Statsråd Anniken Huitfeldt vitja Vossabia for opplevingar der koplinga mellom natur og kultur stod i høgsetet.
I tordenskrall og striregn var det godt å starte innandørs i huset Kveldsro med eit naturleg minispa der roseskrubb, ryllikmaske og rødkløverfotbad var blant ingrediensane – alt innhausta frå Vossabias natureng. Biene har sanka pollen og nektar frå blomane, før kulturministeren fekk nyta dei same urtene i mjukgjerande og rensande hudprodukt – ekte fleirbruk!
Då sola titta fram vart det spennande besøk i bigården der me sjekka om biene hadde begynt å laga honning. Tusenvis av bier summa tett på oss, men fascinasjon var langt sterkare enn frykt for Vossabias gode gjester. Kulturministeren styrte røykpustaren og dei entusiastiske assistent-birøktarane oppdaga at ei ny dronning nyleg hadde vorte fødd.
I middelalderhuset Steffaloftet avslutta statråden besøket med lokal mat tredd på Vossaspyd og vakre tonar frå Rannveig Djønnes eigenkomponerte låtar for toradar. I skikkeleg vossaånd kopla me saman avsluttinga av Landskappleiken med ”ekstrem bisport” og utnytting av dei endelause ressursane som fins i den vakre naturen her – til mat, drikke, hud og helse.
Vossabia takkar for besøket!









Den grøne butikken, Voss
Vossaspyd…… I love it!!!!! Så bra at – ser ut som at Vethe tunet er det stedet du får allerede Vossaspyd som en fast matrett på menyen! gratulerer – håper at flere steder i kommunen vil tre gode ting på spyd! som du skriver, mulighetene finnes det mange av og mange ressurser som kan brukes for å få til DEN spydopplevelsen…
Lykke til videre – Vossabia skal ha en god sommer! (med masse honning i kubene etterpå…. masse honning.. mmhhhhhhh)
[Reply]