På grunn av stor pågang har Vossabia no satt opp ein kveld til med Vinter-spa kurs! Fredag 12.2 kl 18-21 er det ny sjanse for ein aldeles suveren kveld med mykje moro, nytelse og velvære. Vil du bli med? Meld deg på ved å sende ein e-post til post@vossabia.no eller ring 99 79 29 98. Her er det førstemann til mølla

Heimelaga hudkrem
Midtvinters og sprengkulde! Ein dag på eit spa står sikkert øverst på mange si liste over livets store nytelser. Men kvifor vente til du kan dra på spa? Mange av dei velgjerande og helsebringande behandlingane du får på eit spa kan du faktisk nyte heime hjå deg sjølv, kvar dag. Det krev ikkje meir enn at du set av litt tid, lukker døra, slapper av og unner deg ein solid dose kroppsleg velvære.
Vossabia inviterer no til eit varmande og stimulerande spa-kurs! Det er kjempegøy å lage sitt eige spa med kun naturlege ingrediensar du lett får tak i på butikken. Vil du lære, leike og lage, for så å bruke gode spa-produkt av krydder, oljer, honning og frukt? Ansiktsmaske, skrubb og fotbad er nokre av dei deilige behandlingane vi skal gi oss sjølve, med eigenproduserte 100 % naturlege råvarer.
Bli med for å lære, blande og bruke dine eigne spa-produkt i Vossabias deilige hus Kveldsro. Når kvelden kjem er du herleg avslappa og har fått den mjukaste og mest velduftande hud
Kursavgift 550 kr, som inkl. kompendium med oppskrifter og tips. Førehandspåmelding, max 10 plasser.
Tek du toget frå Bergen kl. 16.10, kjem du akkurat i tide
Gå av på Bulken ca. 1722. Ta kontakt og bli henta, Bulken stasjon er kun 3 min frå Vossabia. Retur frå Voss kl 2048.
Det er også mogleg å overnatte i gjestehuset Kveldsro som har totalt 10 sengeplasser: Priser og booking
Påmelding:
Send ein epost til post@vossabia.no med navn, adresse og telefonnummer til dei du melder på.







Den grøne butikken, Voss
Hei.
Dette skulle eg gjerne vore med på men er altfor langt unna Bulken den kvelden
Håpar du får fullt hus og at du kanskje må sette opp ein ny kurskveld;-)
Lykke til.
Helsing Ingvild.
[Reply]
Tusen takk for den beste opplevnaden på lengre tid!!, vinter-spa kurset var ein suksess
Er imponert over kva du har fått til på garden.
Gleder meg til vår-spa kurset er igong??!!:) Eg er fyrste kvinne på lista:)
[Reply]
må berre hiva meg på komment. t kristin,tusen takk fø ein nydelig,deilig kveld!!verd kvar ei krona!!har og laga fleire av produkta heima til både meg sjølv og andre-stor suksess!!!!
[Reply]