Julegåvepakke frå Vossabia

Julegåvepakke frå Vossabia

Er du enno ikkje i havn med årets gåver kan Vossabia kanskje freiste med parabenfrie og 100 % naturlege produkt for nyte og nytte! Og fri frakt på alle bestillinger ut året!

Til KjærestenKroppsskrubb, Sensuell og Leppepomade for gode kyss! 480,-
Til Friluftsdama/typenKuldekrem, Leppepomade! 235,-
Til FamilienRingblomstsalve, Kuldekrem, Panterbalsam! 425,-
Til SmåbarnsforeldreBabysalve, Ringblomstsalve, Kamillebalsam! 530,-
Til DamaRingblomstsalve, Augebalsam, Leppepomade! 385,-
Til MannenSensuell, Krydra honningskrubb, Ringblomstsalve! 625,-
Til velværespesialistenSitrus- og honningskrubb, Kamillebalsam, Augebalsam! 585,-
Til den sarteKamillebalsam, Bringebærhonning! 230,-
Til den villeSensuell, Sitrus- og honningskrubb! 435,-


 

Vossabia er lukkeleg etter ei fantastisk helg på Bergen Matfestival! Nye og spesielt gamle kundar gjorde opplevinga særs hyggeleg og minnerik :-) Tusen takk for alle spennande og fabelaktige tilbakemeldingar på produkta, det er verkeleg varmande og interessant å høyre korleis de brukar produkta og korleis dei fungerer på dykk! Skriv gjerne om eigne erfaringar på nettsida, facebook eller på epost :-)

Til alle som har fått med seg Honning med whisky heim vil eg tilrå ein deilig varm kopp med sjokolade. Bruk 70 % sjokolade, varm opp i to koppar melk, ha i 1 kanelstang, eit godt dryss med chillipulver og 1 ss Honning med whisky. Varm opp og la alt trekke godt i lag, og deretter NYT!


 
DSC_1817Kulturminister på bisafari hjå VossabiaKulturminister på spa og bisafari hjå Vossabia

Statsråd Anniken Huitfeldt vitja Vossabia for opplevingar der koplinga mellom natur og kultur stod i høgsetet.

I tordenskrall og striregn var det godt å starte innandørs i huset Kveldsro med eit naturleg minispa der roseskrubb, ryllikmaske og rødkløverfotbad var blant ingrediensane – alt innhausta frå Vossabias natureng. Biene har sanka pollen og nektar frå blomane, før kulturministeren fekk nyta dei same urtene i mjukgjerande og rensande hudprodukt – ekte fleirbruk!

Då sola titta fram vart det spennande besøk i bigården der me sjekka om biene hadde begynt å laga honning. Tusenvis av bier summa tett på oss, men fascinasjon var langt sterkare enn frykt for Vossabias gode gjester. Kulturministeren styrte røykpustaren og dei entusiastiske assistent-birøktarane oppdaga at ei ny dronning nyleg hadde vorte fødd.

I middelalderhuset Steffaloftet avslutta statråden besøket med lokal mat tredd på Vossaspyd og vakre tonar frå Rannveig Djønnes eigenkomponerte låtar for toradar. I skikkeleg vossaånd kopla me saman avsluttinga av Landskappleiken med ”ekstrem bisport” og utnytting av dei endelause ressursane som fins i den vakre naturen her – til mat, drikke, hud og helse.

Vossabia takkar for besøket!


 

Vi er stolte og glade over å presentere eit heilt nytt produkt for nye og trufaste kunder:


 

Vossabia inviterte deltakarar frå konferansen til ei sanseleg og augeopnande gardsoppleving med økoturismefokus.

Tema for dagen: Korleis ta i bruk dei ressursane og den lokale eigenarten som ligg i natur, kultur, bygningar og historie på vestlandske gardsbruk og nytte dei i verdiskaping, nye produkt, pakking av opplevingar, presentasjon og nytenking?

Takk for ein inspirerande dag saman med flotte og berikande gjester!


 
Side 2 av 512345

Looking for something?

Use the form below to search the site:

Still not finding what you're looking for? Drop a comment on a post or contact us so we can take care of it!

Vossabia er medlem av

© 2009 Vossabia - Konsept/uvikling/foto: Smistad Kommunikasjon Ltd.