Vossabia inviterte deltakarar frå konferansen til ei sanseleg og augeopnande gardsoppleving med økoturismefokus.

Tema for dagen: Korleis ta i bruk dei ressursane og den lokale eigenarten som ligg i natur, kultur, bygningar og historie på vestlandske gardsbruk og nytte dei i verdiskaping, nye produkt, pakking av opplevingar, presentasjon og nytenking?

Takk for ein inspirerande dag saman med flotte og berikande gjester!