Vossabia er ei lita familie- og gardsbedrift på Vethe i Voss. Me er ramma inn av vakre fjell og unikt kulturlandskap, og med bier som summer omkring i ein rik vill flora, lever me tett på og i samspel med naturen. Me driv med birøkt fordi me bryr oss – og naturens råvarer er essensen i dei sanseopplevingane me tilbyr.
Vårt konsept er naturleg vælvere og pleie – innvendig og utvendig.

Me trur tida er inne for å lande, for å omgje seg med, og påføre seg, det ekte og naturlege. Det er då kropp og sjel, hud og hår, syng av vitalitet, glød, indre og ytre velvære.
Renate Lunde
Dagleg leiar







Den grøne butikken, Voss
Mangeårig brukar av både hudprodukt og honning.Dei er dei beste produkt ein kan få,har hatt problem med å finna kremar eg tåler i mange år,no har eg funne dei.Anbefaler dei til alle.Flott nettside.
[Reply]
Gler oss til å komme innom dokke om ca 31 timar – i lag med Fagforumet IPT. Fleire spørsmål og kommentarar kjem vel då.
[Reply]