\u003eRenates daglege botaniske ansiktspleie gir deg næring, fukt, pleie, frukost og kveldsmat og alt du treng, meiner eg, til ein perfekt ansiktspleie kvar dag! Enkelt å bruke, dryge produkt, og med intenst mykje fantastisk frå naturen rett på huden! Hadet på badet til kviser og hudormer, tørrhet og rødhet, og jammen santen merker eg desse strammer min modne fine hud!\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Vossabia","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":42611381665968,"sku":"RIN50-AUG15-TIN50-LLA5","price":689.6,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2130\/0477\/files\/renates-daglege-botaniske-ansiktspleie-rin50-aug15-tin50-1272908.jpg?v=1773940627"}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2130\/0477\/collections\/ansiktspleie-1563455.png?v=1756156360","url":"https:\/\/vossabia.no\/collections\/ansiktspleie\/kamille.oembed","provider":"Vossabia","version":"1.0","type":"link"}